Avdelingsdirektør

5 days ago


Oslo, Oslo County, Norway Kultur- og likestillingsdepartementet - Norge Full time
Om stillinga

Kultur- og likestillingsdepartementet (KUD) søkjer ein engasjert avdelingsdirektør til seksjonen som i dag har ansvar for fagområda litteratur, språk, samiske saker, nasjonale minoritetar, inn- og utførsel av kulturgjenstandar og lover under avdelinga sitt område, t.d. arkivlova, pliktavleveringslova, språklova, boklova og stadnamnlova. Seksjonen har ansvar for etatsstyring av Språkrådet og Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje.

Som avdelingsdirektør vil du ha det overordna ansvaret for å leie og utvikle seksjonen, som består av ti dyktige medarbeidarar. Du vil spele ei sentral rolle i å forme og implementere regjeringa sin politikk på fagfeltet til seksjonen, og du vil samarbeide tett med både politisk og administrativ leiing i departementet.

Du vil ha personalansvar, noko som inneber å motivere og utvikle medarbeidarane dine og sikre at seksjonen leverer høg kvalitet på oppgåvene sine.

Avdelingsdirektøren er med i leiargruppa i avdelinga og rapporterer til ekspedisjonssjefen, som er øvste leiar for avdelinga.

KUD er eit relativt lite departement prega av mykje offentleg merksemd kring sakene våre. Ansvarsområda er viktige for samfunnet, og arbeidskvardagen kan vere hektisk. Du vil bli del av eit vitalt og tverrfagleg miljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar.

Arbeidsoppgåver
  • leie, organisere og følgje opp arbeidet i seksjonen
  • ha resultatansvar for oppgåtene i seksjonen
  • ha personalansvar for dei tilsette i seksjonen
  • utvikle fagområda og medarbeidarane
  • bidra aktivt inn i avdelingas leiargruppe og til å utvikle heile avdelinga
  • samarbeide med den politiske og administrative leiinga i departementet og bidra til å utforme og setje regjeringa sin politikk på fagområda ut i livet
Det er viktig at du er fleksibel og open for endringar i porteføljen, og at du kan samarbeide på tvers av seksjonar og avdelingar.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter ein leiar som evnar å motivere og inspirere medarbeidarane sine, og som er ein god relasjonsbyggjar. Du må vere handlekraftig, kreativ og løysingsorientert, ha evne til analytisk og strategisk tenking og kunne utvikle felta seksjonen har ansvar for. Stillinga krev at du er administrativt ryddig og forstår rolla som leiar i eit departement. Det inneber at du òg har god forvaltningskompetanse og forstår politiske prosesser.

Du Må Ha
  • høgare utdanning på mastergradnivå
  • god forståing av forholdet mellom politikk og forvaltning, og av embetsrolla
  • god munnleg og skriftleg formidlingsevne
  • gode leiareigenskapar
Det Er Ein Fordel Om Du Har
  • relevant leiarerfaring
  • erfaring frå offentleg verksemd, fortrinnsvis frå eit departement
  • innsikt i fagområda til seksjonen og kunnskap om lov- og regelverksarbeid
Personlege Eigenskapar

Vi ser etter ein leiar som
  • har motivasjon og interesse for leiing
  • har gode evner til å organisere arbeidet, delegere og sørgje for framdrift og gode leveransar til rett tid
  • er initiativrik, utviklingsorientert og har gjennomføringsevne
  • skapar samarbeidskultur i seksjonen og på tvers i organisasjonen
  • har godt humør og er ein lagspelar
Vi vil leggje vekt på om du er personleg eigna til stillinga og kva motivasjon du har for stillinga og arbeidsområdet.

Stillinga er eit embete, og du må difor vere norsk statsborgar for å bli tilsett. Den som blir tilsett i stillinga må kunna klarerast for tilgang til informasjon gradert HEMMELIG etter sikkerhetsloven.

Vi brukar bakgrunnssjekk frå Semac i rekrutteringsprosessane våre, og godkjend bakgrunnssjekk er ein føresetnad for tilsetjinga.

Arbeidsavtalen vil innehalde ein klausul om mogleg karantene og saksforbod ved overgang til ny stilling utanfor staten.

Vi tilbyr

Kultur- og likestillingsdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø med engasjerte, kompetente og resultatorienterte medarbeidarar. Kvardagen er prega av varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggjeleg og uformelt arbeidsmiljø. Du vil få brukt kunnskapane dine i samarbeid med andre, og gjennom oppgåveløysing får du høve til å halde deg fagleg oppdatert.

Vi held til i trivelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse. Vi har òg eit eige introduksjonsprogram for nytilsette.

Du vil bli innplassert som avdelingsdirektør i stillingskode 1218 med ei brutto årsløn frå 1 000 000 kroner til 1 200 000 kroner. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vere aktuelt.

Som leiar hos oss får du ansvar for spennande og fagleg utfordrande arbeids- og leiaroppgåver, og du får ei aktiv rolle i å leie og utvikle avdelinga. Du må vere fleksibel og kunne bidra i nye eller endra oppgåver.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi meiner at mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse og livserfaring og ulike fagkombinasjonar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre.

Kultur- og likestillingsdepartementet har som mål å tilsetje fleire personar frå underrepresenterte grupper. Les meir om krava for positiv særbehandling på Arbeidsgiverportalen.

Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har særskilde behov. Aktuelle tiltak kan til dømes vere å skaffe tekniske hjelpemiddel, tilpasse møblar eller endre rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Offentleg søkjarliste og kontakt

Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.

Vil du ha meir informasjon om stillinga, kan du ta kontakt med Erik Saglie på telefon +47 95 99 58 23, eller på e-post til erik.saglie@kud.dep.no

Om avdelinga

Kulturvernavdelinga består av to seksjonar og har ansvar for politikkområda arkiv, bibliotek, museum, visuell kunst, litteratur, språk, kulturbygg, immateriell kulturarv, inn- og utførsel av kulturgjenstandar, samiske saker og krigsgravtenesta.

Ansvaret omfattar mellom anna styring av Nasjonalbiblioteket, Arkivverket, KORO (Kunst i offentlege rom), Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje og Språkrådet.
#J-18808-Ljbffr

  • Oslo, Oslo County, Norway Nav Oslo Full time

    Avdelingsdirektør arbeidsliv Ytelsesavdelingen, NAVSøk på stillingen (i ny fane)Om stillingenVi søker avdelingsdirektør til tjenesteenhet arbeidsliv i Ytelsesavdelingen. Ytelsesavdelingen i Arbeids- og velferdsdirektoratet forvalter alle folketrygdens ytelser og har totalansvaret for fagutvikling, digital utvikling, regelverksutvikling, implementering...


  • Oslo, Oslo County, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Byggmakker Norge AS søger etter en dyktig leder til rollen som avdelingsdirektør for bruksfinansiering. Hvis du er interessert i å være en del av et solid og kunnskapsdelende fagmiljø, så er dette chansen for deg!Stillingen innebærer å fungere som ansvarlig for bompengesaker og å bidra til fremtidens løsninger innenfor transportsystemet. Du vil...

  • Avdelingsdirektør

    2 weeks ago


    Oslo, Oslo County, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Spennande leiarstilling i kulturvernavdelingaKultur- og likestillingsdepartementet (KUD) søkjer ein engasjert avdelingsdirektør til seksjonen som i dag har ansvar for fagområda litteratur, språk, samiske saker, nasjonale minoritetar, inn- og utførsel av kulturgjenstandar og lover under avdelinga sitt område, t.d. arkivlova, pliktavleveringslova,...


  • Oslo, Oslo County, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Om stillingen:">Vi søker en erfaren leder til stillingen som Avdelingsdirektør for kystseksjonen i Nærings- og fiskeridepartementet. Stillingen innebærer å lede og koordinere seksjonens arbeid, derav blir det viktig å kunne dele ansvaret på en balansert måte mellom seksjonens medarbeidere. Fokus ligger på å sikre at seksjonen driver sine oppgaver...


  • Oslo, Oslo County, Norway TN Norway Full time

    Avdelingsdirektør Prosjekt og utvikling, OsloVi søker etter deg som vil være med å lede og utvikle en av Norges største og mest varierte prosjektporteføljer. Hos oss vil du få særskilt ansvar for styring og utvikling av forsvarssektorens investeringsportefølje innen eiendom, bygg og anlegg (EBA). Forsvarsbygg er Norges største offentlige...


  • Oslo, Oslo County, Norway Nav Oslo Full time

    Fremragende arbeidsmuligheterVed NAV Oslo finner du fremragende arbeidsmuligheter for deg som ønsker å utvikle dine faglige kunnskaper og din karriere.Enheten hvor du vil jobbe er nyopprettet som følge av omorganisering, og vi søker nå en avdelingsdirektør til å lede denne enheten.Levekar og trivselMulighet for en time fysisk aktivitet i arbeidstiden...


  • Oslo, Oslo County, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Interessert i næringsliv, politikk og eierskap? Søk lederjobb i Eierskapsavdelingen.Det er få steder du vil få bedre anledning til å være så tett på viktige norske selskaper, hvor du kan lære om og bidra til god eierstyring, selskapsledelse og politikkutforming som i Eierskapsavdelingen. Her vil du arbeide med dyktige og motiverte kollegaer med...


  • Oslo, Oslo County, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Vi søker en strategisk og erfaren avdelingsdirektør til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementets (DFD) avdeling for digitaliseringspolitikk. Avdelingsdirektøren skal lede og utvikle en nyopprettet seksjon med en oppgaveportefølje som har stor betydning for samfunnsutviklingen, seksjon for utvikling, styring, og samordning.Digitaliseringsstrategien...


  • Oslo, Oslo County, Norway Vegvesen Full time

    Styre avdelingens tilsynsarbeid overfor bompengeselskapeneKompetanse og erfaringDu er leder i dag, eller ønsker å utvikle deg til å bli en samfunnsengasjert og motiverende leder for et spennende kompetansemiljø.Om Statens vegvesenStatens vegvesen leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger,...


  • Oslo, Oslo County, Norway Jefferson Wells ManpowerGroup Full time

    Er du en erfaren leder som ønsker å bidra til gode økonomi- og styringsprosesser i Nav?Vi søker avdelingsdirektør til seksjon for strategi og etatsstyring. Seksjonen er plassert i økonomi- og styringsavdelingen som blant annet har ansvar for styringsdialogen med Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Lederrollen er spennende, utfordrende og...


  • Oslo, Oslo County, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Vi ser etter deg som ønsker en utfordrende, framtidsrettet og interessant lederstilling i Myndighet og regelverk i Statens vegvesen. Vi har ledig stilling som avdelingsdirektør for Avdeling brukerfinansiering.Statens vegvesen er i sterk utvikling hvor vi tenker nytt og løser vårt samfunnsoppdrag på nye måter. Vi har ansvar for alt regelverk for...


  • Oslo, Oslo County, Norway TN Norway Full time

    Avdelingsdirektør styring og økonomi, OsloStatens lånekasse for utdanning (Lånekassen)Vi søker ny leder til Stab for styring og økonomi i Lånekassen. Lånekassen gjør utdanning mulig og betaler ut over 38 milliarder kroner i støtte i året. Som leder av staben skal du sikre at pengestrømmer og virksomhet håndteres på en sikker og god måte, og...


  • Oslo, Oslo County, Norway Capus AS Full time

    Vi søker en strategisk og samlende leder til en nyopprettet stilling i Arbeids- og velferdsdirektoratet. Som avdelingsdirektør får du ansvaret for kontrollvirksomheten, medlemskapsområdet og fellesfunksjoner (systemer / plattformtjenester) på tvers av ytelsesområdet. Enheten skal understøtte arbeidet i de andre tjenesteenhetene og har som mål å...

  • Avdelingsdirektør

    17 hours ago


    Oslo, Oslo County, Norway Oslo University Hospital Full time

    Vi søker etter en dyktig og engasjert leder som kan bidra til å utvikle Oslo universitetssykehus videre. Som avdelingsleder vil du ha ansvaret for å sikre beste mulig kvalitet i pasientbehandlingen og å sørge for gode pasientopplevelser og hensiktsmessige pasientforløp i egen avdeling.Tiltredningen dine skal gi os den nødvendige impuls til å kunne...


  • Oslo, Oslo County, Norway Nav Oslo Full time

    Nav Oslo søker din kompetanse!Som ansvarlig fagdirektør vil du lede arbeidet med å utvikle og implementere nye strategier for ytelsesområdet. Dette inkluderer å jobbe tett med andre ledere og ekspertene i området for å sikre at vi lever opp til våre mål. AnsvarsområdeVed denne ansatte posisjonen har du ansvaret for: • Å utvikle og implementere...


  • Oslo, Oslo County, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Tekniske ferdigheter og kompetenserDu vil bli en sentral nøkkel til å finne frem til nye løsninger og strategier i kombinasjon med gamle metoder og retoriske effektiviteter. For å nå målene dine blir det veldig nyttig å vite hvordan du skal opprettholde åpenhet, samt utenfra nevene godt informert.I din lederrolle har du mulighet til å sette krav til...


  • Oslo, Oslo County, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Det er stor interesse fra offentlige og private aktører om å bidra til å formidle og utnytte kunnskapene og kapasiteten ved Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. For å nå disse målene søker vi etter en kompetent person som kan fungere som leder i avdeling for digitaliseringspolitikk. Målsettingen vår er å opprettholde et sterkt team som...


  • Oslo, Oslo County, Norway Vegvesen Full time

    Krav til søknadenFyll ut feltene «Utdannelse» og «Arbeidserfaring» og last opp relevante vitnemål og eventuelle attester. Tester og bakgrunnssjekk: Vi bruker arbeidspsykologiske tester for å vurdere kandidaters egenskaper, ferdigheter og egnethet for stillingen. Disse testene bidrar til å sikre en rettferdig og objektiv vurdering av alle kandidater.


  • Oslo, Oslo County, Norway Capus AS Full time

    Capus AS søker etter en erfaren leder som kan styre og styrke ytelsesavdelingen i kontroll og fellesfunksjoner. Som avdelingsdirektør vil du være ansvarlig for å lede og utvikle enheten, samt sikre at alle fungerer sammen som et team.RollenLede og utvikle enheten – sikre effektiv organisering og forretningsutvikling av fagområdenePersonalsaker,...


  • Oslo, Oslo County, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Vi søker en erfaren leder som kan føre avdeling for digitaliseringspolitikk framover.Digitaliseringspolitikken har stor påvirkning for samfunnet, og det er viktig å ha en strategi for hvordan vi skal nå frem til våre mål. Som avdelingsdirektør vil du være sentral i å styre dette arbeidet.Det er flere ansvarsområder som følger med...