Stipendiat i religionsvitskap

12 hours ago


Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time
UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i religionsvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Velkomen som søkjar til ei stipendiatstilling i religionsvitskap med fokus på oldtidas religionar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Planlagd oppstart er 1. januar 2026, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

Stipendiatstillinga er øyremerka til eit ph.d.-prosjekt om sterkt, individuelt engasjement i tidleg kristen apokryf litteratur og martyrberetningar frå andre til fjerde århundre etter vår tidsrekning, samt modellar og ideal for martyranes religiøse engasjement.

Stillinga er ei av dei første av fleire stillingar som vert utlyst i samband med RADHEART-prosjektet. Stipendiaten vil dimed bli ein del av ei tett samarbeidande forskingsgruppe som arbeider med individuelt engasjement i radikal eldre religion, og eit stort og dynamisk forskingsmiljø ved instituttet som fokuser på oldtida. Stipendiatane vil få sjansen til å samhandle med toppforskarar på feltet og reise på konferansar og forskingsopphald.

Om RADHEART-prosjektet
RADHEART: Radical Habits of the Heart: Emotions, Embodiment, and Strong, Individual Commitment in Ancient Religions, er eit ERC Consolidator Grant leia av Laura Feldt.

Prosjektet fokuserer på rolla kjensler og kropp spelar i sterkt, individuelt engasjement i oldtida. Prosjektet undersøker korleis kjenslemessig intense og sterke religiøse engasjement (dvs. radikale hjartevanar) er uttrykt og kultivert i jødiske og kristne formative tradisjonar på tvers av dei tre aksane tekstualitet, medialitet, og praksis, frå det 6. århundre fvt. til det 6. århundre evt. Prosjektet fremmer eit nyskapande teoretisk rammeverk som kombinerer religionsestetikk, erfaringsorientert antropologi og framoverretta filologi. Forskingsgruppa vil bruke perspektiv frå religionsestetikk, opplevingsorientert antropologi og framoverretta filologiske metodar.

Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga

Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er fire år, der to- og eit halvt år er sett av til arbeid med sjølve doktorgradsprosjektet, medan eit år av tida blir nytta til anna, karrierefremjande arbeid knytt til undervising, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Ph.d.-programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som til saman utgjer eitt semester. Dei resterande seks månadane er sett av til denne opplæringsdelen.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
  • Søkjar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan religionsvitskap / religionsstudium / religionshistorie eller nærliggande og relevant fag eller fagfelt. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut.
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.
  • Søkjar må kunne arbeide med kjelder på originalspråket, som vil vere latin og eventuelt gresk.
Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.

Søkjaren må ha gjennomført sjølvstendig forskingsarbeid under rettleiing. Dette arbeidet skal normalt bestå av ei masteroppgåve på minimum 30 studiepoeng. Søkjaren må som hovudregel ha minimum karakteren B eller tilsvarande på det sjølvstendige forskingsarbeidet.

Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, samt ein framdriftsplan for prosjektet. Prosjektskissa (om lag 5 sider) må vere i samsvar med måla til RADHEART-prosjektet og forholde seg til prosjektet sine hypotesar, teoriar og metodar.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Vi tilbyr
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Bruttoårsløn på kr 560 000 i full stilling (kode 1017). Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.
Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. Søknaden skal innehalde:
  • Prosjektskisse (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellomrom, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, etiske aspekt og ein tidsplan for gjennomføring.
  • Søkjarar må utforme prosjektet sitt som eit bidrag til det større forskingsprosjektet RADHEART og forholde seg til hypotesane, teoretiske perspektiv og metodar i RADHEART-prosjektet.
  • Litteraturliste for prosjektskissa.
  • Framdriftsplan for prosjektet som inkluderer karrierefremjande arbeid og opplæringsdelen. Merk at framdriftsplanen må ta omsyn til at sjølve avhandlinga skal kunne bli fullført innanfor ein tidsramme på 2,5 år.
  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • CV.
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer oppgåva sitt omfang i ECTS.
  • Dokumentasjon på ferdigheiter i latin og, dersom relevant, gresk.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar (inntil tre).
  • Relevante attestar.
Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Andre opplysningar

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte leiar for RADHEART-prosjektet, førsteamanuensis Laura Feldt, e-post: laura.feldt@uib.no, eller instituttleiar og professor Teemu Sakari Ryymin, e-post: teemu.ryymin@uib.no, telefon: +47 55 58 38 79.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla.
#J-18808-Ljbffr

  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time

    Universitetet i Bergen (UiB) søker en dyktig forsker til stillingen som Stipendiat i religionsvitskap. Som stipendiat vil du være en del av Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap og arbeide med et ph.d.-prosjekt om eldre jødisk apokalyptisk og profetisk litteratur.Stillingen er en av flere som blir utlyst i samband med...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time

    Kvalifikasjonar og erfaringFor å kvalifisere til denne stillingen må du ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan religionsvitskap / religionsstudium / religionshistorie eller nærliggande og relevant fag eller fagfelt. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Dette kan inkludere norske...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time

    Om stillingenTilbudet gjer det mulig å søkje til ei stipendiatstilling i religionsvitskap med fokus på oldtidas religionar ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Stillinga er øyremerka til eit ph.d.-prosjekt om sterkt, individuelt engasjement i tidleg kristen apokryf litteratur og martyrberetningar frå andre til fjerde...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time

    Førsteamanuensis i nordisk yngre jernalderarkeologi er en nøkkelposisjon ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) på UiB.Til stillingen søker vi etter en kvalifisert og motivera person som har interesse i forsking og undervisning innenfor arkeologi og kulturhistorie.Stillingen gir deg store muligheter for å utvikle dine...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time

    Samspel og nasjonal og internasjonal rekryteringVed Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap tilbyr vi et frikjøpt miljø der du har mulighet til å deltage i forskningsprosjekter og forske sammen med kollegaer. Ved UiB ønsker vi å fremme mangfold og likestilling, og trur på evnen din til å bli en del av teamet vårt.


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Fra Høgskulen på Vestlandet søker vi etter en motivert og dyktig stipendiat til å jobbe med prosjektet SARHA - Samordnet datadrevet rehabilitering etter hjerneslag. Prosjektet skal sammenstille og vise samvariasjon mellom fysisk funksjon og psykologiske og sosiale forhold i en digital tvilling som følger rehabiliteringsforløpet.Vi søker etter en...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time

    Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) søger nå en dyktig førsteamanuensis i nordisk yngre jernalderarkeologi.Til stillingen søker vi etter en kompetent og engasjerte person som ønsker å bidra til vår forskning og undervisning innenfor arkeologi og kulturhistorie.Vi tilbyr:En interessant og utfordrende jobb med stor...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time

    Samspel og kommunikasjonMenneskelige tilknytninger og samarbeidssaker er ofte viktige faktorer når man søker jobb i en akademisk miljö. Här försöker vi lyfta fram de personliga egenskaperna och förmågor som är relevanta för den sökta rollen. Vi vill att våra medarbetare ska ha goda samarbeidsevner, være förmögna att ta ansvar och vara...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetVår universitet er et sterkt og tett samspel med omverda, globalt, nasjonalt og lokalt. Vi skal medverke til et samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Følgende stilling åpent: Førsteamanuensis i nordisk yngre jernalderarkeologi ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)Vi...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time

    Vi søker etter en dynamisk og kompetent førsteamanuensis til stilling som førsteamanuensis i nordisk yngre jernalderarkeologi ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR).Stillingen innebærer å lede forskningsprosjekter, undervise og rettleia studentar, samt å delta i instituttets administrasjon og formidling.I tillegg...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Vi søker etter en innsatt og motiverende person til stillingen som stipendiat ved Fakultet for helse- og sosialvitskap. Stillingen gir deg anledning til å deltage i forskning på forsknings- og innovasjonspolitikk og å utvikle dine faglige kompetanser.Fagmiljøet vår består av en gruppe dedikerte og kompetente forskere som er opptatt av å gjøre...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Stipendiat innen fagområde helsetjenesteinnovasjonHøgskulen på Vestlandet (HVL) er en av de største høgskolene i landet, med om lag 1 800 ansatte og 16 000 studenter fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innen helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi,...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Full time

    Bli en del av et sterkt fagmiljø ved Institutt for samfunnspsykologi og utforske hvordan vi kan møte psykiske helsebehov hos befolkningen i Gaza. Som stipendiat vil du være ansvarlig for å implementere Problem Management+-intervensjonen, som hjelper lokale hjelpearbeidarar med å gi psykososial hjelp til innbyggerne i Gaza.Du vil arbeide tett med...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Vi søker etter deg som ønsker å bli del av vårt forskningsmiljø!Forskningsgruppen Sammenlignende tjenesteforskningGruppen leder for tiden flere store forskningsprosjekter og mottok HVL sin forskningspris for 2023. Du får omfattende ferdighetstrening i tillegg til praksis, blant annet gjennom øvelser i kommunikasjon og utprøving ved et avansert...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Vi søker etter en dyktig stipendiat til å jobbe med prosjektet SARHA - Samordnet datadrevet rehabilitering etter hjerneslag. Prosjektet vil sammenstille og vise samvariasjon mellom fysisk funksjon og psykologiske og sosiale forhold i en digital tvilling som følger rehabiliteringsforløpet.For å bli stipendiat her, må du ha en mastergrad fra en norsk...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Høgskulen på Vestlandet søker en kandidat til en stilling som stipendiat til å jobbe på et ph.d.-prosjekt innenfor forskningsområdet «Innovasjon i offentlig sektor».Krav til kvalifikasjoner:Relevant mastergrad i samfunnsfag, helse- og sosialfag eller humaniora.Opptak til doktorgradsprogrammet krever karakteren B eller bedre på masteroppgaven og gode...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Ved Høgskulen på Vestlandet søker vi en stipendiat med erfaring fra samfunnsfaglig forskning. Du skal være en del av forskergruppen Sammenlignende tjenesteforskning og være ansatt som stipendiat.Krav til kvalifikasjoner:Relevant mastergrad i samfunnsfag eller helse- og sosialfag.Gode språkkunnskaper i et skandinavisk språk og engelsk.Erfaring med...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time

    Til takkeEtter en saksfortsatt diskusjon og et mulig intervju vil du bli informert om eventuelle endringer av bestillingsperioden og hvem som blir valgt før alle andre kvalifikerte kandidater. Dersom dette interesserer deg, betrakter vi slik en fordeler og verdsatter så mye dine argumenter om farelene mot behandlingen av handlinger under streng sekretess...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Senter for omsorgsforskning, vest søker etter en dyktig stipendiat til tverrfaglig forskningsgruppe. Som stipendiat vil du være en viktig del av vårt arbeid med å utvikle nye måter å studere og forske på helse-, velferds- og omsorgstjenesteforskning.Jobben innebærer å arbeide sammen med andre stipendiater og forskere på et spennende prosjekt som...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time

    Om stillingenVår institutt søker nå en stipendiat i arkeologi for å delta i forskning innenfor norsk middelalderhistorie. Stillingen er knyttet til den tverrfaglege forskargruppa Middelalderhistorie – Religion og Hverdagsliv.Kvalifikasjonene våre krav handler om at du har norsk mastergrad eller tilsvarende utenlandsk grad innen arkeologi. Du må også...