
Helsesjukepleiar
3 days ago
Bergen, Vestland, Norway
Luster kommune
Full time
Luster Helsestasjon er ein del av eininga Helse og held til på Helsesenteret i Gaupne. Tenesta har brei kompetanse med helsesjukepleiarar, jordmor og lege. I tillegg er fysioterapeut og psykolog knytt til tenesta. Helsestasjonen er samlokalisert med psykisk helse/rus, legetenesta og fysio/ergo. Planlegging av nytt Helse- og omsorgssenter med samlokalisering av fleire tenester er i gang.
- Luster kommune har frå 26.03.2025 ledig 100 % vikariat som helsesjukepleiar knytt til helsestasjon- og skulehelsetenesta. Vikariatet er i utgangspunktet ut året, men med mogelegheit for fast tilsetjing.
Kvalifikasjonar
- Off. godkjend sjukepleiarutdanning med vidareutdanning i helsesjukepleie
- Sjukepleiarar kan bli vurderte som aktuelle i fråvær av kvalifiserte søkarar
- Gode norsk kvalifikasjonar, både munnleg og skriftleg
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar
- Verdsetje andre sin kompetanse og bidra inn i eit fagleg fellesskap
- IKT kompetanse og kjennskap til fagprogrammet Win Med er ein fordel
Andre opplysningar
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit