Avdelingsleiar for globalt samarbeid
3 weeks ago
Har du lyst å leie kunnskapsmedarbeidarar i ein internasjonal kontekst?
Avdelingsleiar for globalt samarbeidSøk stillinga
Om stillinga og avdelingaVi lever i ei uroleg verd. Internasjonalt samarbeid er viktigare enn nokon gong. Vi søkjer ein trygg og utviklingsretta leiar til avdeling for globalt samarbeid. Avdelinga har eit særskilt ansvar for å fremje og leggje til rette for ansvarleg internasjonalt kunnskapssamarbeid med prioriterte land utanfor EU/EØS. Stillinga er ledig frå 15. august 2025, og arbeidsstaden vil vere Bergen.
Avdeling for globalt samarbeid har 18 dyktige medarbeidarar, og er plassert i Divisjon for høgare utdanning og forsking. Avdelinga forvaltar verkemidlar og kunnskap som fremjar globalt samarbeid i norsk høgare utdanning. Ansvaret for å styrke Noreg som samarbeids- og studieland ligg også til avdelinga.
Som avdelingsleiar har du ansvar for å leggje til rette for samarbeid internt i avdelinga og i HK-dir, og med eksterne partnarar. Samarbeid med departement, oppdragsgjevarar, universitet og høgskular og utvikling av strategiske nettverk både nasjonalt og internasjonalt er viktige oppgåver. Som avdelingsleiar vil du vere ein del av leiargruppa i divisjonen, og reiseverksemd må påreknast.
Vi legg vekt på at du er samarbeidsorientert og god til å bygge relasjonar. Du gir medarbeidarane dine tillit, samtidig som du motiverer og rettleier dei. I tillegg er du løysingsorientert og god til å organisere arbeidet slik at avdelinga når sine strategiske mål. Du må kommunisere godt, internt og eksternt, og på tvers av sektorar, forvaltningsnivå og kulturar.
KvalifikasjonerDu må ha:
- relevant høgare utdanning på masternivå
- erfaring frå relevant internasjonalt arbeid, fortrinnsvis innafor kunnskapssektoren og/eller diplomati
- erfaring frå sjølvstendig og strategisk arbeid
- erfaring frå offentleg forvaltning
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Du bør ha:
- leiarerfaring
- kjennskap til og/eller erfaring frå høgare utdanningssektor i Norge og/eller i utlandet
- kunnskap og/eller erfaring frå land utenfor EU/EØS/Sveits
- god organisasjonsforståing
- god forståing for roller og arbeidsdeling i fagleg/politisk kontekst
- spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
- løn i lønsspennet kroner 850 000 til 1.000.000 etter kvalifikasjoner
- eit sosialt og godt arbeidsmiljø
- fleksibel arbeidstidsordning
- trening i arbeidstida inntil 2 timar i veka
- medlemskap i Statens pensjonskasse med trekk på to prosent av løn til lovfesta innskot
I HK-dir trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne enda fleire gode løysningar på våre oppdrag. Vi oppmodar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan du verte positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgjevarportalen. Avkryssing i Jobbnorge gir grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Offentleg søkjarlisteVi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om søkjaren sjølv ber om ikkje å verte ført opp på søkjarliste, jf. Offentleglova. Søkjaren vert i så tilfelle informert om dette på førehand.
Søknad og CVFor å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere søknad og utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Vi oppmodar deg om å gi tilgang til vitnemålsportalen.
KontaktpersonNamn: Ragnhild Tungesvik
e-post: ragnhild.tungesvik@hkdir.no
telefon: 950 25 153
Om HK-dirDirektoratet for høgre utdanning og kompetanse (HK-dir) har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltingsoppgåver innan høgre utdanning, høgre yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla. Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrkje det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar.
Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.
Les meir om HK-dir her. Vi har kontor i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim.
Spørsmål om stillingaRagnhild Tungesvik
Divisjonsdirektør
+4795025153
ragnhild.tungesvik@hkdir.no
Søknadsfristapril 2025
ArbeidsgivarDirektoratet for høyere utdanning og kompetanse
KommuneBergen
OmfangHeiltid (1 stillingar) Heiltid (%)
VarigheitFast
ArbeidsstadFortunen 1, 5013 Bergen
#J-18808-Ljbffr-
Avdelingsleiar for globalt samarbeid
2 weeks ago
Bergen, Vestland, Norway Hkdir Full timeJoin to apply for the Avdelingsleiar for globalt samarbeid role at The Directorate for Higher Education and Skills1 week ago Be among the first 25 applicantsJoin to apply for the Avdelingsleiar for globalt samarbeid role at The Directorate for Higher Education and SkillsGet AI-powered advice on this job and more exclusive features.Har du lyst å leie...
-
Avdelingsleiar for globalt samarbeid
1 week ago
Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full timeHar du lyst å leie kunnskapsmedarbeidarar i ein internasjonal kontekst?Vi lever i ei uroleg verd. Internasjonalt samarbeid er viktigare enn nokon gong. Vi søkjer ein trygg og utviklingsretta leiar til avdeling for globalt samarbeid. Avdelinga har eit særskilt ansvar for å fremje og leggje til rette for ansvarleg internasjonalt kunnskapssamarbeid med...
-
Avdelingsleiar for Global Samarbeid
3 days ago
Bergen, Vestland, Norway beBee Careers Full timeSom Avdelingsleiar for globalt samarbeid har du ansvar for å legge til rette for samarbeid internt i avdelinga og i HK-dir, og med eksterne partnarar.Du vil jobbe tett sammen med departement, oppdragsgjevarar, universitet og høgskular, og være del av leiargruppa i divisjonen.Vi søker etter deg som er samarbeidsorientert og god til å bygge relasjonar,...
-
Globalt Samarbeidsleder
3 days ago
Bergen, Vestland, Norway beBee Careers Full timeVi søker etter en dyktig og erfaren leder til stillingen som Avdelingsleiar for globalt samarbeid.Stillinga innebærer ansvar for å fremme og legge til rette for ansvarleg internasjonalt kunnskapssamarbeid med prioriterte land utenfor EU/EØS.Vi vil ønske deg som søker har relevant høgare utdanning, erfaring fra internasjonalt arbeid og gode...
-
Globalt Samarbeid Ledigstilling
1 week ago
Bergen, Vestland, Norway beBee Careers Full timeJobbeskrivelse:">We søker etter en samarbeidsorientert og strategisk ledere til å lede avdeling for globalt samarbeid. Du vil være ansvarlig for å legge til rette for samarbeid internt i avdelinga og i HK-dir, samt med eksterne partnarar.">Oppgaver:">">Samarbeide med departement, oppdragsgjevarar, universitet og høgskular">Utvikle strategiske nettverk...
-
Global Utviklingsleder
3 days ago
Bergen, Vestland, Norway beBee Careers Full timeSom Avdelingsleiar for globalt samarbeid har du ansvar for å styrke Noreg som samarbeids- og studieland, og fremja globalt samarbeid i norsk høgare utdanning.Du vil jobbe tett sammen med departement, oppdragsgjevarar, universitet og høgskular, og være del av leiargruppa i divisjonen.Vi søker etter deg som er samarbeidsorientert og god til å bygge...
-
Internasjonalt Samarbeidskoordinator
3 days ago
Bergen, Vestland, Norway beBee Careers Full timeVi søker etter en kvalifisert leder til stillingen som Avdelingsleiar for globalt samarbeid.Stillinga innebærer ansvar for å fremme og legge til rette for ansvarleg internasjonalt kunnskapssamarbeid med prioriterte land utenfor EU/EØS.Vi vil ønske deg som søker har relevant høgare utdanning, erfaring fra internasjonalt arbeid og gode...
-
Internasjonalt Samarbeid Koordinator
1 week ago
Bergen, Vestland, Norway beBee Careers Full timeJobbeskrivelse:">">Leda avdelinga mot sine strategiske mål">Organisere arbeidet slik at avdelinga nå sine mål">Samhandla med departement, oppdragsgjevarar, universitet og høgskular">">Krav:">Velkomme søkjarar:">
-
Global Ledelse og Samarbeid
1 week ago
Bergen, Vestland, Norway beBee Careers Full timeJobbeskrivelse:">">Leda avdelinga mot sine strategiske mål">Bygge relasjonar og kommunisere godt">Samhandla med departement, oppdragsgjevarar, universitet og høgskular">">Krav:">Velkomme søkjarar:">
-
Globalt Samarbeidsspesialist
1 week ago
Bergen, Vestland, Norway beBee Careers Full timeOm StillingsoppgavenInternasjonalt samarbeid er viktigare enn nokon gong. Vi søker en trygg og utviklingsretta leiar til å fremje og leggje til rette for ansvarleg internasjonalt kunnskapssamarbeid med prioriterte land utenfor EU/EØS.Kvalifikasjoner og ErfaringRelevant høgare utdanning på masternivåErfaring frå relevant internasjonalt arbeid,...