Maskinoffiser / Fagleg utviklar for ny bachelorutdanning ved HVL
Lagre denne jobben og hold søket ditt organisert
Opprett en gratis konto for å lagre jobber, opprette varsler og gå tilbake til denne oppføringen fra dashbordet.
Ved å fortsette godtar du våre Vilkår & Personvernerklæring.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig fast 100% stilling som Maskinoffiser / Fagleg utviklar for ny bachelorutdanning ved HVL ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, Institutt for maskin- og maritime fag, campus Haugesund.
Har du erfaring frå maskinrommet og tankar om kva framtidas maskinoffiserar må kunne?No får du høve til å bruke kompetansen din til å byggje opp ei heilt ny bachelorutdanning ved Høgskulen på Vestlandet.
Høgskulen på Vestlandet skal utvikle ei framtidsretta bachelorutdanning for maskinoffiserar ved campus Haugesund. Vi søkjer derfor ein engasjert maskinoffiser som vil ta ei sentral rolle i utviklinga av det faglege innhaldet og bidra i etableringa av utdanninga.
Dette er stillinga for deg som ønskjer å ta med deg erfaringane frå sjøen inn i utdanningssektoren, og som vil vere med og påverke kva kompetanse den maritime næringa skal ha i framtida.
Maritim næring er inne i ei omfattande grøn og teknologisk omstilling. Nye framdriftssystem, alternative drivstoff, elektrifisering, batteri- og hybridsystem, digitalisering og automatisering endrar både fartøya og kompetansekrava til maskinoffiserar. Samstundes har næringa behov for fleire kvalifiserte maskinistar og maskinoffiserar.
Du vil samarbeide tett med prosjektleiinga og relevante fagmiljø ved HVL om å utvikle studieprogrammet. Arbeidet omfattar mellom anna læringsutbytte, emneinnhald, fagleg progresjon, vurderingsformer og samanhengen mellom teori, verkstadopplæring, simulator, laboratorium og praksis. Ei sentral oppgåve blir å sikre god kopling mellom utdanninga, STCW-konvensjonen, norske sertifikatkrav og dei faktiske kompetansebehova i næringa.
Stillinga gir deg ei unik moglegheit til å påverke ei ny utdanning frå første skisse til ferdig studieprogram. Her skal du ikkje berre undervise i eit etablert løp.Du skal vere med og teikne sjølve kartet.
Stillinga har arbeidsstad ved campus Haugesund.
Du vil få ei sentral rolle i utviklinga av den nye bachelorutdanninga.Aktuelle oppgåver vil vere å:
- bidra til å utvikle den faglege profilen og strukturen for bachelorutdanninga
- utvikle læringsutbyttebeskrivingar, emnebeskrivingar, fagleg progresjon og relevante vurderingsformer
- kartleggje og dokumentere korleis utdanninga skal oppfylle relevante STCW-krav og norske sertifikatkrav
- bidra til utvikling av samsvarsmatriser mellom læringsutbytte, emneinnhald og sertifikatkrav
- sikre at operativ erfaring og behov frå maskinrommet blir integrerte i studieprogrammet
- samarbeide med fagmiljø innan maskin, elektro, nautikk, sikkerheit og beredskap
- bidra til planlegging av undervisning og oppstart av utdanninga
Prosjektet skal også utvikle samarbeid om verkstadopplæring, sikkerheitskurs, kadettløp og simulator- og laboratoriebruk. Partnarane skal omfatte regionale rederi og maritime aktørar gjennom SURF (Skipsfartens utdannings- og rekrutteringsforum). Sjøfartsdirektoratet vil vere ein sentral dialogpart i spørsmål om sertifikat- og godkjenningskrav.
Vi søkjer deg som har:
- relevant sjøteneste og god operativ erfaring frå drift og vedlikehald av maritime maskin- og energisystem
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk eller eit anna skandinavisk språk
- Relevant høgare utdanning innan marinteknisk drift, maskinfag, marine system eller tilsvarande vil vere ein fordel. Omfattande og særleg relevant yrkeserfaring kan bli vurdert opp mot utdanningsbakgrunnen, innanfor dei formelle krava som gjeld for stillinga.
Det kan gjerast unntak fra kravet om bachelorgrad og vurderast tilsetjing i stilling som avdelingsingeniør for søkjarar med maskinoffisersutdanning frå fagskule, dersom vedkomande elles blir vurdert som særs godt eigna ut frå dei øvrige krava i stillingsutlysinga.
Det kan òg gjerast unntak fra kravet om sertifikat på nivå klasse 1 eller frå kravet om erfaring som maskinsjef eller 1. maskinist for søkjarar som elles blir vurderte som særs godt eigna for stillinga. Det same gjeld søkjarar med erfaring frå undervisning og simulatorundervisning innan maritim utdanning.
Det er ein fordel om du har erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område:
- nyare framdrifts- og energisystem
- energieffektiv drift og utsleppsreduserande tiltak
- vedlikehaldsleiing og teknisk leiing
Erfaring frå utdanning er positivt, men vi er først og fremst interesserte i solid maritim kompetanse, utviklingsvilje og eit sterkt engasjement for å føre praktisk erfaring vidare til nye generasjonar maskinoffiserar.
- ønskjer å vere med og byggje opp noko nytt
- arbeider strukturert og kan omsetje operativ erfaring til fagleg innhald