Traineevernepleiar. 100% faste stillingar for nyutdanna vernepleiarar
Lagre denne jobben og hold søket ditt organisert
Opprett en gratis konto for å lagre jobber, opprette varsler og gå tilbake til denne oppføringen fra dashbordet.
Ved å fortsette godtar du våre Vilkår & Personvernerklæring.
Start karriera di på Haukeland universitetssjukehus – bli trainee
Fast stilling - to år med nye moglegheiter.
Er du nyleg utdanna vernepleiar og nysgjerrig på kor vernepleiarfaget kan ta deg? Hos oss får du moglegheita til å utforske ulike fagområde, møte ulike pasientgrupper og finne ut kva du verkeleg brenn for.
Som traineevernepleiar ved Haukeland universitetssjukehus får du ein unik moglegheit til å bygge brei kompetanse og utvikle deg fagleg – samtidig som du har tryggleiken i ein 100% fast stilling.
Tenk deg moglegheita
- Kva om du kunne prøve deg på fleire fagområde før du bestemmer deg for kva for retning du vil gå?
- Gjennom traineeprogrammet får du moglegheit til å jobbe ved ulike postar og avdelingar i Helse Bergen. Du kan utforske fagområde innan psykisk helsevern og rusmedisin
Du treng ikkje å ha bestemt deg for framtida. Du får moglegheita til å utforske den.
Traineeprogrammet går over to år. Du får 3 periodar på 8 måneder på ulike einingar, noko som vil gi deg verdifull erfaring.
Hos oss får du:
- Bli kjend med ulike fagområde og pasientgrupper
- Få erfaring som kan opne dører videre i karrieren
- Delta på fagdagar, med grupperettleiing
Traineeprogrammet er for deg som ønsker ein spennande start på yrkeslivet, som er open for å lære og som vil utforske breidda i vernepleiarfaget.Du blir ein del av eit stort fagmiljø med mange moglegheiterfor vidare utvikling. Saman finn vi ut korleis du kan bruke interessane dine, erfaringane dine og kompetansen din videre.
Er du klar for å utforske moglegheitane?
Ein må kunne jobbe samanhengande minst 6 veker i perioden vekene 24-32.
I søknaden må du legge ved karakterutskrift frå vernepleiarutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller løna arbeid. Den som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
- Du vil inngå i den daglege drifta på avdelinga der du er i traineeperioden
Kvalifikasjonar
- Du er ferdig utdanna som vernepleiar i løpet av vinteren 2026 eller våren 2027. Du har eller vil få norsk autorisasjon etter endt utdanning
- Arbeidserfaring som til dømes sommarjobb eller helgestilling i helsesektoren er ein fordel men ikkje eit krav
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Personlege eigenskapar
Vi legg vekt på at du er eigna for denne type jobb og har personlege eigenskapar som;
- kommuniserer klart og tydeleg og kan tilpasse og formidle informasjon på ein forståeleg måte
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Eit fagleg og sosialt fellesskap med dei andre i traineegruppa
- Rettleiing i grupper
- Kick-start på karriera di som vernepleiar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.