Bli med i vårt team Vi søkjer ein rådgjevar for bevaring av fotoarkiv. Kommunikasjon og samarbeid er nøkkelen
Lagre denne jobben og hold søket ditt organisert
Opprett en gratis konto for å lagre jobber, opprette varsler og gå tilbake til denne oppføringen fra dashbordet.
Ved å fortsette godtar du våre Vilkår & Personvernerklæring.
Del på e-post Del på Facebook Del på X
Rådgjevar fylkesfotoarkivet
- Søknadsfrist 6.12.2026
- Arbeidsspråk Norsk
Bli med i vårt team Vi søkjer ein rådgjevar for bevaring av fotoarkiv. Kommunikasjon og samarbeid er nøkkelen
Om stillinga
Vi søker ein dyktig og initiativrik rådgivar for fotoarkiv som brenn for digital utvikling. Den som blir tilsett vil få ei nøkkelrolle i arbeidet med forvaltning, utvikling og tilgjengeleggjering av fotohistoria frå Møre og Romsdal. Stillinga som rådgivar for Fylkesfotoarkivet inngår i avdeling for Kulturtenester.
- Gi råd i bevaring av foto
- Forvaltning og bevaring av fotoarkiv frå Møre og Romsdal
- Ordning og systematisering av fysiske og digitale foto, samt påføre metadata og gjere materialet tilgjengeleg på nett og for publikum
- Arbeid i fotoarkiv
- Bidra til vidareutvikling av løype for mediekonvertering (digitisering/formatkonvertering) og metadataberiking av foto
- Samarbeide på tvers og elles delta i oppgåver som ligg til avdeling for Kulturtenester sitt ansvarsområde
- Oppfølging av eksternt finansierte prosjekt
- Munnleg og skriftleg formidling av arbeid og arkivmateriale må reknast med
Kvalifikasjonar:
Vi søkjer deg som har:
utdanning innan foto, til dømes fagskule/fagbrev, eller relevant femårig høgare utdanning (betydeleg relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell kompetanse; realkompetanse (knytt til bl.a. bevaringsoppgåver) må kunne dokumenterast)
erfaring frå arbeid med fotoarkiv, fotojus, registrering, digitisering og metadataberiking
erfaring i ulike verktøy som MS Office, Excel, sak/arkivsystem
erfaring frå bibliotek, museumsarbeid eller praksis frå anna kulturhistorisk verksemd
kjennskap til arkivsystemet ASTA
god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, minimum nivå B2
Personlege eigenskapar:
Samarbeidsevner: Evne til å lytte, dele informasjon, respektere meiningane til andre og samarbeide godt for å nå felles mål
Problemløysingsevne: Vere løysingsorientert, analytisk og evne å sjå konstruktivt på utfordringar som oppstår
Omstillingsevne (fleksibilitet): Vere open for endringar, kunne tilpasse seg nye situasjonar og lære nye ting raskt
ein plass i eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaer, der vi legg vekt på ansvar og tillit, god rettleiing og eit godt arbeidsfellesskap
utfordrande og spennande arbeidsoppgåver med store moglegheiter til å påverke fagfeltet og eigen arbeidskvardag
per i dag moglegheit for gratis parkering
Spørsmål om stillinga?
Om denne stillinga høyrest interessant ut, må du gjerne ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat.
Avdelingsleiar Jan Aakvik, mobil: 916 25 091 eller dagleg leiar Jesper Sode Hansen på mobil: 920 28104.