Current jobs related to Stipendiat i moderne midtaustenhistorie - Bergen, Vestland - Universitetet i Bergen (UiB)


  • Bergen, Vestland, Norway beBee Careers Full time

    Ansatteordninger og akademiske ruterEttersom stillingen er fastsetts til ansatteordningen Sivilistatutten har kandidatene plass i den festespeilet arbeidsstillingen som stipendiat. Ved å fungere som stipendiat kan du delta i et godkjent utdanningsprogram for en ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på tre år. Deretter kommer fire år karriereremmande arbeid...


  • Bergen, Vestland, Norway beBee Careers Full time

    Om stillingen:Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) søker en stipendiat innan litteraturdidaktikk. Stillinga er knytt til prosjektet NeVa (Negotiating Values in Teacher Education) med finansiering frå Norges Forskningsråd.Som stipendiat vil du delta i utvikling av ny kunnskap om korleis skulen sine overordna verdiar blir forhandla om i...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Stipendiat i religionsvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskapVelkomen som søkjar til ei...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi,samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning,...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Stipendiat innen fagområde helsetjenesteinnovasjonHøgskulen på Vestlandet (HVL) er en av de største høgskolene i landet, med om lag 1 800 ansatte og 16 000 studenter fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innen helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi,...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi,samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning,...

  • Kokk for Sesong

    2 weeks ago


    Bergen, Vestland, Norway beBee Careers Full time

    Frokosten vår åpner kl. 06.30, og det er derfor viktig at du kan stille på jobb fra denne tiden.Vi tilbyr en spennende og utfordrende stilling i et hyggelig arbeidsmiljø.Arbeidsoppgaver:Frokost, lunsj og middagIK matGenerell gjestebehandlingGod varehåndteringServering av matVåre Forventninger:Du må være løsningsorientert med gode...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Stipendiatstillinga er øyremerka til eit ph.d.-prosjekt om sterkt, individuelt engasjement i tidleg kristen apokryf litteratur og martyrberetningar frå andre til...


  • Bergen, Vestland, Norway beBee Careers Full time

    Du søker etter en ledig stilling som stipendiat innen fagområdet helsetjenesteinnovasjon? Slik fungerer prosjektet SARHA:Vi søker efter verdens beste kandidater til å jobbe med oss på et fremragende prosjekt som kommer til å sette newstandards innafellet!! Vi ønsker deg som har stor erfaring fra arbeid med pasientforløp og tjenesteutvikling, og som...


  • Bergen, Vestland, Norway beBee Careers Full time

    Vi søker en stipendiat til å delta i utviklingen av et sammenhengende samordnet og persontilpasset digitalt rehabiliteringsstøttesystem innenfor prosjektet SARHA - Samordnet datadrevet rehabilitering etter hjerneslag.Arbeidet vil foregå i et nært samarbeid med fagfolk fra relevante fagfelt, samt pasienter og beslutningstaking.Det er mulighet for å...

Stipendiat i moderne midtaustenhistorie

1 month ago


Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time
UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i moderne midtaustenhistorie

Velkomen som søkjar til ei stipendiatstilling i moderne midtaustenhistorie ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Planlagd oppstart er januar 2026, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.

Vi ønskjer velkomne kandidatar som arbeider med det moderne Midtausten si historie i perioden frå slutten av 1800-talet og framover. Vi er særskilt interesserte i prosjekt som omhandlar tema som kulturell produksjon og utveksling, ny teknologi og sirkulasjon av kulturelle og materielle gjenstandar, populærkultur, fritid og underhaldning, og danning av kjønn og seksualitet. Prosjekt som ser på desse tema i eit transregionalt og transnasjonalt perspektiv er særleg velkomne.

Om Forskargruppa

Stillinga er knytt til den tverrfaglege forskargruppa Senter for Midtausten- og islamske studier ved instituttet. Forskargruppa har som overordna mål å skape ein samarbeidsplattform for forsking og undervising om Midtausten, naboregionar og islam, i tillegg til å samle forskarar frå ulike institutt og institusjonar innan høgare utdanning i Bergen. Dei noverande medlemene av forskargruppa har særleg interesse for globale samanhengar og lokale forhold i område som Nord- og Aust-Afrika, Sudan, Irak, Gulfen, Iran og Indiahavet. Forskargruppa organiserer regelmessige seminar, lesegrupper, gjesteførelesingar og internasjonale workshops. Forskargruppa vil tilby eit framifrå, mangfaldig, inkluderande og stimulerande forskingsmiljø for den vellukka søkjaren.

Om Stipendiatstillinga Og Forskarutdanninga

Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse.

Samla stipendperiode er fire år, der 2,5 år er sett av til arbeid med sjølve doktorgradsprosjektet, mens totalt eitt år av tida blir nytta til karrierefremjande arbeid innan undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Ph.d.-programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng. Seks månadar av tilsetjingsperioden er satt av til denne opplæringsdelen.

Kvalifikasjonar Og Personlege Eigenskapar
  • Søkjar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan historie eller ein nærliggande fagdisiplin med eit sterkt historisk fokus. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, og opptakskrava for ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjar må beherske engelsk, skriftleg og munnleg.
  • Arabiskkunnskapar blir sett på som ein fordel.
Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.

Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, samt ein framdriftsplan for prosjektet.

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

Vi Tilbyr
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Brutto årsløn på kr 560 000 i full stilling (kode 1017). Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.
Slik Søkjer Du Stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. Søknaden skal innehalde:
  • Prosjektskisse (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellomrom, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal ha eit sterkt historisk fokus og skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, og metode. Skissa skal òg skildre empirien som skal bli brukt i prosjektet.
  • Litteraturliste for prosjektskissa.
  • Framdriftsplan for prosjektet som tek omsyn til karrierefremjande arbeid og ph.d.-programmet sin opplæringsdel.
  • Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
  • CV.
  • Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer oppgåva sitt omfang i ECTS.
  • Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
  • Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
  • Eventuelle publikasjonar (inntil tre).
  • Relevante attestar.
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.

Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.

Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.

Andre Opplysningar

Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje.

Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell Informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar, professor Teemu Sakari Ryymin, e-post: teemu.ryymin@uib.no, telefon: +47 55 58 38 79 eller førsteamanuensis Pelle Valentin Olsen, e-post: pelle.olsen@uib.no, telefon: +47 55 58 22 34.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
#J-18808-Ljbffr