Diabetessjukepleiar
1 week ago
Medisinsk poliklinikk har ledig fast 100% stilling som diabetessjukepleiar med tilsetjing frå snarast.
Medisinsk poliklinikk undersøkjer og behandlar pasientar innan fagområda kardiologi, nefrologi, endokrinologi, gastroenterologi, geriatri, lungemedisin og klinisk ernæringsfysiologi. Dei tilsette samarbeidar tett med omlag 25 legar, hovudsakleg frå Medisinsk avdeling, men også frå Kirurgisk avdeling, Barneavdeling og andre.
I tillegg til polikliniske konsultasjonar vert det gjort mange undersøkingar av inneliggande pasientar.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
Arbeidsgivar:
Helse Førde
Stad:
Førde
Stillingstittel:
Diabetessjukepleiar
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
Arbeidsoppgåver
- Ha pasientkonsultasjonar
- Delta aktivt i tverrfagleg samarbeid
- Koordinere fag- og systemarbeid på diabetesfeltet
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring med diabetessjukepleie er ein fordel.
- Vidareutdanning innan diabetessjukepleie er ein fordel, og vil verte vektlagt.
- Om det er søkjarar som ynskjer å ta vidareutdanning i diabetessjukepleie, vil det leggast til rette for det.
- Må beherske norsk godt både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Ha særskilt interesse for oppfølging av pasientar med kronisk sjukdom
- Trivst med rettleiing og undervisning individuelt og i grupper
- Er eigna til å drive og administrerere fagleg aktivitet
- Evnar å halde deg fagleg oppdatert
- Bidreg positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø
- Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvilleg og initiativrik
Vi tilbyr
- Eit fagmiljø med spennande arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Adresse:
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Norge
Kontaktinformasjon
Line Anita Hjorthaug
Seksjonsleiar
Telefon:
Telefon:
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.