Stipendiat i matematikk
1 week ago
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Stipendiat i matematikk
Ved Matematisk institutt, Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i matematikk, fortrinnsvis innan algebra. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremjande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga inngår i eit breiare forskingsprosjekt som knytt saman rein og utrekningsorientert matematikk. Stillinga er knytt til Lie-Størmer-senteret, eit senter tilknytta UiT Noregs arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Bergen (UiB). Arbeidsstaden for ph.d.-stillinga er ved
Universitetet i Bergen. Prosjektet er finansiert av Tromsø Forskingsstiftelse (TFS), UiT og UiB. Startdato for stillinga er så snart som mogleg og seinast innan 1. mars 2026.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Forskinga ved Lie-Størmer-senteret (LSC) freistar å utforske nye område i overgangen mellom rein og utrekningsorientert matematikk, med auge for grunnleggjande matematiske utfordringar for det moderne informasjonssamfunnet og innan kontrollsystem i ingeniørfag. Prosjektet bygg bruer mellom rein og utrekningsorientert matematikk, mellom dei matematiske institutta i Bergen, Tromsø og ellers i Noreg, og mellom forsking og utdanning på høgaste nivå innan ERCOM, nettverket av europeiske forskingssentre i matematikk.
Utrekningsmatematikk er ein hjørnestein i moderne vitskap. Metodar derifrå gir ny form og retning til grunnleggjande forsking i rein matematikk, medan abstrakte matematiske omgrep gjer djupare innsikt og nytt språk for algoritmar og diskretiseringsteknikkar – avgjerande for numeriske utrekningar og simuleringar. Vi opplev no ein historisk fase i matematisk vitskap, der skiljet mellom rein og anvend matematikk gradvis vert mindre. Å fremja denne integrasjonen krev samarbeid på tvers av desse fagområda. Dette er hovudformålet for Lie-Størmer senteret.
Prosjektet er organisert i fire hovudtema og vekselverknader mellom dei. Denne stillinga er knytt til Tema 2- Polynom, ideal og algebra. Om ein kandidat har bakgrunn og føresetnader til å bidra òg til andre tema så tel dette positivt.
- Tema 1 – Lie teori: Analyse og geometri til ikkje-holonome system
- Forskingsområde: Sub-riemannsk geometri og cartangeometri, vektordistribusjonar og supergeometri.
Føremonar: Forsking/emnefokus i differensialgeometri. Kjennskap til Lie-teori, sub-riemannsk geometri og cartangeometri tel særs positivt.
Tema 2 – Polynom, ideal og algebra
- Forskingsområde: Monom- og polynomideal, toriske varietetar, tropiske varietetar, relasjonar til kombinatoriske strukturar.
Føremonar: Forsking/emnefokus i algebra eller algebraisk geometri
Tema 3 – Magnusekspansjonar og signaturar i data- og ingeniørvitskap
- Forskingsområde: Signaturar (i røffsti-forstand) anvend på kurver og flater, Magnusekspansjonen, Hopf-algebraer, og tillempingar.
Føremonar: Forsking/emnefokus i algebra og/eller røffstiteori. Kjennskap til Lie-teori eller Hopf-algebraer er òg positivt.
Tema 4 - Algebra, geometri og topologi for kompleks dataanalyse
- Forskingsområde: Algebraiske metodar i dataanalyse, topologisk dataanalyse, geometrisk djuplæring.
- Føremonar: Erfaring i programmering eller kurs i informatikk, algebra, topologi eller differensialgeometri. Kjennskap til topologisk data-analyse eller maskinlæring er òg positivt.
Det nasjonale prosjektet Mathesis organiserer forskerskuler i matematikk for norske ph.d.-studentar. Kandidaten vil som del av si forskeropplæring delta på forskerskulane i Mathesis i samråd med rettleiar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i matematikk eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Kandidaten må ha kvalifikasjonar relatert til Tema 2 over. Det inneber emnefokus i algebra eller algebraisk geometri og erfaring med forsking innan eit av desse områda.
- Interesser relatert til diskrete strukturar er ein føremon.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
- Gode norskkunnskapar er ein føremon for søkjarar som ynskjer eit 4. år til mellom anna undervising.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil verte vektlagt. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Personlege kvalifikasjonar
Vi søkjer kandidatar som:
- Er høgt motiverte, ope til sinns, akademisk sterke, kreative og nysgjerrige,
- Har evna til både å arbeide uavhengig, og saman i lag,
- Har sterke analytiske og problem-løysande evner,
- Har sterke skriftlege- og kommunikasjonsferdigheitar.
Ved vurdering av søkjarar, vert det lagt særleg vekt på akademiske kvalifikasjonar, kor godt kandidaten høver inn i forskingsprogrammet, samt personleg motivasjon for å ta ein ph.d. i dette prosjektet leia av Lie-Størmer-senteret.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på 3 år, med opning for eit 4. år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit 4. år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremjande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga: Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Stilling som stipendiat (kode 1017) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere kvalitetane nemd over, då desse kan bli teke omsyn til ved rangeringa av kandidatane.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
- relevante attestar
- søkjarar må sende inn godkjend dokumentasjon på at dei oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
- Professor Hans Munthe-Kaas, Matematisk institutt, UiB og UiT, , tlf
- Professor Gunnar Fløystad, Matematisk institutt, UiB, , tlf
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR rågjevar Karoline Christiansen på eller
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Kunnskap som formar samfunnet
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre.
Spørsmål om stillinga
Karoline Christiansen
HR adviser
Søknadsfrist
- desember 2025
Arbeidsgivar
Universitetet i Bergen
Kommune
Bergen
Omfang
Heiltid
Varigheit
Åremål
Arbeidsstad
Allegaten 41, 5007 Bergen
Ledige stillinger - Universitetet i Bergen
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full timeUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Stipendiat i anvendt og berekningsorientert matematikkEr du...
-
Stipendiat i samanliknande mitokondriedynamikk
9 hours ago
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full timeUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Stipendiat i samanliknande mitokondriedynamikkVed Matematisk...
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full timeUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Stipendiat i modellering av kollektiv mitokondriedynamikkVed...
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full timeUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Stipendiat i utdanningsforsking ved Kjemisk instituttVed Kjemisk...
-
Ingeniør sensor-/måleteknologi
2 days ago
Bergen, Vestland, Norway NDT Global Full timeOm NDT GlobalNDT Global er en ledende leverandør av ultrahøyteknologiske diagnostiske inspeksjonsløsninger, avansert dataanalyse- og integritetsvurderingstjenester som beskytter og forlenger levetiden til infrastrukturen i energisektoren. Selskapet er anerkjent for sin ekspertise innen inspeksjonsteknologier, både innen ultralyd – som Pulse Echo,...
-
Sommerjobb 2026- Hybrid modellering/maskinlæring
2 weeks ago
Bergen, Vestland, Norway Sintef Full timeKarriere i SINTEFStudentSommerjobbSommerjobbSommerjobb 2026- Hybrid modellering/maskinlæring - tolking av datasett fra brønnboringUnder boring av brønner, både for petroleumsforekomster og jordvarme, er sikkerhet og styring av brønnbane sentralt. Særlig for petroleumsbrønner er kontroll og styring av lokalt trykk ved borekronen viktig, både for å...
-
Bergen, Norway DeepOcean Full timeNordisk Institutt for Odontologiske Materialer AS (NIOM AS)Årstadveien 19, 5009 BergenOm jobbenStillingstittelForskningsleder Bivirkningsgruppen NIOM i BergenType ansettelseFast, heltid 100%ArbeidsspråkNorsk eller engelskAntall stillinger1Søk senest søndag 14. desemberBivirkningsgruppen for odontologiske materialer er en avdeling ved Nordisk Institutt...
-
Bergen, Norway DeepOcean Full timePwC NorgeTorgallmenningen 14, 5014 BergenOm jobbenStillingstittelKonsulent - Data & AIType ansettelseFast, heltid 100%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger2ArbeidsstedHybridkontorSøk senest mandag 5. januarI Consulting i PwC er vi et fagmiljø innen Data & AI hvor vi hjelper bedrifter og offentlige virksomheter bruke data og AI for å skape verdi og lykkes...
-
Bergen, Norway DeepOcean Full timeNHH Norwegian School of EconomicsHelleveien 30, 5045 BergenOm jobbenStillingstittelTemporary Researcher position in Behavioral EconomicsType ansettelseEngasjement, heltid 100%ArbeidsspråkSkandinaviskAntall stillinger1Søk senest lørdag 29. novemberAbout the positionNHH in Bergen, Norway, invites applications for a temporary Researcher position in...
-
Postdoctoral positions in Labour Economics
2 weeks ago
Bergen, Norway DeepOcean Full timeNHH Norwegian School of EconomicsHelleveien 30, 5045 BergenOm jobbenStillingstittelPostdoctoral positions in Labour EconomicsType ansettelseÅremål, heltid 100%ArbeidsspråkEngelskAntall stillinger2ArbeidsstedHybridkontorSøk senest lørdag 20. desemberAbout the positionsNHH in Bergen, Norway, invites applicants for two three-year postdoctoral positions in...
-
Data Scientist
2 weeks ago
Bergen eller Førde, Norway Eviny Fornybar As Full timeAlt starter med en dråpe vann. Eviny Fornybar er en del av kjernevirksomheten i Eviny og en viktig bidragsyter i vår jakt på null utslipp gjennom fornybar kraftproduksjon. Vår kjerneoppgave er å skape merverdi av vannet, og i dag er verdien av fornybar og regulert energi større enn noensinne.I hundre år har vannkraft vært grunnlaget for vår...
-
Data Scientist
9 hours ago
Bergen eller Førde, Norway Eviny Fornybar As Full timeAlt starter med en dråpe vann. Eviny Fornybar er en del av kjernevirksomheten i Eviny og en viktig bidragsyter i vår jakt på null utslipp gjennom fornybar kraftproduksjon. Vår kjerneoppgave er å skape merverdi av vannet, og i dag er verdien av fornybar og regulert energi større enn noensinne.I hundre år har vannkraft vært grunnlaget for vår...