Sjukepleiestudent/ Medisinstudent
6 days ago
Om stillinga
Ønsker du å vere med å vidareutvikle det spesialiserte palliative tilbodet ved Haukeland universitetssjukehus? Vi har ledig 1 x 20% fast helgestilling i todelt turnus for sjukepleiar-/ medisinstudent ved palliativ sengepost.
Palliativt senter består av palliativ sengepost og palliativt team, og er ein del av Smerte- og palliasjonsavdelinga (SMEPA) i Kirurgisk serviceklinikk (KSK). Vi søker etter deg med erfaring frå, og/eller interesse for arbeid med palliative pasientar, og som vil bli kjend med dette fagområdet. Palliativt senter har regionsfunksjon innan behandling av pasientar med behov for spesialisert palliasjon/lindrande behandling.
Vårt mål er å gje best mogleg symptomlindring, pleie og omsorg for pasientar med uhelbredeleg sjukdom. Lindring av smerte og andre symptom står sentralt, saman med tiltak retta mot psykiske, åndelege og eksistensielle behov - samt ivaretaking av pårørande. I det palliative senteret legg vi stor vekt på tverrfagleg samarbeid.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
Arbeidsgivar:
Helse Bergen HF
Stillingstittel:
Sjukepleiestudent/ Medisinstudent
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Deltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
20
Webcruiter-ID:
Del på X
Del på Facebook
Arbeidsoppgåver
- Pleie til pasientar ved palliativ sengepost
- Praktiske oppgåver knytt til dagleg drift i sengeposten
- VI har etablerte arbeidsrutiner for assistentar i pleie ved sengeposten
Kvalifikasjonar
- Vi søker etter sjukepleiestudentar og medisinstudentar med pleieerfaring
- Må meistre norsk flytande, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har interesse og motivasjon for fagområdet
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du er ansvarsbevisst og kan vere fleksibel i arbeidssituasjonen
- Du har evne til å vere lydhøyr overfor pasientar og pårørande som er i ein krevande livssituasjon
- Du kan jobbe sjølvstendig og på eige initiative
- Du følger opp delegerte oppgåver
- Du søker aktivt råd og rettleiing og kjenner eiga kompetansegrense
Vi tilbyr
- Eit spennade tverrfagleg arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Adresse:
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Norge
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Monika Kvamme
Seksjonsleiar
Telefon:
Telefon:
E-post:
Om arbeidsgivaren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.