Prosjektleiar (senioringeniør/overingeniør)

6 days ago


Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Om stillinga:

Universitetet står framfor store bygge- og utviklingsprosjekt og treng høg

kompetanse for gjennomføring av prosjekta i alle fasar (tidlegfase, planlegging og

gjennomføring av bygge- og rehabiliterings prosjekt). Nokre av dei største

satsingane er transformasjon og rehabilitering av bygg på Realfagshøyden

(Nygårdshøyden sør), nytt Griegakademi, samlokalisering av HF-fakultetet og

rehabilitering av Kulturhistorisk museum.

Eigedomsavdelinga ved Prosjektseksjonen har det administrative ansvaret

for planlegging og gjennomføring av nybygg, ombyggingar, rehabilitering og

vedlikehaldsprosjekt, i tillegg også arealkoordinering, miljøkoordinering og interiør.

Prosjektleiar (senioringeniør/overingeniør)

Ved Eigedomsavdelinga, Prosjektseksjonen er det ledig 2 faste 100 % stillingar som

prosjektleiar. Vi søkjer dyktige prosjektleiarar, helst éin med teknisk kompetanse og

éin med byggfagleg kompetanse. Som byggherrerepresentant vil du som

prosjektleiar få ansvar for planlegging og gjennomføring av tverrfaglege nybygg-,

ombyggings- og rehabiliteringsprosjekt. Prosjekta har eit vidt spenn, både i omfang

og kompleksitet.

Med eit ansvar for bygg som spenner frå byvillaer til idrettsanlegg og avanserte

laboratoriebygg, tør vi påstå at vi er Bergens mest spennande arbeidsplass for deg

med interesse innanfor bygg og bygningsdrift. Hjå oss vil du jobbe med flinke

kollegaer med brei og variert kompetanse som spenner om heile fagfeltet.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga rapporterer til gruppeleder for byggeprosjektet og vil ha følgjande arbeidsog

ansvarsområde:

  • Gjennomføre prosjekter i alle fasar og med ulike gjennomføringsstrategiar og

    entrepriseformar
  • Samhandling med og involvering av ulike brukarar
  • Gjennomføre innkjøp i samsvar med lov om offentleg anskaffing i samarbeid

    med UiBs innkjøpsavdeling
  • Gjennomføre målretta og gode tilpassa prosessar i dei ulike fasane i prosjekt
  • Ivareta UiB sine miljøambisjonar
  • Regelmessig prosjektrapportering i ISY Prosjekt økonomi
  • Utvikle best praksis gjennom god samhandling i prosjektseksjonen og på

    tvers i Eiendomsavdelinga

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjaren må ha følgjande kvalifikasjonar:

  • Utdanning på bachelor- eller masternivå innan bygg, tekniske fag eller

    tilsvarande. Lang dokumentert relevant erfaring kan kompensere for

    manglande formell utdanning
  • Relevant erfaring som prosjektleiar i byggeprosjekt, eller tilsvarande roller

    med ansvar for planlegging, koordinering og gjennomføring av bygg- eller

    tekniske prosjekt
  • Kompetanse og erfaring innan prosjektstyring og kontraktstyring av ulike

    relevante entreprise standardar
  • God økonomiforståing
  • Gode kommunikasjonsevner og flytande norskspråkleg både munnleg og

    skriftleg

Vi ser det som et føremon at søkjar har:

  • Relevant fagbrev som eksempel,

    a) Tekniske fag som: Rørlegger (VVS), Elektriker (elektroinstallasjon),

    Automatiker, Ventilasjons- og blikkenslager, Kulde- og

    varmepumpemontør

    b) Byggfag som: Tømrer, Murer, Maler, Betongfagarbeider og Taktekker
  • Kompetanse innan området universell utforming av bygningar
  • Kjennskap til offentleg regelverk
  • Kompetanse innan digitale verktøy, VDC, framdriftsplanlegging og LEAN
  • Systematisk ferdigstillelse og erfaring i roller som ITB-ansvarlig, ITB-rådgiver

    og/eller Systemintegrator
  • Ynskeleg med erfaring innanfor kulturhistoriske og verna bygg

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt og vi ser

etter ein person som:

  • Evner å sjå oppgåver i ein større samanheng
  • Arbeider godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Viser god gjennomførings- og beslutningsevne
  • Har driv til å utvikle deg gjennom varierte oppdrag saman med kollega
  • Ser digitale løysingar som en moglegheit og på ny teknologi med

    nysgjerrigheit

Vi tilbyr:

  • Eit ope og triveleg fagmiljø
  • Stort spekter av prosjekt rett utanfor kontoret, midt i Bergen sentrum
  • Heilskapleg læring i vår eigedomsavdeling; vi investera, drifter, held ved like

    og avhender
  • Prosjekt med utspring i bygningar som til ein kvar tid skal bidra til framifrå

    forsking, utdanning, formidling og innovasjon
  • Samarbeid med dyktige fagmiljø om viktige utviklingsoppgåver for heile

    universitetet
  • Opplæring og moglegheit for vidareutdanning og utvikling.
  • Stilling som prosjektleiar (kode 1087/1181) løn mellom kr

    etter kvalifikasjonar i det statlege lønnsregulativet. For særleg kvalifiserte

    søkarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare lønn
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Her kan du lese meir om kva UiB kan tilby:

Her kan du lese om Eigedomsavdelinga som arbeidsplass:

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Gruppeleder bygg Rune Hovland, tlf

Vil du bli betre kjent med oss - ta kontakt for ei omvising.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppfordrar kvinner til å søkje.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Om Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger.

Søknadsfrist

  1. desember 2025

Arbeidsgivar

Universitetet i Bergen

Kommune

Bergen

Omfang

Heiltid (2 stillingar)

Varigheit

Fast

Arbeidsstad

Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen

Ledige stillingar - Universitetet i Bergen



  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time

    Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Om stillinga:Ver med å sikre framtidas IT-tenester ved Universitetet i...

  • Overingeniør

    5 days ago


    Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time

    Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.OveringeniørVed Institutt for geovitskap er det ledig ei fast stilling...