Overlege psykiatri

2 weeks ago


Kristiansund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal HF Full time 1,000,000 - 1,500,000 per year


Om stillinga

Vil du vere med på laget vårt? Vi har no ledig stilling for spesialist i vaksenpsykiatri. Hos oss får du ei sentral rolle i eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og eit godt tverrfagleg samarbeid. Du blir ein viktig bidragsytar i utviklinga av framtidas polikliniske tenester innan psykisk helsevern.

Om poliklinikken
Poliklinikk psykisk helse DPS Kristiansund er ein allmennpsykiatrisk poliklinikk som tilbyr utgreiing og behandling til personar med moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlingstilbodet omfattar samtaleterapi (individuelt og i grupper), medikamentell behandling og oppfølging av pårørande. Vi har brei kompetanse innan psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, EMDR, mentaliseringsbasert terapi, gruppebehandling og medikamentell behandling.
Poliklinikken har i dag 54,5 stillingar, inkludert seks overlegestillingar. Verksemda er organisert i fleire team: allmennteam, oppfølgingsteam, ROP-team og avklarings- og utgreiingsteam. I tillegg har vi eit ambulant akutteam og eit FACT-team som er lokalisert utanfor poliklinikken. Vi ønskjer å gå i dialog med deg som søkjer for å finne ei teamtilknyting og eit fagområde som samsvarar med dine interesser og kompetanse.

Di rolle som overlege
Som overlege vil du ha ei nøkkelrolle i diagnostisering, behandling og oppfølging av pasientar med samansette psykiske lidingar og avhengnadsproblematikk. Du vil bidra aktivt i tverrfaglege behandlingsmøte, samarbeide tett med andre faggrupper og vere ein viktig ressurs i kvalitetsforbetringsarbeid og utvikling av behandlingstilbodet. Rettleiing av LIS-legar og anna helsepersonell er ein naturleg del av rolla, og du vil få moglegheit til å bidra i internundervisning og fagutvikling.

Vi ønskjer å styrke kompetansen vår innan psykosebehandling, traumelidingar, spiseforstyrringar og behandling av kombinerte rus- og psykiske lidingar (ROP). Har du erfaring eller interesse for desse områda, er det eit stort pluss – men vi legg òg til rette for nødvendig opplæring og kompetanseheving.



Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

Arbeidsgivar:

Helse Møre og Romsdal HF

Stad:

Kristiansund

Stillingstittel:

Overlege psykiatri

Stillingar:

1

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

Startdato:

Sosial deling :

Del på X

Del på LinkedIn

Del på Facebook

Del på e-post

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar
  • Aktiv deltakelse i tverrfaglege behandlingsmøter og samarbeidsfora
  • Oppfølging og behandling av pasientar med komplekse behov, inkludert samansette psykiske lidingar og rusproblematikk
  • Oppfølging av enkelte pasientar som er under tvunget psykisk helsevern (TUD)
  • Bidra til kvalitetsforbedringsarbeid og utvikling av poliklinikkens behandlingstilbod
  • Undervisning og rettleiing til primærhelsetenesten, studentar og øvrige tilsette i poliklinikken
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø med fokus på kompetanseheving og eit fagleg utviklande arbeidsmiljø


Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent spesialist i psykiatri. Anna relevant spesialitet vil bli vurdert
  • Erfaring frå poliklinisk arbeid er ønskjeleg
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • LIS 3 som har mindre enn 1 år igjen av spesialiseringa kan også søkje


Personlege eigenskapar

  • Du er ein positiv, fleksibel og ansvarsbevisst kollega som trivast med både sjølvstendig arbeid og samarbeid i tverrfaglege team
  • Du har sterke kommunikasjonsevner og er dyktig til å bygge relasjoner med pasientar, pårørande og samarbeidspartnera
  • Du har evna til å stimulere og motivere kolleger og bidra til fagleg utvikling i teamet
  • Du er ein person som ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og du har stor interesse for fagleg utvikling


Vi tilbyr

  • Eit stimulerende og variert arbeid i et fagleg sterkt og tverrfagleg team
  • Store mogelegheiter for fagleg utvikling innanfor fleire spennande område
  • Gode mogelegheiter for spesialisering, internundervisning og deltaking på nasjonale og internasjonale kongresser
  • Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø med eit sterkt fokus på samarbeid og kunnskapsdeling
  • Fleksible arbeidstidsordningar som gjer det enklare å kombinere jobb og fritid
  • Rekrutteringstillegg for godkjent spesialisering
  • Studiepermisjon på 4 månader kvart 5. år for spesialistar
  • Tilrettelegging for rettleiing og kurs som bidrar til vedlikehald av spesialiteten
  • Dekning av flytteutgifter etter gjeldande reglement og tilgang på andre attraktive ordningar for helsepersonell
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår som medlem i offentleg pensjonsordning, samt yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

 

Byer vår Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her



Adresse:
Hagan 9, 6516 Kristiansund, Norge



Opne vegbeskriving

(i ny fane)



Kontaktinformasjon

Jørgen Lægreid

Seksjonsleiar

Telefon:

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.



Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


  • Overlege psykiatri

    5 days ago


    Kristiansund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal HF Full time

    Om stillinga Vil du vere med å forme framtidas psykiske helsetenester? Vi har no ledig stilling for spesialist i vaksenpsykiatri. Hos oss får du ei sentral rolle i eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og eit godt tverrfagleg samarbeid. Du blir ein viktig bidragsytar i utviklinga av framtidas polikliniske tenester innan psykisk helsevern.Om...


  • Kristiansund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal Full time 600,000 - 700,000 per year

    (i ny fane)Om stillingaVi har ledig ei fast stilling og eit vikariat ved DPS Kristiansund poliklinikk. Ønska oppstart for begge stillingar er , men oppstartsdato er fleksibel.Poliklinikken tilbyr utgreiing og behandling til personar som har moderate til alvorlege psykiske lidingar. Behandlinga kan vere ulike former for samtaleterapi individuelt eller i...