Intensivsjukepleiar/ Anestesisjukepleiar
5 days ago
Om stillinga
Ambulanseflyseksjonen, Ålesund / Vigra har ledig i 100% fast stilling for spesialsjukepleiar, med oppstart etter avtale.
Seksjonen vår består av 8 spesialsjukepleiarar, og stillinga består av ca 60% vaktteneste på fly og ca 40% inneteneste på intensivavdelinga ved Ålesund sjukehus. Avincis er operatør for ambulansefly i luftambulansetenesta. Vi ønskjer lik fordeling anestesi-/intensivsjukepleiarar og søkjer primært etter intensivsjukepleiar, men anestesisjukepleiarar kan og søkje og bli vurdert for stillinga. Per d.d går ein 12 timers vakter med arbeid kvar 4. helg. Det vert ikkje høve til å gå i redusert stilling.
Den som vert tilsett må gjennomgå ei vekes kurs ( Grunnkurs for flysykepleiere )
hos flyoperatøren før oppstart. samt andre aktuelle kurs og hospitering.
Klinikk for prehospitale tenester i Møre og Romsdal har ansvar for akuttmedisinsk beredskap med båt- og bilambulanse, luftambulanse, AMK og pasientreiser. Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester.
Høyrest dette spennande ut, og du kjenne at dette kan vere noko for deg er du velkomen til å søkje på stillinga hos oss
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
Arbeidsgivar:
Helse Møre og Romsdal HF
Stad:
Ålesund
Stillingstittel:
Intensivsjukepleiar/ Anestesisjukepleiar
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
Sosial deling :
Del på X
Del på LinkedIn
Del på Facebook
Del på e-post
Arbeidsoppgåver
- Vakttjeneste ambulansefly
- Arbeid på intensiv- eller anestesiavdeling
- Arbeid med transport av pasienter med alle typer medisinske problemstillingar, nokre særs krevande, til dømes: Intensivpasientar, traumepasientar, pasientar med alvorleg hjartesjukdom, barn i kuvøse / bag, brannskadde, dykkarsjuke, nyopererte
- Svært mange av pasientane har alvorleg hjartesjukdom. I ca 20 % av oppdraga er lege med på transporten
- Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø
Kvalifikasjonar
- Ein må tilfredstille «Nasjonal standard for flysykepleiere»
- Søkjarar må vere spesialsjukepleiar innan anestesi- eller intensivsjukepleie
- Det er krav om 2 års arbeidserfaring fra intensiv/anestesiavd. de siste 4 år
- Det er ønske om brei klinisk erfaring: Erfaring fra arbeid med barn og hjartepasientar er ønskeleg
- Det er sett krav om uttømmande politiattest og at ein fyller krava til Avinors id-kort
- Søkjar må ha god helse og det krevst attest frå godkjent flylege etter de krav som gjeld for besetningmedlemmer i luftfartøy
- Det er viktig med god kjennskap til bruk av PC / IT verktøy i arbeidet
- Søkjar må ha førarkort kl B. Det er i dag vaktbil i tenesta, men dette kan bli avvikla
Personlege eigenskapar
- God evne til å kunne arbeide sjølstendig og målretta
- Kunne improvisere og ta raske avgjerder
- Må trivast med hektiske og lange dagar
- Gode samarbeidsevner og vere flink til å planlegge
- Godt humør som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som gjer vedkomande skikka til stillinga.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Adresse:
Ålesund Sykehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge
Opne vegbeskriving
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Frode Lindseth
Seksjonsleiar
Telefon:
E-post:
Frode.-
Ingbjørn Vestre
Seksjonsoverlege
Telefon:
E-post:
Om arbeidsgivaren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.