Klinisk ernæringsfysiolog
6 days ago
Om stillinga
Fast stilling som klinisk ernæringsfysiolog ved Mage-tarmskulen.
Seksjon for klinisk ernæring ved Haukeland universitetssjukehus søker engasjert og fagleg sterk klinisk ernæringsfysiolog til 100% fast stilling ved Mage-tarmskulen. Dette er ein unik moglegheit til å bli ein del av eit stort og fagleg sterkt ernæringsmiljø.
Mage-tarmskulen er eit nasjonalt digitalt behandlingstilbod for pasientar med irritabel tarmsyndrom. Tilbodet er mellom dei aller første digitale behandlingstilboda i somatikken og er i kontinuerleg utvikling. Mage-tarmskulen er tverrfageleg. Klinisk ernæringsfysiologar har sentrale roller i drift og utvikling av tenesten. Mage-tarmskulen er organisert under fleire seksjonar i Medisinsk klinikk, med eit hovudansvar lagt til Seksjon for klinisk ernæring. Mage-tarmskulen har i dag 3,0 årsverk klinisk ernæringsfysiolog fordelt på eit team av fem kliniske ernæringsfysiologar.
Den utlyste stillinga er ei 100% fast stilling med oppstart frå januar/februar 26. Arbeidet vil i primært vera knytt til magetarmskulen, men kan i periodar også vera knytt til oppgåver ved Seksjon for klinisk ernæring.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
Arbeidsgivar:
Helse Bergen HF
Stillingstittel:
Klinisk ernæringsfysiolog
Stillingar:
1
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
Startdato:
Del på X
Del på Facebook
Arbeidsoppgåver
- Rettleiing og behandling av pasientar i Mage-tarmskulen
- Utvikling og forbetring av Mage-tarmskulen
- Prosjektkoordinering
- Dataanalyse og rapporteringsarbeid
- Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper
- Undervisning og rettleiing av pasientar og pårørande
- Utdanning av studentar og anna helsepersonell
- Ernæringsutgreiing og -behandling av pasientar tilvist til seksjonen
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som klinisk ernæringsfysiolog
- Erfaring frå digital behandling eller Magetramskulen blir vektlagt
- Erfaring med innovasjonsarbeid, prosjektleiing/koordinering og kvalitetsutvikling blir vektlagt
- Erfaring med databehandling og statestikk er ønskeleg
- Gode digitale ferdigheiter
- Erfaring frå sjukehus eller spesialisthelsetenesta
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg er ein føresetnad
- Kjennskap til DIPS Arena og MEONA er ein fordel
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- Er sjølvstendig, strukturert og fagleg engasjert
- Trivst i ein innovativt miljø i utvikling
- Har god forståing for prioritering og tidsbruk, og evnar å fordele innsatsen slik at ulike arbeidsoppgåver blir løyst innanfor rimelege tidsrammer
- Har gode samarbeidsevner og trivst i pasientkontakt
- Er løysingsorientert og utviklingsvillig
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
- Varierte og utviklande arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Aktivt bedriftsidrettslag og godt sosialt miljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Adresse:
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Norge
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Linn Anja Slåke Vikøren
Seksjonsleiar
Telefon:
Om arbeidsgivaren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
-
Helsefagarbeider i omsorgsteam
2 days ago
Bergen, Vestland, Norway Bergen Kommune Full time 540,000 - 840,000 per yearOm stillingenFana og Ytrebygda hjemmebaserte tjenester har ledig faste stillinger for helsefagarbeidere i 100 % stilling. Er du helsefagarbeider og ønsker å jobbe i omsorgsteam? Da er du velkommen til å søke stilling hos ossSom helsefagarbeider i omsorgsteamet har man en spennende og variert arbeidshverdag, med mye ansvar og selvstendighet. Du vil få...
-
Bergen, Vestland, Norway Bergen Kommune Full time 450,000 - 550,000 per yearOm stillingenVåre helsetjenesteteam trenger motiverte og flinke ferievikarer for sommeren 2026 Vi søker deg som er sykepleier, sykepleierstudent (ferdig med 2. året) og/eller medisinerstudent (ferdig med 3. året) og som ønsker en spennende og meningsfull sommerjobb.Hjemmebaserte tjenester Fana og Ytrebygda er organisert i helsetjenesteteam og...