Instruktørtannlege (fast 20 )

7 days ago


Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 400,000 - 600,000 per year

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Instruktørtannlege (fast 20 %)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei fast stilling (20 %) som instruktørtannlege med arbeidsstad for tida ved Seksjon for periodonti. Ved særskilde høve kan det vere mogleg å dele stillinga.

Søkjar må opplyse kva stillingsprosent ein ønskjer, og kva arbeidsdagar som er aktuelle

Ein gjer merksam på at sjølv om ein tilsett har arbeid ved ein spesiell seksjon, så kan ein måtte flytte til anna seksjon etter behov ved klinikken. Ved tilsetting kreves det politiattest etter helsepersonelloven §20 a)

Arbeidsoppgåver:

Arbeidet omfattar klinisk og teoretisk undervisning av kandidatar og studentar, delta i behandling av institusjonen sine pasientar, og rettleiing og vurdering av kandidatar og studentar både praktisk og teoretisk. I tillegg vil det vere aktuelt å vere med på å utvikle instituttet ved deltaking i prosjekt og utval. Det vil vere høve til å delta i faglege fora.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:

  • norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato
  • minimum to års erfaring frå allmenn praksis som tannlege
  • undervisningserfaring er eit ønskje
  • det er ein føremon at søkjar har anna ekstern stilling for å oppretthalde eigne kliniske ferdigheiter

Den som vert tilsett må ha god kunnskap i norsk, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar. Særskild interesse og klinisk erfaring innan fagområdet periodonti er ønskjeleg.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk

For stillingane gjeld Retningslinjer for stilling som instruktørtannlege ved Universitetet i Oslo og Bergen.

Vi tilbyr:

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • løn for tida kr kode 1015) i lønsregulativet i staten, eller kr for søkjarar som har spesial-/spesialistkompetanse (kode For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • kva stillingsbrøk du ønskjer, og kva dagar du kan arbeide
  • oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • kopi av vitnemål, autorisasjon og relevante attestar
  • søkjarar med utanlandsk utdanning må legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknadane vert sendt elektronisk til nemnda som skal vurdere desse.Søknadane vert vurdert med den informasjonen som ligg i Jobbnorge ved søknadsfristens utløp.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: førsteamanuensis Dagmar Fosså Bunæs, , tlf

Ved tilsetjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader leggjast fram, etter helsepersonelloven §20 a

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Retningslinjer for arbeidstøy ved Odontologisk universitetsklinikk Odontologisk Universitetsklinikk ved UiB følger «Faglige anbefalinger for smittevern i klinisk odontologisk praksis», som er utarbeidet av universitetene i Oslo, Tromsø og Bergen i samarbeid med Kompetansesentret for dekontaminering ved OUS, Den Norske Tannlegeforening (NTF), Helsedirektoratet, og Folkehelseinstituttet.

  • Ansatte og studenter bruker arbeidstøy under arbeid i Ferdighetsenteret og i klinikkene.
  • Arbeidstøyet består av klinikkbukser og kittel med kort erme for å sikre adekvat håndhygiene.
  • Religiøse hodeplagg og operasjonshette/lue som brukes i klinikken anses som arbeidstøy, og følger regler for arbeidstøy.
  • Alt arbeidstøy tilhører Odontologisk Universitetsklinikk, og tøyet lånes ut til ansatte og studenter.

Mer informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk, UiB, finner du her:

Smittevern | Institutt for klinisk odontologi | UiB

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Om Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter.

Spørsmål om stillinga

Dagmar Fosså Bunæs

Førsteamanuensis

Søknadsfrist

  1. november 2025

Arbeidsgivar

Universitetet i Bergen

Kommune

Bergen

Omfang

Deltid

Varigheit

Fast

Arbeidsstad

Årstadveien 19, 5009 Bergen

Hjemmekontor

Hjemmekontor ikke mulig

Ledige stillingar - Universitetet i Bergen



  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 450,000 - 600,000 per year

    Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med...


  • Bergen, Vestland, Norway Tryg Norge Full time

    Bli en del av et engasjert kundeteam – en unik mulighet for studenterEr du på jakt etter en deltidsjobb, og ønsker å utvikle dine ferdigheter innen kundeservice? For å sikre at våre kunder fortsetter å få den beste hjelpen, søker vi nå etter flere serviceorienterte og fremoverlente kundekonsulenter til vårt unike deltidsteam i kundedivisjonen.Vi...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Førsteamanuensis (20 % ekstraerverv) i medisin(kardiologi)Ved Det...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 200,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Universitetslektor (20 % ekstraerverv) i anestesiologi...


  • Bergen, Vestland, Norway Tryg Full time

    Bli en del av et engasjert kundeteam – en unik mulighet for studenter Er du på jakt etter en deltidsjobb, og ønsker å utvikle dine ferdigheter innen kundeservice? For å sikre at våre kunder fortsetter å få den beste hjelpen, søker vi nå etter flere serviceorienterte og fremoverlente kundekonsulenter til vårt unike deltidsteam i...


  • Bergen, Vestland, Norway Evidensia Norway Full time 450,000 - 550,000 per year

    Evidensia Sandviken Dyreklinikk er en dyreklinikk i lyse og flotte lokaler, like ved sjøen, i hjertet av Sandviken, Bergen. Klinikken har fokus på godt arbeidsmiljø, kvalitet, kompetanse, personlig service og omsorg for våre pasienter og deres eiere. Klinikken består av et fantastisk team med 6 veterinærer, 3 autoriserte dyrepleiere, 1 autorisert...


  • Bergen, Vestland, Norway DeepOcean Full time

    Bk Frakt AsBergenOm jobbenBergen: Søker sjåfør kl C distribusjonssjåfør. Trenger en sjåfør til rute på Osterøy/Nesttun. Liftbil med sidelasting. Lastested er fleslandsområdet.StillingstittelDistribusjonssjåførOppstartoktober 2025Type ansettelseFast, heltid 100%ArbeidstidDagtid, ukedagerArbeidsspråkNorsk, skandinavisk eller engelskAntall...


  • Bergen, Vestland, Norway Bergen Kommune Full time 375,000 - 450,000 per year

    Om stillingenJægermyren bofellesskap ligger i Ytre Sandviken og tilhører Botjenester i Bergenhus og Sentrum Nord. Vi yter heldøgns omsorgstjenester til 9 flotte mennesker med utviklingshemming i alderen år. Beboerne våre har hver sine leiligheter, men samles hver dag til felles middag, samt felles kaffestund med aktivisering på kvelden.Vi leter nå...


  • Bergen, Vestland, Norway VARNER Full time 250,000 - 350,000 per year

    Ønsker du å skape de beste handleopplevelsene i en av Norges største kleskjeder? Bli vår nye ButikkselgerOm CubusHos Cubus er mennesker vår største styrke, og vi vet at suksess starter med et godt arbeidsmiljø. Vi er en engasjert og sammensveiset gjeng som elsker å jobbe sammen for å skape gode kundeopplevelser hver dag. Du blir en viktig del av en...


  • Bergen, Vestland, Norway Circle K Full time 32,000 - 42,000 per year

    Job DescriptionKjære fremtidige kollega,La oss si det først som sist. Circle K er slett ikke jobben for alle, men den passer for mange. Og de menneskene elsker å jobbe herI tiden som deltidsarbeider har vi sett kollegaer komme og gå. De som velger å kaste inn håndkleet sier ofte at jobben var for kompleks, at arbeidslista var for lang. De som står...