Journalist med digital teft

6 days ago


Isdalstø, Norway DeepOcean Full time 450,000 - 600,000 per year

A/S Lokalavisene

Hagellia 4, 5914 Isdalstø

Om jobben

Stillingstittel

Journalist / Fotograf

Type ansettelse

Fast, heltid 100%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1

Arbeidssted

Hybridkontor

Søk senest onsdag 19. november

Strilen og Bygdanytt følgjer pulsen i områda våre - fem kommunar i Nordhordland, inkludert Gulen og Osterøy, samt Arna bydel i Bergen kommune.

Begge redaksjonane har høge digitale mål for journalistikken vår, og vi ser no etter ein journalist som vil vere med og drive oss endå lengre fram.

Vi søkjer ein digital spydspiss til den felles digitaldesken vår - ein som ser heilskapen, prioriterer klokt og får sakene våre til å treffe lesarane.

Dette er ei fast heiltidsstilling som jobbar på tvers av dei to avisene, og du vil arbeide nokre dagar frå Strilen (Knarvik) og nokre dager fra Bygdanytt (Indre Arna) sine lokale.

Om rolla

I andre aviser kunne denne stillinga kanskje hatt tittelen frontsjef - men hos oss er rolla breiare enn som så. Du har din base på desken, men du får òg vere utgåande reporter og bidra i alle ledd av ein moderne, allsidig lokalavisredaksjon.

Du får ein kvardag som kombinerer tempo, variasjon og påverknadskraft:

Du prioriterer og presenterer stoffet på framsidene våre - og i sosiale medium

Du følgjer nyheitsbildet tett og skriv eigne saker når det smeller

Du hjelper kollegaer med å løfte sakene digitalt - med gode titlar, bilete og format

Du brukar innsikt og tal aktivt for å forstå kva som engasjerer, og er tett på lesarane

Hos oss får du ansvar, tillit og gode kollegaer som heiar på kvarandre.

Vi ser etter deg som:

har journalistutdanning og/eller relevant erfaring

skriv godt og meistrar både bokmål og nynorsk

er trygg i presseetikk og journalistisk metode

har digital teft og forstår korleis godt innhald når ut

blir motivert av leserdata og innsikt, og å bruke dette for å nå ut med journalistikken

kan filme, fotografere og redigere enkle snuttar

ser moglegheitene i KI som redaksjonelt verktøy

har førarkort for bil

Personlege eigenskapar:

Strukturert og handlekraftig

Nysgjerrig og kreativ

God lagspelar, men òg sjølvstendig

Trivst i høgt tempo og tek initiativ

Likar å prøve ut nye verktøy og forteljarmåtar

Brenner for å utvikle lokaljournalistikken - både i innhald og form

Stillinga inngår i turnus med arbeid på dag, kveld og helg. Arbeidsoppgåvene kan endre seg over tid.

Søknadsfrist: fredag 21. november klokken 1200

Om oss

I vår vesle klynge av lokalaviser finn du Strilen (Knarvik) og Bygdanytt (Indre Arna). Vi samarbeider tett, deler arbeidsoppgåver og har felles desk og leiing.

Vi har også nær kontakt med søsteravisene våre, Vestnytt (i Øygarden) og Askøyværingen (på Askøy).

Vi er ein del av Polaris Media, og har også Schibsted inne som ein stor eigar.

Om bedriften

Polaris Media Vest består av 10 lokale mediehus på Vestlandet; Sunnhordland, Bømlo-Nytt, Marsteinen, Stord24, Vestnytt, Askøyværingen, Strilen, Bygdanytt, Øyposten og Randaberg 24. Mediehusene er eid av Polaris Media eller i sameierskap mellom Polaris Media og Schibsted. Det samlede opplaget er på ca abonnenter. Polaris Media Vest har til sammen 75 ansatte.

Sektor

Privat

Nettsted

Annonsedata

Stillingsnummer

09639b19-1cda-4b9f-8791-2cd0c433c71a

Sist endret

  1. november 2025

Hentet fra

FINN

Referanse

Lignende annonser

Journalist i 100 % vikariat i Strilen

Journalist / Fotograf

Arbeidsgiver

A/S Lokalavisene

Sted

Isdalstø

Kommunikasjonsrådgjevar - Digital sikkerheit

Rådgjevar

Arbeidsgiver

Region Nordhordland IKS

Sted

Isdalstø

Har du lyst å skape innhold i verdensklasse?

Arbeidsgiver

Partnerstudio

Sted

Bergen



  • Isdalstø, Norway DeepOcean Full time

    A/S LokalaviseneHagellia 4, 5914 IsdalstøOm jobbenStillingstittelJournalist / FotografType ansettelseVikariat, heltid 100%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger1ArbeidsstedHjemmekontor ikke muligSøk senest lørdag 22. novemberVi søkjer etter ein engasjert journalist til eit vikariat på sju månader, i samband med avvikling av ferie og permisjon for fast...