Sjukepleiar til dialyse – bli med i vårt fagsterke og støttande team

1 week ago


Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time 380,000 - 450,000 per year


Om stillinga

Då kan dette vere stillinga for deg.
Dialyseeininga ved Haugesund sjukehus har no ledig ei fast stilling som sjukepleiar. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement – og kollegaer som ser kvarandre og stiller opp når det trengst.

Vi arbeider med hemodialyse, peritonealdialyse, nyremedisinsk poliklinikk og transplantasjonsutgreiing. Som sjukepleiar hos oss får du følgje pasientar gjennom sårbare og krevjande forløp, og du får tid og rom til å bli trygg i det spesialiserte fagfeltet.

Opplæring og fagleg utvikling er ein naturleg del av jobben. Vi har to-delt turnus, med arbeid kvar fjerde helg.

For å gi deg ei trygg og god oppstart, tilbyr vi opplæringsvakter i forkant. Difor ønskjer vi at du kan starte så snart det passar for deg – men vi er fleksible og finn ei løysing saman.

Høyrest dette ut som noko for deg? Då håper vi du vil sende oss ein søknad – eller kontakt Guro Fjeldheim Lindanger for ein uforpliktande prat. 



Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

Arbeidsgivar:

Helse Fonna HF

Stad:

Haugesund

Stillingstittel:

Sjukepleiar

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

Sosial deling :

Del på X

Del på LinkedIn

Del på Facebook

Del på e-post

Kva går jobben ut på?

  • Sjukepleie og oppfølging av pasientar som får hemodialyse, peritonealdialyse og LDL-afarese.
  • Opplæring og rettleiing av pasientar etter prinsippa for primærsjukepleie.


Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
  •  Relevant sjukehuserfaring frå nefrologi er ein fordel.
  • Gode tekniske og systematiske ferdigheita og grunnleggende datakunnskaper. 


Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • har struktur og fokus på nøyaktighet i det du gjer
  • er oppteken av å skape gode møte med både pasientar og kollegaer
  • tek initiativ og er ikkje redd for å gripe nye utfordringar
  • trivst med å samarbeide på tvers av fag og yrkesgrupper
  • stiller opp og gjer det som trengst – også når det hastar
  • er med på å skape eit trygt og støttande arbeidsmiljø

Personleg egnethet blir vektlagd.



Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø
  • høgt fagleg nivå og kollegaer som deler kunnskap
  • moglegheit for både fagleg og personleg utvikling
  • ein arbeidsplass som er IA-bedrift og legg til rette ved behov
Dersom du har fortrinnsrett til stilling, må du gi beskjed om dette i søknaden.

Adresse:
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Norge



Opne vegbeskriving

(i ny fane)



Kontaktinformasjon

Guro Fjeldheim Lindanger

Funksjonsleder

Telefon:

Om arbeidsgivaren

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her 




  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time

    Om stillinga Likar du å dele erfaringar, finne løysingar saman med andre – og samtidig ha det kjekt på jobb?Vi har ledig fast stilling på natt i 60%, med moglegheit for høgare stillingsprosent dersom du ønskjer å kombinere med arbeid på geriatrisk sengepost.Hos oss på eldremedisinsk post, alderspsykiatri, møter du eldre pasientar med psykiske...


  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time 80,000 - 160,000 per year

    Om stillinga Og vil du vere med og gjere ein forskjell - kvar einaste dag? Då må du bli ein del av vårt engasjerte team ved barne- og ungdomsavdelinga. Vi søkjer to engasjerte og fagleg sterk sjukepleiar til fast 8o %  stilling. Her får du ein meiningsfull arbeidskvardag med små pasientar og store augeblikk.Barne- og ungdomsavdelinga ved Haugesund...

  • Sjukepleiar

    1 week ago


    Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time 500,000 - 600,000 per year

    Om stillinga Vil du vere med på å gi pasientar med komplekse lungelidingar den beste behandlinga? Då er Lungeseksjonen staden for degVi er ein del av Hjarte- og lungeavdelinga og har ein sengepost med 13 senger og ein poliklinikk med høg aktivitet. Her møtar du pasientar med blant anna KOLS, lungefibrose og astma, og du jobbar tett i tverrfaglege...


  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time

    Om stillinga Vi har no ledig ei fast 50 % stilling som sjukepleiar. I tillegg har vi ledig eit 50 % vikariat. Hos oss får du jobbe tett på pasientar som treng både akutt behandling og tidleg rehabilitering. Kvardagen er variert, og du blir ein del av eit tverrfagleg team med fysioterapeutar, ergoterapeutar, logoped og flinke kollegaer som jobbar tett...


  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna Full time

    Om stillingaFagutviklingssjukepleiar (20 %) – løft nevrofaget saman med ossNevrologisk avdeling søkjer ein engasjert fagutviklingssjukepleiar i 20 % stilling – gjerne med snarleg oppstart. Hos oss får du kombinere fagleg utvikling, kvalitetsarbeid og tett samarbeid i eit sterkt tverrfagleg miljø.Nevrologisk avdeling omfattar poliklinikk,...


  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time 500,000 - 600,000 per year

    Om stillinga Er du ein entusiastisk lege som ønskjer å spesialisere deg innan barne- og ungdomspsykiatri (BUP)? Bli ein del av vårt team og bli med å forme framtida for psykiatriske tenester til barn og ungdom i Helse Fonna.Vi har ein fast LIS3-stilling ledig med ønskje om snarleg oppstart. Søkjaren må ha fullført LIS1.Hos oss i BUP finn du eit...


  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna Full time 450,000 - 550,000 per year

    Om stillingaSengepost for gastrokirurgi og urologi, Haugesund sjukehus har behov for fleire medarbeidarar.Vi ønskjer oss fleire sjukepleiarar som har fokus på fag og kvalitet. Hos oss vil du få gode muligheter til fagutvikling og kompetanseheving innan eitt eller begge fagområda våre. Vi har faste fagdagar og simuleringsdagar i turnusen. Vi har fokus...


  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna Full time 470,000 - 580,000 per year

    Om stillingaSengepost for gastrokirurgi og urologi, Haugesund sjukehus har behov for fleire medarbeidarar.Vi ønskjer oss fleire sjukepleiarar som har fokus på fag og kvalitet. Hos oss vil du få gode muligheter til fagutvikling og kompetanseheving innan eitt eller begge fagområda våre. Vi har faste fagdagar og simuleringsdagar i turnusen. Vi har fokus...


  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time 450,000 - 600,000 per year

    Om stillinga Sengepost for gastrokirurgi og urologi, Haugesund sjukehus har behov for fleire medarbeidarar.Vi ønskjer oss fleire sjukepleiarar som har fokus på fag og kvalitet. Hos oss vil du få gode muligheter til fagutvikling og kompetanseheving innan eitt eller begge fagområda våre. Vi har faste fagdagar og simuleringsdagar i turnusen. Vi har fokus...


  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time 550,000 - 700,000 per year

    Om stillinga Me søkjer deg som vil bidra til trygg og effektiv behandling for pasientar med psykiske lidingar, samtidig som du får styrkakompetansen din. Vi har no ledig vikariat for deg som ønskjer å lære om – og levere – behandling med moderne og evidensbaserte biologiske metodar.Du får tett oppfølging og god opplæring frå dag éin. Vikariatet...