Logistikkmedarbeidar tilkallingsvikar
18 hours ago
Logistikkmedarbeidar tilkallingsvikar Felles støttefunksjon drift, Helse Møre og Romsdal HF
Søk på stillinga (i ny fane)
Om stillinga
Eit moderne sjukehus er avhengig av presis og velfungerande logistikk for å kunne gi pasientane trygg og effektiv behandling.
Vi søkjer no
logistikkmedarbeidarar som tilkallingvikarar,
som ønskjer å bidra til at sjukehuset fungerer optimalt – kvar dag, heile døgnet.
Logistikkfunksjonen er ei viktig støtte for kliniske avdelingar, og arbeidet ditt vil ha direkte betydning for pasientbehandlinga, sjølv om du ikkje jobbar pasientnært.
Stillinga er ei tilkallingsvikarstilling, og det kan være vanskeleg å føreseie omfanget av arbeid. Behovet vil variere over tid, avhengig av drift, ferieavvikling, sjukefråvær og andre forhold. Når behovet oppstår, er det imidlertid viktig at du kan stille opp og bidra der det trengs – i eit arbeidsmiljø der innsatsen din er både synleg og verdifull.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist
Arbeidsgivar
Helse Møre og Romsdal HF
Stad
Ålesund
Stillingstittel
Logistikkmedarbeidar tilkallingsvikar
Stillingar
2
Tilsetjingsform
Tilkalling/Timebasis
Stillingsprosent
0
Webcruiter-ID
Sosial Deling
Del på X
Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post
Arbeidsoppgåver
Som logistikkmedarbeidar vil du ha varierte og praktiske arbeidsoppgåver, blant anna:
- Bestilling, mottak, levering og plassering av medisinsk og ikkje-medisinsk utstyr
- Distribusjon av utstyr til dei fleste avdelingane ved sjukehuset
- Sørge for at lager, fellesarealer og arbeidsstasjonar til ei kvar tid er ryddige og oversiktlege
- Bistå avdelingar med praktiske spørsmål og behov knytta til utstyr og logistikk
- Registrering og oppfølging i relevante system
- Andre oppgåver kan tilkomme ved behov
Arbeidet foregår i tett samarbeid med både kliniske avdelingar og andre støttefunksjoner.
Kvalifikasjonar
- Må meistre norsk flytande, både munnleg og skriftleg
- God digital forståelse og god kjennskap til Excel
- Kjennskap til SAP eller tilsvarande system er ein fordel
- Relevant erfaring frå logistikk, lager, transport eller sjukehus er ønskjeleg, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
- Strukturert og påliteleg
- Fleksibel og løysingsorientert
- Serviceinnstilt og samarbeidsvillig
- Trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo og varierande arbeidsdagar
Sjukehuskvardagen er dynamisk, og behov kan endre seg raskt. Som logistikkmedarbeidar må du derfor trivast med:
- Stadige endringar i arbeidsoppgåver og prioriteringar
- Å jobbe sjølvstendig, men også som del av eit større team
- Å handtere fleire oppgåver parallelt og tilpasse deg nye situasjonar
Dette er ei rolle for deg som evnar å bevare struktur og oversikt – også når planar endrar seg undervegs.
Personleg eignaheit blir vektlagd ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland
her
.
Adresse: Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge
Opne vegbeskriving (i ny fane)
Kontaktinformasjon
Vegard Edvardsen Kjemphol
Seksjonsleiar
E-post: vegard.edvardsen.-
Om arbeidsgivaren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal
-
Logistikkmedarbeidar tilkallingsvikar
17 hours ago
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal Full time(i ny fane)Om stillingaEit moderne sjukehus er avhengig av presis og velfungerande logistikk for å kunne gi pasientane trygg og effektiv behandling.Vi søkjer no logistikkmedarbeidarar som tilkallingvikarar, som ønskjer å bidra til at sjukehuset fungerer optimalt – kvar dag, heile døgnet.Logistikkfunksjonen er ei viktig støtte for kliniske avdelingar,...