Overlege augesjukdomar

2 weeks ago


Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Central Norway Regional Health Authority Full time 600,000 - 700,000 per year

Overlege augesjukdomar AUGE ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF

Søk på stillinga (i ny fane)

Om stillinga

Er du klar for å ta del i eit fagmiljø der du verkeleg kan gjere ein forskjell for pasientane våre?
Vi har ledig vikariat som overlege innan augesjukdomar. Oppstart etter avtale.

Augepoliklinikken i Ålesund er inne i ei spennande utvikling med stor auke i pasienttilstrøyming og behov for spesialisert kompetanse. Vi søkjer no ein engasjert og fagleg sterk overlege innan augesjukdommar/oftalmologi som vil vere med på å vidareutvikle tilbodet vårt og sikre høg kvalitet i behandlinga.

Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag i eit sterkt og triveleg fagmiljø med høg kompetanse og godt samarbeid.

Vi Er For Tida
4 overleger

5 LIS-legar

Seksjonen har fokus på fagleg utvikling, pasientsikkerheit og tverrfagleg samarbeid. Du vil få moglegheit til å påverke utviklinga av behandlingstilbodet og bidra til kontinuerleg kvalitetsforbetring.

Vi ser fram til å motta din søknad og til å bli betre kjent med deg som ønskjer å bidra til vidare utvikling av augehelsetilbodet i Ålesund.
Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist

Arbeidsgivar
Helse Møre og Romsdal HF

Stad
Ålesund

Stillingstittel
Overlege augesjukdomar

Stillingar
1

Heiltid / Deltid
Heiltid

Tilsetjingsform
Vikariat

Stillingsprosent
100

Webcruiter-ID

Sluttdato

Sosial Deling
Del på X

Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

Arbeidsoppgåver

  • Polikliniske konsultasjoner, utreding og behandling
  • Dagkirurgi(særleleg kataraktkirurgi)
  • Delta i heimevaktordning
  • Holde undervisning for kollegaer
  • Supervisjon av LIS
  • Bidra til utvikling og kvalitetssikring av polikliniske tenester

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialistgodkjenning innan oftalmologi/augesjukdomar
  • Kandidatar med kort tid igjen til ferdig spesialitet kan også vurderast
  • Erfaring med kataraktkirurgi er ønskjeleg
  • Må beherske norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har brei klinisk erfaring og sterk fagleg interesse for augehelse
  • Du har engasjement for pasientsikkerheit og kvalitetsarbeid
  • Du trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
  • Du ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og tverrfagleg samarbeid

Personlege eigenskapar og samarbeidsevner vil bli vektlagde ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Eit dynamisk og fagleg sterkt miljø med dedikerte kollegaer
  • Fleksible arbeidstidsordninger
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg.
Les meir her
Adresse: Ålesund sjukehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane)
Kontaktinformasjon

Renate Susann Waage Fylling
Seksjonsleiar

E-post: Renate.Susann.W.-

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget For meir informasjon om helseføretaket, sjå
Helse Møre og Romsdal



  • Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal Full time 1,000,000 - 1,200,000 per year

    (i ny fane)Om stillingaEr du klar for å ta del i eit fagmiljø der du verkeleg kan gjere ein forskjell for pasientane våre?Vi har ledig vikariat som overlege innan augesjukdomar. Oppstart etter avtale.Augepoliklinikken i Ålesund er inne i ei spennande utvikling med stor auke i pasienttilstrøyming og behov for spesialisert kompetanse. Vi søkjer no ein...