Universitetslektor i illustrasjon med fokus på bokillustrasjon ved Institutt for design

1 day ago


Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 450,000 - 900,000 per year

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Universitetslektor (50% vikariat)

Ved Institutt for design, Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig ei midlertidig stilling som universitetslektor (50 %) i illustrasjon med fokus på bokillustrasjon. Stillinga er knytt til fagområdet visuell kommunikasjon. Tilsetjing er ønska frå så snart som mogleg, til , med moglegheit for forlenging

Arbeidsoppgåver:

Den ideelle kandidaten er ein fagleg dyktig illustratør som har ein sterk profil frå praksis i illustrasjon og erfaring innan visuell historieforteljing. Den ideelle søkjaren er ein god formidlar og har god kunnskap og kompetanse i både analoge og digitale verktøy. Erfaring frå arbeid innan karakterutvikling og bokillustrasjon er ynskeleg. Visuell og konseptuell kompetanse, samt evne til kontekstualisering vil òg bli vektlagt. Søkjarar må kunne sette illustrasjon inn i ein breiare historisk og sosial kontekst og kunne bidra til å utvikle/styrke illustrasjonsfaget sin relevans og posisjon.

Den som vert tilsett må kunne vise evne til kritisk refleksjon over faglege prosessar og etiske utfordringar i faget.

I tillegg ønsker vi at søkjar har forståing for fagfeltet si betyding for visuell kultur og tverrfagleg samarbeid.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning og rettleiing hovudsakleg på BA-nivå, evt. også MA-nivå i visuell kommunikasjon
  • Bidra til å utvikle og styrke illustrasjon sin rolle i visuell kommunikasjon, i tett samarbeid med fagmiljøet.
  • Organisere og legge til rette for undervisning og faglege aktivitetar i samarbeid med fagstab.
  • Rekrutterings- og opptaksarbeid.
  • Styrke fagfeltets relevans og posisjon

Arbeidsstad for stillinga er på campus i Bergen, og det vert forventa jamleg nærvær etter nærare avtale med instituttleiar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i visuell kommunikasjon. Mastergrad må vere oppnådd ved søknadsfrist.
  • Søkjarar må kunne dokumentere designfagleg praksis av eit visst omfang og nivå innan fagområdet illustrasjon.
  • Det er eit ønskje at søkjar har relevant undervisningserfaring, samt engasjement og interesse for undervisning.
  • Det er eit ønskje at søkjar har administrativ erfaring, samt erfaring med formidling av kunstnarisk/designfagleg praksis i offentlege eller faglege kontekstar.
  • Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, vere ansvarsfull, fleksibel og imøtekomande
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 ved tilsetjing.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein fagleg vurderingskomité. Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju med ei intern intervjugruppe, og for å halde ei open prøveførelesning for instituttet sin stab og studentar.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Stilling som universitetslektor (kode 1009) vert løna med årsløn tilsvarande – kr i 100% stilling. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • CV
  • Vitnemål, attestar og pedagogiske kvalifikasjonar, inkl. dokumentasjon på oppnådd mastergrad.
  • Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og/eller designfagleg verksemd.
  • Liste over kunstnarlege/designfaglege produksjonar som har relevans for stillinga.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Dokumentasjon som ikkje er lasta opp ved søknadsfrist vert ikkje vurdert.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Fungerande instituttleiar Gustav Kvaal, tlf.: , e-post:

For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Om Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt.

Spørsmål om stillinga

Gustav Kvaal

Fungerande instituttleiar

Søknadsfrist

  1. januar 2026

Arbeidsgivar

Universitetet i Bergen

Kommune

Bergen

Omfang

Fast prosent (50%)

Varigheit

Vikariat/mellombels

Arbeidsstad

Møllendalsveien 61, 5009 Bergen

Ledige stillingar - Universitetet i Bergen



  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 500,000 - 1,000,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.UniversitetslektorVed Institutt for design, Fakultet for kunst,...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 4,000,000 - 7,000,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.UniversitetslektorVed Institutt for design, Fakultet for kunst,...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 550,000 - 700,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.UniversitetslektorVed Institutt for design, Fakultet for kunst,...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 450,000 - 600,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.UniversitetslektorVed Institutt for design er det ledig ei 20 %...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 500,000 - 700,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.UniversitetslektorVed Institutt for politikk og forvaltning,...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 560,000 - 800,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.FørsteamanuensisVed Institutt for design, Fakultet for kunst,...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 450,000 - 900,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Førsteamanuensis/universitetslektor (50 %)Ved Det medisinske...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 200,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Universitetslektor (20 % ekstraerverv) i anestesiologi...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 480,000 - 600,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.UniversitetslektorVed Det medisinske fakultet, Universitetet i...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 450,000 - 600,000 per year

    Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Postdoktor i religionsvitskapVelkomen som søkjar til ei...