Sommarvikarar dagsenter for heimebuande personar med demens
3 days ago
Om stillinga
Assistent/fagarbeidar ved våre dagtilbod for heimebuande personar med demens. Vi har tilbod på Sanitetshjemmet, Hatlahaugen, Skarbøvika, Borgundheimen og Borgundgavla. For meir informasjon sjå
Fortløpande tilsetting.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
Arbeidsgivar:
Ålesund kommune
Stad:
Ålesund
Stillingstittel:
Sommarvikarar dagsenter for heimebuande personar med demens
Stillingar:
5
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Sommarjobb
Webcruiter-ID:
Sosial deling :
Del på X
Del på LinkedIn
Del på Facebook
Del på e-post
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid på dagsenter som skal bidra til meistring, gode opplevingar og auka livskvalitet for brukarane. Dette kan vere ulike hobbyaktivitetar og gjeremål, å vere sosial, gå på tur og trim.
- Bidra til meiningsfulle og gode aktivitetar på dagsenteret.
- Samhandling med pårørande og andre samarbeidspartar.
Kvalifikasjonar
- Vi søker deg som er under utdanning, eller av andre grunnar har mulegheit for å arbeide om sommaren. Vi har ulike alternativ: du kan jobbe heile perioden frå , eller dei første fire vekene eller dei siste fire vekene. Ber om at du oppgir i søknaden kva som passar for deg.
- Grunnleggande datakunnskapar.
- Krav om førarkort klasse B til nokre av stillingane.
Når du søker stilling som ferievikar i Ålesund kommune, gjeld følgande:
1. Søkar må vere fylt 18 år.
2. Det krevst norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
3. Søknadar registrerast på stillingsmappa ) det er levert søknad på. Søknadane ligg i den aktuelle stillingsmappa så lenge den aktuelle verksemda har bruk for vikarar.
4. Ved elektronisk søknad vil du få ei kvittering om at søknaden er motteken. Om, og kor lang tid det tar før du evt. blir kontakta, avheng av verksemda sitt behov for ferievikarar.
5. Stadfesta kopiar av vitnemål og attestar må ev. leggast fram på førespurnad.
7. Aktuelle kandidatar må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgivar i god tid før oppstart i jobben.
8. Det er ei forutsetning at den som skal ansettast kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS). Det krevst også at personleg bankid eller idporten kan nyttast som alternativ innlogging mot ulike digitale løysingar ved behov (Helseplattformen).
9. Søkarar oppfordrast til sjølv å vere aktive opp mot verksemder dei ønsker å arbeide ved. Dette ved å ta kontakt med verksemda si leiing for å spørje om høve til vikararbeid. Det er berre verksemda sjølv som vil ha oversikt over behov og ev. moglegheiter for tilsetting. All kommunikasjon går difor direkte mot kvar einskild verksemd.
Velkomen som søkar til stilling som ferievikar i Ålesund kommune
Personlege eigenskapar
- Du er ein medarbeidar som kan stille deg bak verdigrunnlaget vårt; open, engasjert og modig.
- Du er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
- Du er god på kommunikasjon og samhandling med andre.
- Du ønsker å jobbe med eldre og bidra til at dei får ein god dag.
Vi tilbyr
- God opplæring.
- Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med spanande, aktive og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Lønn etter tariff.
Adresse:
Hatlahaugen 2, 6016 Ålesund, Norge
Opne vegbeskriving
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Amrei Jakobs
Avdelingsleiar
Telefon:
Camilla Almås
Verksemdsleiar
Telefon:
Om arbeidsgivaren
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
-
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Ålesund kommune Full timeSommarvikarar dagsenter for heimebuande personar med demensFørebygging og meistring, Ålesund kommune(i ny fane)Om stillingaAssistent/fagarbeidar ved våre dagtilbod for heimebuande personar med demens. Vi har tilbod på Sanitetshjemmet, Hatlahaugen, Skarbøvika, Borgundheimen og Borgundgavla. For meir informasjon sjå Fortløpande...
-
Sommarvikarar Møre og Romsdal
6 days ago
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway NRK Full timeOm stillingen NRK Møre og Romsdal søkjer etter sommarvikararVi tilbyr jobb i eit spennande nyheitsmiljø som leverer innhald til nett, radio og TVVi ser etter deg som vil lage saker frå Møre og Romsdal til eit nasjonalt publikum på , radio og TV. Du bør ha noko erfaring fra journalistisk jobbing i ein redaksjon. Vi vurderer søknader fortløpande, så...
-
Sommarvikarar Møre og Romsdal
2 weeks ago
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway NRK Full time 320,000 - 480,000 per yearOm stillingen NRK Møre og Romsdal søkjer etter sommarvikararVi tilbyr jobb i eit spennande nyheitsmiljø som leverer innhald til nett, radio og TVVi ser etter deg som vil lage saker frå Møre og Romsdal til eit nasjonalt publikum på , radio og TV. Du bør ha noko erfaring fra journalistisk jobbing i ein redaksjon. Vi vurderer søknader fortløpande, så...
-
Ferievikar Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt
3 days ago
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Ålesund kommune Full timeFerievikar Skodje og Ørskog omsorgsdistriktSkodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune(i ny fane)Om stillingaHar du lyst å arbeide med noko meiningsfylt i sommar?Vi har behov for flinke ferievikarar.Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt er ein del av Ålesund kommune. Vi har ansvar for tenester i heimetenesta og to sjukeheimar hhv. Skodje og Ørskog, i...
-
Tilkallingsvikarar fellesfag og programfag
2 weeks ago
Ålesund, Møre og Romsdal, Norway Møre og Romsdal fylkeskommune Full time 450,000 - 600,000 per yearOm stillinga Dersom du har lærarerfaring, eller kan tenke å prøve deg som lærar inviterer vi deg til å søke på denne utlysinga. Dette gjeld deg som har relevant utdanning innan eitt av dei yrkesfaglege programområda våre, eller utdanning relevant for undervisning i fellesfagaNøkkelinformasjonSøknadsfrist: Arbeidsgivar:Møre og Romsdal
-
Vi søker ekstrahjelp i høysesong
18 hours ago
Ålesund, Norway DeepOcean Full timeCarglass As Avd ÅlesundYstenesgata 16, 6003 ÅlesundOm jobbenStillingstittelBilglass-/ruteskifterOppstartjanuar 2026Type ansettelseEngasjement, heltid 100%ArbeidstidVakt, dagtid, ukedagerArbeidsspråkNorskAntall stillinger1ArbeidsstedHjemmekontor ikke muligDu trenger ingen tidligere erfaring i fra bilglassbransjen, da du vil få full opplæring i dine...