Vikarkurs i Ambulansetenesta
6 days ago
Vikarkurs i Ambulansetenesta AVDELING FOR BÅT- OG BILAMBULANSE, Helse Møre og Romsdal HF
Søk på stillinga (i ny fane)
Om stillinga
Ambulansetenesta i Møre og Romsdal gjennomfører kurs for nye vikarar.
Kursa vil bli arrangert i løpet av våren 2026, og tek høgde for at vikarane er ferdige til sommaren. Kursa er obligatoriske for søkjarar som ikkje er autoriserte ambulansearbeidarar/paramedisinar. Utgifter til reise blir dekka av den enkelte deltakar. Opptak som vikar føreset at ein deltek på heile opplæringskonseptet.
Seleksjon vil føregå ved intervju og fysiske testar. 40 timar hospitering på tildelte seksjonar vil vere ein del av seleksjonskriteria.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist
Arbeidsgivar
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Vikarkurs i Ambulansetenesta
Stillingar
20
Tilsetjingsform
Ferievikar
Webcruiter-ID
Sosial Deling
Del på X
Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post
Opplæringa består av
Seleksjon
Aktuelle kandidatar må hospitere minimum 40 timar ved tildelt seksjon før opptak til kurs.
Fysisk test
Gjennomførast i forbindelse med intervju.
Fokusert hospitering
Alle vikarkandidatar skal ha ein fokusert hospiteringsperiode på minimum 110 timar. Opplæringa er målretta og tek utgangspunkt i sjekklister for hospitering.
AOP-kurs gjennomførast ved HV-11 Setnesmen leir og det tilbys overnatting og forpleining.
Dette kurset blir gjennomført frå tirsdag til torsdag i veke 7, med atterhald om endringar. Det er obligatorisk oppmøte alle dagar for bestått kurs.
AMLS/PHTL (Nettbaserte sjølvstudium før kursdagar)
Oppmøtekurs blir gjennomført som 2 øvingsdagar spreidd over ein periode på 2-3 veker. Hensikta er at dette skal kombinere sjølvstudium også mellom kvar øvingsdag.
- PHTLS-kurs (Prehospital Trauma Life Support): blir halde i veke 12, mars og inneber ei e-læring som må vere bestått før praktisk kurs.
- AMLS-kurs (Advanced Medical Life Support): Planleggast gjennomført i veke 15, april. E-læring må gjennomførast før praktisk kurs.
Kvar av kursa har avsluttande eksamen.
Utsjekk nivå 1
Deltakarane blir godkjende for ferievikariat/vikariat etter bestått utsjekk nivå 1. Ikkje datofesta, og blir individuelt tilpassa.
- Dersom søkjarar har gjennomført noko av denne utdanninga tidlegare, er det mogleg å få dette godkjent mot dokumentasjon.
Kven er vi på jakt etter
- Autorisert ambulansearbeidar
- Autorisert Paramedisiner
- Autorisert sjukepleiar
- Bachelor paramedisin-studentar med fullført 120 stp i utdanningsløpet
- Medisinstudentar med mellombels lisens
- Annan helsefagleg utdanning med norsk autorisasjon kan bli vurdert.
Krav til søkjarane
- Alle attestar og dokumentasjon knytt til CV skal følgje søknaden.
- Førarkort klasse C1
- Plettfri vandel, politiattest krevjast før tilsetjing i stillinga, etter Lov om helsepersonell
- 20a
- Utanlandske søkjarar kan bli bedne om å dokumentere bestått norskprøve høgare nivå (Bergenstesten) tilsvarande B2 og C1
- Gode samarbeidsevner og evnen til å jobbe under press
- Egnethet for tjeneste inkludert fysisk test
- Alle søkera må bestå fysisk test og gjennomgå intervju før inntak på vikarkurset
Vi tilbyr
- Høg fagleg kvalitet
- Avdeling som satsar på fagutvikling
- Variert og lærerik arbeidskvardag
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Knut Erik Skogheim
Avdelingssjef
Telefon:
Om arbeidsgivaren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget For meir informasjon om helseføretaket, sjå
Helse Møre og Romsdal