Administrasjonssjef

6 days ago


Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 550,000 - 650,000 per year

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Administrasjonssjef

Ved Klinisk institutt 2 (K2), Det medisinske fakultet, er det ledig ei spennande og utfordrande leiarstilling som administrasjonssjef (100 %) med tilsetjing frå mars-april 2026. Administrasjonssjefen ved Klinisk institutt 2 har personalansvar for administrasjonen, er linjeleder for teknisk ansatte og inngår i instituttet si leiargruppe.

Klinisk institutt 2 er ei klinisk og translasjonell forskingseining som byggjer på tett samarbeid mellom klinikarar og forskarar. Instituttet utfører medisinsk forsking, rettleiing, formidling og undervisning på eit høgt internasjonalt nivå. Instituttet har viktige oppgåver innan medisinutdanninga, ulike mastergradprogram og PhD-program innan medisin, odontologi, farmasi og ernæring.

Klinisk institutt 2 har om lag 350 ansatte (~300 vitenskapelege og 50 teknisk/adminitrativt ansatte). K2 har delt studieadministrasjon med Klinisk institutt 1 og desentralisert økonomadministrasjon.

Instituttet er lokalisert på Campus Haukeland, samt på Haraldsplass diakonale sjukehus.

Eit av UiBs satsningsområder er studiemodell Vestlandslegen og instituttet har i tillegg ansatte med arbeidsstad i Stavanger, Haugesund og Førde.

Arbeidsoppgåver:

  • Personalansvar for instituttadministrasjonen, dagleg drift og overordna administrative funksjonar
  • Ansvar for utvikling, iverksetting og oppfølging av administrative prosedyrar og rutinar
  • Saksbehandlings, utviklings- og utgreiingsoppgåver
  • HMS-ansvar
  • Økonomioversikt
  • Oversikt og disponering av instituttets areal
  • Delta i strategiarbeid og utvikling av administrasjonen
  • Omstillingsoppgåver
  • Rådgjevar og støttefunksjon for instituttleiar og leiargruppa i administrative saker
  • Sekretær for instituttrådet
  • Samhandling med fakultetsadministrasjonen og dei andre institutta ved Det medisinske fakultet

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

For å vere kvalifisert for stillinga har du:

  • Mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
  • Relevant administrativ erfaring
  • Leiarerfaring
  • Gode digitale ferdigheiter
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne i begge målføre og engelsk
  • Dokumentert erfaring med økonomistyring

I tillegg er det eit føremon at du har:

  • Relevant administrativ erfaring frå UH-sektoren
  • Erfaring med leiing av omstillingsprosessar
  • Erfaring med søknadsprosessar innan forsking

Vi søkjer etter deg som:

  • er positiv, har gode leiarevner og stor arbeidskapasitet
  • trivs med å vera ein som held hjula i gang og har glede av å lukkast saman med andre
  • har evne til å involvere og motivere
  • er strukturert og har gode planleggingsevner
  • har stor grad av sjølvstende og er løysingsorientert
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
  • har evne til og har interesse for å tileigne seg nye ferdigheiter
  • ønskjer å arbeide med administrasjon som støtter forsking, utdanning og innovasjon
  • likar å jobbe i eit travelt miljø med stort spenn i arbeidsoppgåver

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Løn som administrasjonssjef (kode 1058) er for tida – For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleder Silke Appel, e-post: , eller fakultetsdirektør Synnøve Myhre, e-post:

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Om Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter.

Søknadsfrist

  1. januar 2026

Arbeidsgivar

Universitetet i Bergen

Kommune

Bergen

Omfang

Heiltid

Varigheit

Fast

Arbeidsstad

Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen

Ledige stillingar - Universitetet i Bergen



  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 400,000 - 600,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Vitskapleg assistent (20 prosent) på DARKLAX-prosjektetVelkomen som...

  • Juridisk utgreiar

    2 days ago


    Bergen, Norway DeepOcean Full time 880,000 - 2,200,000 per year

    Gulating lagmannsrettGulatings plass 1, 5012 BergenOm jobbenStillingstittelJuridisk utgreiarType ansettelseFast, heltid 100%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger1ArbeidsstedHybridkontorSøk senest søndag 14. desemberOm ossGulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet. Lagmannsretten blir leia av ein førstelagmann, og er organisert i to...