KI-utviklar/forvaltar
5 days ago
Automatisering og KI, Helse Vest IKT
Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
KI-Utviklar/forvaltar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor
Søk senest lørdag 22. november
Vil du arbeide innan eit av dei mest spanande IT-områda, samtidig som du gjer noko verkeleg samfunnsnyttig? Då vil du passe godt inn i satsinga vår på kunstig intelligens (KI/AI) og maskinlæring (ML).
Helse Vest IKT skal utvide vår teneste for kunstig intelligens. Dette skal bidra til at befolkninga får best moglege helsetenester, gjennom at helsepersonell får naudsynt og viktig støtte i det daglege arbeidet sitt.
Vi søker no ein KI-utviklar/forvaltar som kan utvikle og forvalte modellar for KI-applikasjonar. Du er nysgjerrig på ny KI-programvare og utviklinga, har ein sterk bakgrunn innan IT, og vil hjelpe andre å finne den beste løysinga på problema deira. Dette er ei moglegheit til å bruke KI til eit godt og meiningsfullt formål.
KI-teamet består i dag av ein dataanalytikar og to utviklarar, og vi har moglegheit til å trekke på ressursar frå det store fagmiljøet vi er del av. Teamet høyrer til seksjonen Utvikling, som består av 50 høgt kvalifiserte utviklarar, dataanalytikarar og UX-arar. Vi utgjer eit sterkt og kompetent miljø som er opptekne av å utvikle løysingar for framtidas helsetenester.
Arbeidsoppgåver
Utvikle og forvalte avanserte algoritmar og modellar for KI-applikasjonar.
Utforske kommersielle KI-leverandørar for tale- og naturleg språkbehandling.
Samarbeide med tverrfaglege team om å implementere, produksjonssette og forvalte KI-løysingar.
Optimalisere og forbetre eksisterande KI-applikasjonar.
Utforske ny KI-programvare.
Forvalte KI-server.
Kvalifikasjonar
Relevant IT-utdanning frå høgskule/universitet.
Solid kunnskap om maskinlæring og bruk av GPUar.
Erfaring med programmeringsspråket Python.
Erfaring med databasar som SQL Server.
Kunnskap om tenester i Microsoft Azure AI Foundry (Azure OpenAI Service, Azure AI Search, Azure Machine Learning).
Kunnskap om deployment (Docker, RestAPI, etc.) er nyttig.
Kunnskap om heile KI Livssyklus(utvikling, test, deployment, monitorering).
Evne til å arbeide med store datasett.
God forståing av dataanalyse og KI-modellar.
Kunne samarbeide i team og ha gode kommunikasjonsevner.
Personlege eigenskapar
Kreativ tenking og evne til å utforske nye tilnærmingar.
Som alle gode utviklarar har du gode logiske og analytiske evner, er løysingsorientert og jobbar strukturert.
Du er interessert i å halde deg oppdatert innanfor KI og maskinlæring og synest fagleg påfyll er givande.
Du har eit ønske om å levere det brukarane treng, samstundes som du har fokus på at kvalitet vanlegvis varar lengst.
Du likar å jobbe sjølvstendig, men set pris på å vere ein del av eit team.
Du er oppteken av samhald og erkjenner at ein oppnår meir ved godt teamarbeid enn som enkeltindivid.
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg Hos oss får du:
Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje.
Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
Fleksible arbeidsordningar med fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj.
Løn etter avtale.
Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Christian Autenried, Teamleiar,
Øyvind Sætrevik, Gruppeleiar,
Arbeidsstad
Bjørnsons gate 29
5052 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKT
Referansenr.:
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist:
Kontaktpersoner for stillingen
Øyvind Sætrevik
Gruppeleiar
Christian Autenried
Teamleiar
Om bedriften
Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
7a8160bd-5e7e-4e61-8fa3-14a5c708c509
Sist endret
- november 2025
Hentet fra
talentech
Referanse
45dad7ce6dd248f9bcb5343709d3448e
Lignende annonser
Join us shaping our AI future
AI Engineer
Arbeidsgiver
Mowi Markets Norway
Sted
Bergen
Join us shaping our AI future
AI Business Analyst
Arbeidsgiver
Mowi Markets Norway
Sted
Bergen
Holberg EEG AS (a Natus Company) søker Senior Utvikler
Senior Software Developer
Arbeidsgiver
Holberg EEG AS (a Natus Company)
Sted
Bergen
-
Systemansvarleg
5 days ago
Bergen, Vestland, Norway Helse Vest IKT Full time 900,000 - 1,200,000 per yearIntegrasjonsplattform, Helse Vest IKTOm stillingaVil du bidra til å gjøre kvardagen enklare for både pasientar og helsepersonell? I Helse Vest IKT sørger vi for at informasjon flyt sømløst mellom sjukehus, legekontor og nasjonale tenester, slik at helsevesenet fungerer i eit godt samspel. No søker vi ein systemforvaltar som vil bidra til å drifte...