Ph.d.-stipendiatstilling i systematikk og evolusjon hos lyng
5 days ago
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Om stillinga
Ved Avdeling for naturhistorie ved Universitetsmuseet i Bergen (Universitetet i Bergen) er det ledig ei
stilling som doktorgradsstudent innan biosystematikk hjå blomsterplantar. Stillinga er for ein
åremålsperiode på fire år, inkludert 25% (eit år) av anna karrierefremmande arbeid i botaniske
samlingar (t.d. undervisingsoppgåver, samlingsforvalting og formidling). Kandidaten skal arbeide med
eit forskingsprosjekt om mangfaldet, systematikken, fylogenien og bevaringsverdien til madagassiske
Erica (Ericaceae) som del av teamet for bevaring av trua artar: threatened-species-conservation.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Bakgrunn:
Erica (Ericaceae) er ei stor slekt av blomsterplantar med størst artsmangfald i Sør-Afrika og på Madagaskar. På Madagaskar er det foreløpig 35 kjende artar som er vanlege i fjellfloraen. Lynghei er ein nøkkelkomponent i den opphavlege vegetasjonen på sentrale Madagaskar der Erica-arter spelar ein viktig rolle i den eldpåverka økologien.
Mange av artane er likevel dårleg definerte taksonomisk. Slekta vart seinast revidert i 1927 og omfattar vanlege og utbreidde artskompleks som er dårleg kjente og ofte vanskelege å tolka. For å kunne måle i kva grad artane er trua og kunne innlemme data i breiare regionale analysar trengs ein moderne tolking av artsgrensa og effektive verktøy for å identifisera artar. Forståing av mangfaldet av Erica vil direkte bidra til arealplanlegging og landforvaltning i samarbeid med Kew Madagascar, Madagaskars miljødepartement og Madagaskars nasjonalparkar, og til Botanisk Gardens Conservation Internation (BGCI) Global Conservation Consortium for Erica som er koordinert ved UiB.
Mål:
Kandidaten skal bruka integrerte morfologiske og molekylære taksonomiske metodar for å studere
ulike aspekt av mangfaldet til madagassiske Erica-artar, med særleg fokus på det truleg kritisk trua
Erica goudotiana-artskomplekset. Arbeidet vil omfatta ein kombinasjon av herbariestudium,
feltarbeid, inkludert innsamling og trusselvurderingar, laboratoriearbeid, inkludert DNA-prosessering
for high-throughput sekvensering, bioinformatikk, inkludert fylogenetisk analyse og koalasensbasert
artinnleining, og syntese i form av ein formell revisjon.
Rettleiarar: Professor Michael D. Pirie (Avdeling for naturhistorie, Universitetsmuseet, Universitetet i Bergen), Førsteamanuensis Jan Hackel (DEEP, Universitetet i Stockholm), og Dr. Bat Vorontsova (Royal Botanic Gardens, Kew).
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Vi leitar etter ein entusiastisk og motivert kandidat, helst med erfaring innan systematikken til blomsterplanter og den madagassiske floraen. Søkjaren må kunne arbeide i team, ha evne til å utvikla nye ferdigheiter på ein sjølvstendig, strukturert og målretta måte, og ha gode sosiale og kommunikasjonsferdigheiter.
Kvalifikasjonskrav:
- Søkjarar må ha oppnådd ei mastergrad eller tilsvarande utdanning i botanikk, evolusjonær biologi eller biosystematikk, eller ha levert masteroppgåva si for vurdering før søknadsfristen.Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Erfaring med molekylært laboratoriearbeid og fylogenetiske analysar
- Tilgjengelegheit for å utføra feltarbeid og reise til utlandet for å studere botaniske samlingar ved andre institusjonar
- Gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
Ønskelege kvalifikasjonar:
- Erfaring med plantetaksonomi og systematikk
- Erfaring med å samla og identifisera planter
- Erfaring med å skriva vitskapelege artiklar og presentere postere og holde foredrag på internasjonale vitskapelege møter
- Erfaring med feltarbeid
- Erfaring med high throughput sekvensering
- Erfaring med bioinformatikk for biosystematikk
- Erfaring med vitskapskommunikasjon og formidling
For stillinga gjeldt følgande:
Om Ph.d.-stillinga:
Ph.d.-kandidaten skal ha ansvar for utviklinga av forskingsprosjektet, inkludert feltarbeid, taksonomiske identifikasjonar, fylogenetisk analyse, avgrensing av artar og andre analysar, så vel som skriving.
Om forskarutdanninga:
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til Ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til Ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Stilling som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på NOK Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- Namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
- CV
- Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert
- Relevante attestar
- Godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jf. Opptak til ph.d.-programmet | Fakultet for naturvitenskap og teknologi | UiB
- Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Michael Pirie, Universitetsmuseet, Avdeling for naturhistorie, , , eller instituttleder Jenny Smedmark, Universitetsmuseet, Avdeling for naturhistorie, ,
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Kunnskap som formar samfunnet
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsmuseet i Bergen –
Spørsmål om stillinga
Michael Pirie
Professor
Jenny Smedmark
instituttleder
Søknadsfrist
- desember 2025
Arbeidsgivar
Universitetet i Bergen
Kommune
Bergen
Omfang
Heiltid
Varigheit
Åremål
Arbeidsstad
Allégaten 41, 5007 Bergen
Ledige stillingar - Universitetet i Bergen
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 525,200 per yearUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Om stillingaVed Avdeling for naturhistorie ved Universitetsmuseet i...
-
Stipendiat i kulturvitskap
5 days ago
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 375,000 - 450,000 per yearUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Stipendiat i kulturvitskap ved Institutt for arkeologi, historie,...
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 450,000 - 650,000 per yearUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Stipendiat i hanseatisk historie frå mellomalder til tidleg moderne...
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 400,000 - 600,000 per yearUiB - Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?StipendiatVed Geofysisk Institutt (GFI) er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i datadriven berekningsmekanikk for vindenergi...
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 700,000 - 1,200,000 per yearUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Førsteamanuensis (innstegsstilling)Institutt for informatikk...
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 415,900 - 783,000 per yearUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Førsteamanuensis eller professor i helseøkonomiUniversitetet i...
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 560,000 - 800,000 per yearUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.FørsteamanuensisVed Institutt for design, Fakultet for kunst,...
-
Førsteamanuensis (100 ) i fotografi
5 days ago
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 900,000 - 1,200,000 per yearUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.FørsteamanuensisVed Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst...
-
Førsteamanuensis i organisk analytisk kjemi
5 days ago
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 500,000 - 600,000 per yearUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Førsteamanuensis i organisk analytisk kjemi / naturstoffkjemi...
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 480,000 - 600,000 per yearUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Førsteamanuensis II i nordisk språk og litteraturVelkomen som...