Rådgjevar

2 days ago


Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time

Seksjon for forsking og innovasjon har ledig eit års vikariat som rådgjevar i 100% stilling. Oppstart i stillinga frå

Stillinga er plassert i Fag- og utviklingsavdelinga, Seksjon for forsking og innovasjon. Forskings -og innovasjonsverksemda er under stadig utvikling og gode støttesystem for å stette nasjonale krav til forsking og innovasjon er viktig. I tillegg har seksjonen ei analyseeining som jobbar med analysar rundt variasjon i forbruk av helsetenester på kommunenivå, og i spesialisthelsetenesta.

Vi leitar etter ein utviklingsorientert medarbeidar som ønskjer å bidra til å vidareutvikle forskings -og innovasjonsverksemda vår.

Stillinga er 1 års vikariat grunna foreldrepermisjon.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

Arbeidsgivar:

Helse Førde

Stad:

FØRDE

Stillingstittel:

Rådgjevar forsking og innovasjon

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Vikariat

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

Arbeidsoppgåver

Stillinga er variert og inneheld ulike administrative oppgåver og sakshandsaming knytt til forsking og innovasjon. Stillinga krev eit tett samarbeid både med forskarar, leiarar, stabsområde i Helse Førde, nasjonale og internasjonale partnarar.

Generelle arbeidsoppgåver:

  • Forskingsadministrativ støtte til leiing, fagmiljø, og eksternt finansierte prosjekt
  • Administrativ støtte til leiing og fagmiljø i innovasjonsprosjekt
  • Saksførebuing, oppfølging, rapportering, og utgreiing knytt til ansvarsområdet
  • Ansvar for rapportering nasjonalt og regionalt i samarbeid med seksjonsleiar
  • Oppfølging knytt til drift av prosjekt: økonomi, koordinering, rapportering
  • Utlysing av interne midlar til forsking og innovasjon
  • Vedlikehalde og oppdatere internkontrollsystem for forsking og innovasjon

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på minimum bachelornivå
  • Erfaring frå prosjektarbeid og/eller forskingsadministrativt arbeid
  • Erfaring frå prosjektarbeid og/eller administrativt arbeid knytt til innovasjon
  • Kjennskap til innovasjonsmetodikk og innovasjonsprosessar
  • Relevant erfaring frå helsetenesta er ein fordel
  • Systemkunnskap og erfaring med saksbehandling og rapportering

Utdanningsretning

  • Biologi
  • Medisin
  • Administrasjon/organisasjon/leiing
  • Helsefag

Utdanningsnivå

  • Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter ein engasjert medarbeidar som kan arbeide sjølvstendig og strategisk, ta initiativ og vere ein pådrivar, og som har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Vidare må ein ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og ha god digital kompetanse.

  • Fleksibel og evne til å ha fleire ballar i lufta
  • Løysingsorientert, heilskapstenkjande, strukturert og leveringsdyktig
  • Vere brubyggar internt i organisasjonen og med eksterne partar
  • Evne til å meistre korte tidsfristar og handtere høgt arbeidspress i periodar

Vi tilbyr

  • Vi kan tilby ein variert og spanande arbeidsplass, der du får bidra i utviklingsarbeid og har rom for å utforme eigen arbeidskvardag
  • Gode kollegaer og eit spanande miljø
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Inkluderande arbeidslivsordning (IA-bedrift)

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Adresse:

Svanehaugvegen 2, 6812 FØRDE, Norge

Kontaktinformasjon

Guro Mjanger

Seksjonsleiar

Telefon:

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.



  • Førde, Vestland, Norway Norconsult Full time 650,000 - 850,000 per year

    Norconsult Project Execution (PEX) er ei eining i Norconsult med 30 stk som gjennomfører teknisk komplekse prosjekt innan fornybar energi og grøn industri. Vi er midt i ein spanande vekstfase, med ambisiøse mål for dei neste åra, og no trenge vi nye, dyktige kollegaer som vil vere med på laget vårt i Flekke i Sunnfjord (eventuelt Førde).PEX tilbyr...


  • Førde, Norway DeepOcean Full time 450,000 - 600,000 per year

    EnivestFirdavegen 5, 6800 FørdeOm jobbenStillingstittelØkonomimedarbeidar - vikariatType ansettelseVikariat, heltid 100%ArbeidsspråkNorskAntall stillinger1ArbeidsstedHybridkontorSøk senest lørdag 15. novemberVi i Enivest søker ein engasjert og strukturert økonomimedarbeidar som kan steppe inn i eit eittårig vikariat frå januar/februar 2026, medan...