Ny sengepost i Sandviken – vi søker sjukepleiarar, vernepleiarar og helsefagarbeidarar
5 days ago
Om stillinga
Vil du vere med og utvikle eit nytt behandlingstilbod innan psykisk helsevern?
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen etablerer no ein ny lukka sengepost med 8 plassar i Sandvikenområdet – den første byggesteinen i utviklinga av Program Psykisk helsevern for framtida – Nye Sandviken. Dette markerer starten på eit nytt kapittel for området, der vi skal utvikle eit langsiktig og heilskapleg tilbod til pasientar med samansette behov.
Sengeposten skal tilby behandling til pasientar med alvorlege psykiske lidingar, der nokre også har utfordringar knytt til vald og rus. Pasientane på dette behandlingsnivået vil ha behov for stabilisering og rehabilitering. Pasientgruppa vil vere samansett, og det faglege tilbodet breitt og tverrfagleg.
Vi søker no engasjerte medarbeidarar som ønsker å vere med frå starten og bidra til å utvikle eit nytt og framtidsretta behandlingstilbod. Turnus vil vere organisert i eigen langvaktturnus for dag og eigen langvaktturnus for natt, med arbeid pt kvar fjerde helg. Todelt turnus kan vere eit alternativ dersom søkarar ønsker dette.
Vi har ledige stillingar både 100% stilling i langvaktturnus og 80% stilling på natt i langvaktturnus:
* Spesialsjukepleiar/ Sjukepleiar
* Spesialvernepleiar/ Vernepleiar
* Helsefagarbeidar
Oppgi i søknaden kva stilling(ar) du søker.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
Arbeidsgivar:
Helse Bergen HF
Stad:
Bergen
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
Startdato:
Sosial deling :
Del på X
Del på LinkedIn
Del på Facebook
Del på e-post
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapeutisk arbeid og oppfølging i postmiljø
- Teamarbeid og tverrfagleg samarbeid
- Observasjon og dokumentasjon av symptom på psykisk liding
- Ansvarsvakt og medikamenthandtering (sjukepleiar/vernepleiar)
- Bidra til å skape ei trygg og strukturert postatmosfære med omsorg, støtte og gode grenser
- Praktiske oppgåver og dagleg drift
- Aktivisering og støtte i daglege gjeremål
- Bidra til fagleg utvikling og kvalitet i pasientforløpa
Kvalifikasjonar
For spesialsjukepleiar/sjukepleiar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid er ønskeleg
- Relevant erfaring med pasientgruppa
For spesialvernepleiar/vernepleiar:
- Norsk autorisasjon som vernepleiar
- Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller utviklingsforstyrringar er ønskeleg
- Relevant erfaring med pasientgruppa
For helsefagarbeidar:
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Erfaring frå psykisk helsevern er ønskeleg
Felles krav:
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
- Vandelsattest må leggast fram før tilsetting
Personlege eigenskapar
- Løysingsorientert, sjølvstendig og målretta
- Strukturert og pasientorientert
- Respektfull i møte med pasientar og pårørande
- God evne til å arbeide tverrfagleg og i team
- Trivst i eit aktivt og travelt miljø
- Etterspør og nyttar rettleiing
Vi tilbyr
- Å vere med og forme eit nytt behandlingstilbod frå starten
- Eit spennande og fagleg miljø der folk trivst på jobb
- Fadderordning og opplæring
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Barnehage i nærområdet, driven av Helse Bergen
- Arbeidsstad i Sandvikenområdet – Nye Sandviken
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Adresse:
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Norge
Opne vegbeskriving
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Cecilie Engelsgjerd Eikestad
Seksjonsleiar
Telefon:
E-post:
cecilie.engelsgjerd.-
Marthe Halvorsen Kjærstad
Konst. avdelingssjef
Telefon:
E-post:
marthe.halvorsen.-
Om arbeidsgivaren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 400,000 - 600,000 per yearOm stillingaPsykiatrisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe på natt/ til nattstillingar ved ulike einingar.Det er ledig 80% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk. Kandidatar vil bli tilsett i Psykiatrisk klinikk, pt ved ein av desse avdelingane:Avdeling for...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 600,000 - 800,000 per yearOm stillingaPsykiatrisk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus søker dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar til faste nattstillingar. Vil du vere med å gjere ein forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar? Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø, der tryggleik, kvalitet og omsorg står i...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full timeOm stillingaVil du vere med og vidareutvikle eit viktig og framtidsretta behandlingstilbod i psykisk helsevern?Helse Bergen HF søker ny assisterande seksjonsleiar til Seksjon for kompleks rehabilitering (KRS) – ein lukka seksjon med 8 døgnplassar fordelt på to pasientgrupper. Seksjonen er ein del av det som i framtida skal inngå i Nye Sandviken, eit...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full timeOm stillingaDette er stillinga for deg som ønsker ein kick-start på karrieren din som vernepleiar. Her får du ein spennande og utfordrande jobb og god fagleg utvikling.Haukeland universitetssjukehus har gleda av å lyse ut nye stillingar til traineeprogrammet for nyutdanna vernepleiarar med oppstart 15. juni Du får 100% fast jobb frå første arbeidsdag...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen HF Full timeOm stillinga Avdeling for rusmedisin (AFR) treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar. For desse stillingane er det krav om Norsk autorisasjon.AFR tilbyr behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. AFR satsar også sterkt på forsking ogkvalitetsutvikling innan rushelsetenesta. AFR har om...
-
Fysioterapeut
7 days ago
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 550,000 per yearOm stillingaVoss Sjukehus har ledig % vikariat som fysioterapeut frå 1. november 2025 til 1. juni 2026, og med mogelegheit til forlenging Vi ser etter deg som er klar for ein spennande og aktiv kvardag i spesialisthelsetenesta, som trivast med varierte og utfordrande oppgåver. Om avdelingaSom fysioterapeut ved Voss Sjukehus er du organisert i Kirurgisk...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 600,000 per yearOm stillingaHaukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe innan Psykisk helsevern. Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 400,000 - 600,000 per yearOm stillingaHaukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Avdeling for rusmedisin Avdeling for rusmedisin (AFR) tilbyr tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) til pasientar med rus- og avhengigheitslidingar, inkludert speleavhengnad. AFR tilbyr ulike behandlingsformer;...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 400,000 - 600,000 per yearOm stillingaDette er stillinga for deg som likar utfordringar og som vil bli så god sjukepleiar som mogleg Haukeland universitetssjukehus har gleda av å lyse ut nye stillingar til traineeprogrammet for nyutdanna sjukepleiarar med oppstart 15. juni Du får 100% fast jobb frå første arbeidsdag og sjølve traineeperioden går over 2 år. Det er eit styrt...
-
Bergen, Vestland, Norway SATS Group Full time 400,000 - 600,000 per yearBli vår nye Cluster GX Manager Som Cluster GX Manager er du ansvarlig for å utvikle og sikre kvaliteten på gruppetreningstilbudet på sentrene i ditt cluster, SATS Bergen (LHG), SATS Wergeland, SATS Damsgård, SATS Åsane, SATS Sandviken og SATS Danmarks Plass. Du er en engasjert og operativ leder med personalansvar for alle...