Sommarvikariat - medisinstudent med lisens

1 week ago


Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 450,000 - 550,000 per year

Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus søkjer LIS1 ferievikarar i perioden

Nordfjord sjukehus er eit av tre sjukehus i Helse Førde.

Medisinsk seksjon ved Nordfjord sjukehus har 5 faste overlegar, 6 LIS1, 1 i ordnær drift.

Medisinsk sengepost dekkjer medisinsk akuttfunksjon for pasientar i Nordfjordregionen i samarbeid med dei andre sjukehusa i Helse Førde. Seksjonen har ein sengepost med 16 senger, derav 3 observasjonssenger.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

Arbeidsgivar:

Helse Førde

Stad:

Nordfjordeid

Stillingstittel:

med lisens

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Engasjement

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

Arbeidsoppgåver

  • har varierte oppgåver knytt til mottak av pasientar, akutt og planlagd innlegging, oppfølging og utskriving av pasientar på sengeposten

Kvalifikasjonar

  • Utdanna lege, klar for LIS1 teneste )/ medisinstudent med lisens
  • Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå sjukehus vil vere ein fordel
  • Erfaring med DIPS Arena og MEONA vil vere ein fordel
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Ha gode samarbeidsevner og vere fleksibel
  • Tåle tidvis høgt tempo

Vi tilbyr

  • Utviklande arbeid
  • Godt arbeidsmiljø
  • Varierte medisinskfaglege problemstillingar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp med å skaffe bustad
sommarjobb
sommarjobbnordfjord

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Adresse:

Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid

Kontaktinformasjon

Hilde Manseth Bjørhovde

Seksjonsleiar

Telefon:

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.



  • Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time 450,000 - 550,000 per year

    Lærdal sjukehus har i perioden behov sommarvikarar på medisinsk seksjon.Vi søkjer deg som tar ansvar, har pasienten i fokus og samarbeider godt med andre. Vi kan tilby deg medisinsfaglege utfordringar, og eit godt arbeidsmiljø.Lærdal sjukehus er ein del av Helse Førde HF.Du vil få oppgåver knytt til sengepost, poliklinikk, visittgang og vaktarbeid....

  • Sommarvikarar

    3 days ago


    Førde, Vestland, Norway Sunnfjord kommune Full time

    Våre flinke og engasjerte medarbeidarar treng å vite at jobben deira blir godt ivaretatt når dei tar ferie til sommaren. Vi treng difor vikarar som vil jobbe hos oss i forbindelse med ferieavvikling sommaren 2026. Ein sommarjobb hos oss kan gjere vegen til fast jobb kortareVi har ledig sommarvikariat ved følgande einingar:Sande omsorgssenterSande...


  • Førde, Vestland, Norway Helse Førde HF Full time

    Medisinsk avdeling ved Førde sentralsjukehus har sengepostar med 37 senger, 6 senger i observasjonspost, poliklinikk, intensiv- og overvakingssenger, dialysepost og akuttmottak. Seksjonen har godkjenning som utdanningsinstitusjon innan gastroenterologi, kardiologi, nefrologi og lungesjukdomar og er bemanna med 14 overlegar,10 LIS 2 i vakt, 6 erfarne LIS 2/3...