Lege i spesialisering Nevrologisk avdeling

2 weeks ago


Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time 1,000,000 - 1,300,000 per year


Om stillinga

Er du klar for å jobbe med kroppens mest spennande organ? Hjernen

Innan nevrologi har vi 8 overlegestillingar og 8 stillingar for LIS. Nevrologi er organisert som ei eiga eining i medisinsk klinikk. Eininga har poliklinikk (generell og spesialpoliklinikk for MS, epilepsi, parkinson, hjerneslag, ALS/Huntington/nevro-onkologi, botox), nevrofysiologisk laboratorium og ein sengepost med 8 senger til generell nevrologi og 6 til slagpasientar.

Nevrologi er eit fag i stadig utvikling, med nye og aukande behandlingsmoglegheiter. Som LIS i nevrologi vil du møte pasientar i alle aldersgrupper med mange spennande sjukdomar og tverrfaglege utfordringar. Samarbeid med andre faggrupper som terapeutar og logopedar er viktig. Vi gir god opplæring før du startar med vakt.

Høyres dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer.

Vi vil ta kontakt med aktuelle søkjarar fortløpande. 



Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

Arbeidsgivar:

Helse Fonna HF

Stad:

HAUGESUND

Stillingstittel:

Lege i spesialisering

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

Sosial deling :

Del på X

Del på LinkedIn

Del på Facebook

Del på e-post

Kva går jobben ut på?

  • Utredning og behandling av pasientar på sengepost.
  • Etter kvart deltaking i poliklinisk arbeid.
  • Deltaking i tverrfaglig samarbeid.
  • Praktiske prosedyrar som spinalpunksjon og moglegheit for deltaking i botoxbehandling.
  • Bidra til internundervisning.

Det er for tida 8-delt tilstadevakt i avdelinga.



Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som lege med fullført LIS 1 (eller du er snart ferdig med turnustenesta).
  • Det er ein fordel med erfaring frå norsk sjukehus.
  • Gode språkkunnskaper er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå.

Venter du på turnus og er interessert i nevrologi kan du være aktuell for vikariat.



Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • er ein entusiastisk lege som ønskjer å bli nevrolog
  • er ein som byggjer tillit og skaper gode relasjonar
  • har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • er punktleg og påliteleg


Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Grundig opplæring i prosedyrer og vaktoppgåver.
  • Fast rettleiing.
  • Samarbeid med HUS og SUS for gjennomføring av heile LIS-løpet.
  • Avspasering kvar 8.veke.
  • Avsett tid til fordjuping 1 dag anna kvar veke.
  • Bli ein del av eit internasjonalt arbeidsmiljø som er både aktivt og triveleg.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.



Adresse:
Karmsundgata 120, 5528 HAUGESUND, Norge



Opne vegbeskriving

(i ny fane)



Kontaktinformasjon

Eirik Haavik

Avdelingsleiar

Telefon:

E-post:

LinkedIn-profil

Om arbeidsgivaren

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her 




  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time

    Om stillinga Visuell og faglig spennande jobb?Avdeling for radiologi og nukleærmedisin ved Haugesund sjukehus har ledig stilling for lege i spesialisering.Om jobb & fag: Dei fleste syns diagnostikk er spennande. Her er ein jobb der du kan findyrke dette, i møtet mellom høgteknologi og klassisk klinikk. Haugesund sjukehus er perfekt for oppstart...


  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time

    Om stillinga Vil du være med på ein jobb der ingen dagar er like, og hvor du kan skape tryggleig, glede og gode augeblikk for barn og unge?Ein av våre LIS3 er nå klare for å gå inn i sluttfasen i sitt spesialiseringsløp og vi søker nå ein ny kollega som ønsker å spesialisere seg i barnesjukdomar (pediatri). Hos oss finn du dyktige kollegaer,...


  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time 600,000 - 900,000 per year

    Om stillinga Vil du bli psykiater og bidra til å styrkja tilbodet til pasientar med psykiske lidingar?Hos oss får du eit trygt og utviklande spesialiseringsløp med fast stilling heile vegen.Du får brei erfaring gjennom delt praksis ved Haugesund sjukehus og Haugaland DPS.Du blir ein del av eit fagmiljø med tett samarbeid mellom psykologar, somatikk og...


  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna Full time

    Om stillingaFagutviklingssjukepleiar (20 %) – løft nevrofaget saman med ossNevrologisk avdeling søkjer ein engasjert fagutviklingssjukepleiar i 20 % stilling – gjerne med snarleg oppstart. Hos oss får du kombinere fagleg utvikling, kvalitetsarbeid og tett samarbeid i eit sterkt tverrfagleg miljø.Nevrologisk avdeling omfattar poliklinikk,...

  • LIS lege

    4 days ago


    Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna Full time

    Er du ein engasjert LIS-lege som vil utvikle deg fagleg i eit trygt og godt arbeidsmiljø?Vi tilbyr eit spanande vikariat på 6 månader innan øyre-nase-hals, med moglegheit for forlenging. Hos oss blir du del av ei avdeling med god atmosfære, høgt fagleg fokus og undervisning som ein naturleg del av kvardagen.Send inn søknad og CV så snart som mogleg...


  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna Full time

    Om stillingaKirurgisk klinikk, Haugesund sjukehus, har ledig 1 års vikariat for LIS 2 innen gastrokirurgi.Avdelingen er en del av kirurgisk klinikk og er godkjent som utdanningsavdeling.Avdelinga er en del av Kirurgisk klinikk og er godkjend som utdanningsavdeling i generell kirurgi, mamma/endokrinkirurgi, gastrokirurgisk og urologi med fagfordypning for...


  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time

    Om stillinga Kirurgisk klinikk, Haugesund sjukehus, har ledig 1 års  vikariat for LIS 2  innen gastrokirurgi.  Avdelingen er en del av kirurgisk klinikk og er godkjent som utdanningsavdeling.Avdelinga er en del av  Kirurgisk klinikk og er godkjend som utdanningsavdeling i  generell kirurgi,  mamma/endokrinkirurgi, gastrokirurgisk og urologi med...


  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time

    Om stillinga Visuell og faglig spennande jobb?Avdeling for radiologi og nukleærmedisin ved Haugesund sjukehus har ledig fast stilling som overlege.Om jobb & fag: Haugesund sjukehus er perfekt for fagfolk som søker breddekompetanse: Stort nok til full faglig bredde, og lite nok til tett teamarbeid rundt diagnostikk og produksjon.   Om oss: Radiologar med...


  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time

    Om stillinga Visuell og faglig spennande jobb?Avdeling for radiologi og nukleærmedisin ved Haugesund sjukehus har ledig fast stilling som overlege på Brystdiagnostisk senter.Erfaring med brystdiagnostikk er en fordel, men radiologer eller snart ferdige spesialister er velkomne til å søke.Om en også ønsker å jobbe med andre fagområder innen...


  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time

    Om stillinga Vil du bli vår nye overlege innan kardiologi?Fagområdet kardiologi er organisert under Hjarte- og lungeavdelinga, som er ein del av medisinsk klinikk. I dag har vi ni sengeplassar og dekkjer dei fleste fagområda innan hjartesjukdomar – med unntak av invasiv kardiologi og nokre spesialiserte undersøkingar. Eininga har òg ansvar for...