Stipendiat/PhD
6 days ago
Helse Fonna lyser med dette ut ein garanti for finansiering av doktogradsstipend. Stipendet kan bli tatt ut som 100% stilling over tre år, alternativt 50% i seks år.
Ph.d. stipendet er knytt til prosjektet STIM-Styrket trinnvis tverrfaglig innsats psykisk helse barn og unge. STIM er eit forskings- og innovasjonsprosjekt som skal utvikle, implementere og evaluere to trinnvise og tverrfaglege intervensjonsmodellar for barn og unge på tvers av kommune- og spesialisthelseteneste; STIM EAT for spiseforstyrrelser og STIM REG for oppmerksomhetsvanskar og uro.
Aktuell stilling er ei fordjupingsstilling med mål om at den som får stillinga tar ei doktorgrad (avlegg graden philosophiae doctor ph.d.) og samtidig tilegnar seg godkjenning som legespesialist eller psykologspesialist. Stillinga er også aktuell for den som allereie er psykologspesialist eller legespesialist. Om stillinga skal kombinerast med ei klinisk stilling, vil den kliniske stillinga vere innan psykisk helsevern for barn og unge.
Det blir forventa at ein søkjer ekstern finansiering til prosjektet ved relevante utlysingar.
Etter at stipendperioden er gjennomført (avlagt doktorgrad), vil den kliniske stillinga vere knytt til psykisk helsevern for barn og unge ved Haugesund sjukehus.
NøkkelinformasjonSøknadsfrist:
Arbeidsgivar:
Helse Fonna HF
Stad:
HAUGESUND
Stillingstittel:
Fordjupingsstilling (Ph.d. stipend)
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
Del på XDel på Facebook
Arbeidsoppgåver- Gjennomføre eit ph.d. prosjekt innafor prosjektparaplyen STIM-Styrket trinnvis tverrfaglig innsats psykisk helse barn og unge.
- Den som vert tilsett må vere lege ) eller psykolog (cand.psychol.)
- Det er ein fordel å ha kompetanse eller erfaring frå prosjektleiing
- Ved tilsetjing vil arbeidserfaring frå psykisk helsevern for barn og unge og/eller kommunal psykisk helseteneste samt kompetanse på førebyggjande arbeid bli vektlagt
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Evne til å halde god framdrift i prosessar
- Positiv og engasjert
- Ryddig og strukturert
- Godt arbeidsmiljø
- Forskingsstøtte
- Klinisk stilling i psykisk helsevern for barn og unge i Haugesund
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Adresse: Karmsundgata 120, 5528 HAUGESUND, NorgeKontaktinformasjon
Haldis Johanne Økland Lier
Forskningssjef
Telefon:
Om arbeidsgivarenHelse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her