Stipendiat i datadriven berekningsmekanikk for vindenergi til havs

3 days ago


Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 400,000 - 600,000 per year

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat

Ved Geofysisk Institutt (GFI) er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i datadriven berekningsmekanikk for vindenergi til havs. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga dekkjer ein viktig del av aktivitetane ved Bergen Offshore Wind Centre (BOW), der målet er å bringe saman grunnleggjande og bruksretta forsking innan vindkraft til havs.

Stillinga er finansiert av EU og knytt til prosjektet ERC Consolidator Grant Data-Driven Approaches in Computational Mechanics for the Aerohydroelastic Analysis of Offshore Wind Turbines - DATA-DRIVEN OFFSHORE (Grant agreement ID:

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Vindkraft til havs er avgjerande for å oppnå måla til The European Green Deal. Sjølv om offshore vindkraft er eit felt som har vakse og modna, krev teknologien eit paradigmeskifte for å sikra den berekraftige utviklinga dei neste åra. En veg for å oppnå dette paradigmeskiftet er fokusert på utviklinga av datadriven berekningsmekanikk. Forskingsaktivitetane knytt til denne stillinga følgjer utviklinga av matematiske metodar og numeriske prosedyrar for datadriven berekningsmekanikk som vil bli brukt til aerohydroelastisk analyse av offshore vindturbinar. Denne nye tilnærminga tillèt å inkludere eksperimentelle data i simuleringa til systemet. Dei vanlege likningane må bli justert slik at ein kan erstatte turbinbelastning, grenseføresetnadar og materialmodellar gjennom eksperimentelle data. Forskinga knytt til stillinga har og som mål å ha eit tett samarbeid med forskingsmiljø innan BOW og GFI. Det er forventa at resultatet av denne forskinga vil bli publisert i høgt rangerte tidsskrift.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i ingeniørfag, informatikk, energi, matematikk eller fysikk. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Programmeringsferdigheiter, til dømes Fortran eller C++, er eit krav.
  • Kompetanse innan teorien knytt til finite-element method er ein fordel.
  • Kompetanse innan teorien knytt til numerical optimization er ein fordel.
  • Erfaring frå high-performance computing er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og vise gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagde. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil òg bli vurdert i utveljinga av kandidatar.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.

For stillinga gjeldt følgande

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Cristian G. Gebhardt, Geofysisk Institutt og Bergen Offshore Wind Centre, e-post: , tel.:

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Magnus Larsen, e-post:

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Kunnskap som formar samfunnet

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre.

Spørsmål om stillinga

Cristian G. Gebhardt

Professor

Søknadsfrist

  1. januar 2026

Arbeidsgivar

Universitetet i Bergen

Kommune

Bergen

Omfang

Heiltid

Varigheit

Åremål

Arbeidsstad

Allegaten 70, 5007 Bergen

Ledige stillingar - Universitetet i Bergen



  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 600,000 - 2,400,000 per year

    Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Forskar 1109Ved Geofysisk Institutt (GFI) er det ledig ei mellombels...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 375,000 - 450,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Stipendiat i kulturvitskap ved Institutt for arkeologi, historie,...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 450,000 - 650,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Stipendiat i hanseatisk historie frå mellomalder til tidleg moderne...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 525,200 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Om stillingaVed Avdeling for naturhistorie ved Universitetsmuseet i...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 400,000 - 600,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Vitskapleg assistent (20 prosent) på DARKLAX-prosjektetVelkomen som...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 500,000 - 600,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Om stillingaVed Avdeling for naturhistorie ved Universitetsmuseet i...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 700,000 - 1,200,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Førsteamanuensis (innstegsstilling)Institutt for informatikk...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 550,000 - 650,000 per year

    Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.PostdoktorVed Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 434,500 - 549,000 per year

    Spennende læreplassNå søker vi dyktige lærlinger til IT-driftsfaget med oppstart i 2026.Vil du ha en læreplass med varierte dager, tett oppfølging og mulighet til å utvikle deg både faglig og personlig?Ved Universitetet i Bergen (UiB) legger vi vekt på at du skal få vokse faglig, føle mestring og være en del av et sterkt fellesskap. Du får et...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 900,000 - 1,200,000 per year

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.FørsteamanuensisVed Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst...