Systemansvarleg
6 days ago
Integrasjonsplattform, Helse Vest IKT
Om stillinga
Vil du bidra til å gjøre kvardagen enklare for både pasientar og helsepersonell?
I Helse Vest IKT sørger vi for at informasjon flyt sømløst mellom sjukehus, legekontor og nasjonale tenester, slik at helsevesenet fungerer i eit godt samspel. No søker vi ein systemforvaltar som vil bidra til å drifte integrasjonsplattformen som er heilt avgjerande for trygg og effektiv pasientbehandling.
Hos oss blir du del av Integrasjonssenteret, eit sterkt fagmiljø med 41 dedikerte kollegaer som forvaltar og utviklar løysingar for heile Helse Vest. Du får arbeide med BizTalk Server, IIS, Azure og Kubernetes, saman med eit engasjert plattformteam som har høg trivsel og sterk lagånd.
Vi ser etter deg som liker å løyse problem, bidra i prosjekt og sikre at integrasjonane mellom fagsystema faktisk fungerer kvar dag, for dei som treng det mest.
Arbeidsstad vil vere i Bergen eller Stavanger.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
Arbeidsgivar:
Helse Vest IKT
Stad:
Bergen, Stavanger
Stillingstittel:
Systemansvarleg
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
Arbeidsoppgåver
- Forvalte, drifte og vedlikehalde integrasjonsplattforma (Microsoft BizTalk Server og IIS) i Helse Vest.
- Bidra med innføring av ny plattform basert på Azure og Kubernetes.
- Bidra med kompetanse i teamet for feilsøking, feilretting og kontinuerleg forbetring.
- Delta som teknisk ressurs i prosjekt og bidra til gode, framtidsretta løysingar.
- Støtte test- og verifikasjonsarbeid for nye integrasjonar og systemendringar.
Du blir ein viktig del av laget som sørger for at informasjon flyt trygt og effektivt mellom fagsystema i helsevesenet til beste for pasientar og helsepersonell.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på Bachelornivå. Arbeidserfaring og personlege eigenskapar kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Erfaring eller kompetanse på Windows Server og teknologistandardar (XML, SOAP, REST, ebXML, SQL, PKI, etc.).
- Erfaring eller kompetanse på skytenester som Microsoft Azure og Kubernetes.
- Erfaring eller kompetanse med drift av applikasjonar og webtenester.
- Kjennskap til scripting, som til dømes Powershell.
- Kjennskap til helsesektoren tel positivt.
Personlege eigenskapar
- Du er strukturert, kvalitetsbevisst og tek ansvar for det du leverer.
- Du er initiativrik, liker å ta tak i utfordringar og trivst i eit sterkt fagmiljø.
- Du samarbeider godt med andre, er serviceinnstilt og deler gjerne kunnskap.
- Du har evne til å sjå heilskapen i eit komplekst systemlandskap – og samtidig gå i dybden på teknologien når det trengst.
- Du trivst i eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø, der du har stor påverknad på eigen kvardag.
- Du har interesse for drift og systemforvalting, og forstår verdien av robuste, stabile og sikre løysingar.
- Du bidreg aktivt til godt medarbeidarskap og eit godt arbeidsmiljø.
- Du formulerer deg klart og presist på norsk, både muntleg og skriftleg.
Vi tilbyr
Har du lyst til å jobbe ein stad der du merkar at jobben din betyr noko? Der du får bruke kompetansen din til å gjere kvardagen enklare for både pasientar og helsepersonell?
Då er det deg vi ser etter
Hos oss får du:
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø prega av samarbeid, trivsel og høg fagleg kompetanse.
- Ein del av eit sterkt fagmiljø i ein framtidsretta og samfunnskritisk bransje.
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for både fagleg og personleg utvikling.
- Fleksible ordningar med heimekontor, fleksitid og arbeidsveke på 37,5 timar inkludert lunsj.
- Moderne kontorlokale med god kollektivdekning (buss og bybane) og innandørs sykkelparkering.
- Løn etter avtale og medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
- Del av eit større fellesskap, med tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og gode tilbod for tilsette.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Adresse:
Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen, Norge
I Park
Professor Olav Hanssens vei 7
4021 Stavanger
Norge
Kontaktinformasjon
Espen Smebye Søreng
Gruppeleder
Telefon:
Om arbeidsgivaren
Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-