Matvert i Spisestua

7 days ago


Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 250,000 - 350,000 per year

Om stillinga

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket.

Helse Bergen har gjennom si satsing på ernæring vedtatt etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal kome i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpasse kvar enkelt sitt ernæringsbehov.

Hospitaldrift Matforsyning har ansvar for spisestuene som finst for fleire avdelingar. Per i dag betjener vi 22 spisestuer. Spisestuene er open frå kl alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader.

Sjukdomsrelatert underernæring er vanleg hos pasientar som blir innlagd på sjukehus. Dette fører til unødig høg førekomst av komplikasjonar, og kan vere med på å forlenge sjukehusopphaldet.

Den fremste oppgåva for våre matvertar, er å påverke pasientane til å ete og ta til seg næring. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir mellom dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretting av mat, oppvask og rydding.

Vi har no ledig følgande stillingar:

2 x 15% stillingar i vikariat 6 mnd. som Matvert, med arbeid kvar tredje helg.

Muligheter for fast ansettelse etter vikariatet.

Vi søker etter fleksible, sjølvstendige og ansvarsbevisste personar som er villig til å tileigne seg ny kunnskap. Matverten må pårekna å arbeide i alle våre spisestuer.

Søkarer med fagbrev som kokk vil også være aktuelle.

Aktuelle kandidatar kan bli innkalla til intervju undervegs i prosessen.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

Arbeidsgivar:

Helse Bergen HF

Stillingstittel:

Matvert i Spisestua

Heiltid / Deltid:

Deltid

Tilsetjingsform:

Vikariat

Stillingsprosent:

15

Webcruiter-ID:

Startdato:

Sluttdato:

Del på X

Del på Facebook

Arbeidsoppgåver

  • Bidra med matomsorg til pasientar
  • Bestilling, tillaging og servering av måltid
  • Reinhald, oppvask og rydding

Kvalifikasjonar

  • Må ha erfaring frå kjøkken/kantine
  • Kjennskap til IK-mat
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg
  • Språkleg kunnskapsnivå må kunne dokumentarast

Personlege eigenskapar

  • Fagleg interesse og engasjement
  • Serviceinnstilt og imøtekommande
  • Trivast med å jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Strukturert og nøyaktig
  • Vere fleksibel og kunne arbeide i eit hektisk miljø
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåvene
  • Du kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsplass der eit av våre satsingsområde er: "MAT SOM MEDISIN."
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Adresse:

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Norge

(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Evy Førland Sander

Fagarbeidar

Telefon:

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.


  • Matvert

    1 week ago


    Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 550,000 per year

    Om stillingaHospitaldrift Matforsyning har ansvaret for matservering til pasientar. Til dette treng vi flinke og framoverlente matvertar og har ledig følgande stilling: 1 x 100 fast stilling, turnus dag/kveld og fast arbeid pt. kvar 3 helg.Matvert må pårekne å arbeida i alle matstovene våre. Aktuelle kandidatar vil vil bli kontakta fortløpande. ...