Vil du jobbe i ein av landets travlaste nyheitsredaksjonar sommaren 2026?

1 day ago


Oslo, Oslo County, Norway NRK Full time


Om stillinga

NRK Nyheiter vil ha dyktige sommarvikarar i 2026 som har litt erfaring frå journalistisk jobbing frå før. I dei fleste redaksjonane treng vi vikarar som kan nett, radio og/eller TV.

Vi vurderer søknader løpande, så søk gjerne tidleg

Vi ønsker din CV, kort om motivasjonen din og svar på nokre spørsmål. Skriv også kvar hos oss du kunne tenke deg å jobbe.  

Her er nokre av redaksjonane du kan søkja deg til:

Digitalreporter i visuell-gruppa (nett) søker sommarvikarar som vil vere med på å utvikle digital visuell historieforteljing i både «breaking»- og eigensaker. Du har gjerne erfaring med video/foto og vil utfordre dei etablerte nyheitsformata. Du blir ein del av ein redaksjon som er spydspiss på nyheitsgolvet i å tenke visuelt. Maria Knoph Vigsnæs, eller Lars Hægeland:

Ung-redaksjonen set dagsorden med saker som unge er opptekne av, og får fram dei unge perspektiva. Vi publiserer daglege nyheiter på Snapchat, samt NRK Forklarer-videoar og visuelle artiklar på  Vi er på jakt etter journalistar som kjenner den unge målgruppa godt, og som klarar å lage engasjerande journalistikk om og for eit ungt publikum. Kontaktperson: Eirik Kroken:

Digitalreporter i nå-gruppa (nett): søker sommarvikarar som er opptekne av å vere først med siste nytt på  Du bidreg til at vi får utvikla dei største sakene, så NRK vinn nyheitskampen – kvar dag. Du har nyheitsteft, likar å jobbe i høgt tempo, er språksikker og etisk bevisst. Du må både kunne kaste deg rundt når det smell og ha idear til vidareutvikling av nyheitssaker og til engasjerande eigensaker. Vi leverer i hovudsak tekstartiklar og kortmeldingar til  Simon Solheim, eller Maria Knoph Vigsnæs,

Les meir om dei andre redaksjonane lenger ned.



Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

Arbeidsgivar:

NRK

Stad:

Oslo

Stillingstittel:

Journalist

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Sommarjobb

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

Sosial deling :

Del på X

Del på LinkedIn

Del på Facebook

Del på e-post

Meir om redaksjonane

Direktesendingar TV, nett og radio leitar etter deg som har nyheitspulsen i blodet. Du er ein rask og effektiv journalist som er trygg på videoredigering i høgt tempo, og som likar å dekke det som skjer, gjerne framfor kamera. I denne jobben er du med på å lage direktesendingar til radio, TV og nett gjennom dagen. Kontaktpersonar:  Simon S. Yset eller Solveig Underbakke Lien

Er du glad i lyd? Nyheitsmorgon og Dagsnytt treng journalistar til å lage morgonsending på radio og TV. Vi treng også programleiarar til kvelds og nattevakter. Erfaring med direktesending er ein stor fordel. Kontaktpersonar: Elise Hazel Asbjørnsen eller Silje Sande

Dagsnytt 18 treng researcherar med god oversikt over norsk samfunnsliv. Du må ha interesse for det offentlege ordskiftet og utvikla sans for det som engasjerer. Solveig Tvedt,

Ytring søker deg som ser potensialet i ein kronikk, klarer å finne nye stemmer i samfunnsdebatten og har gode samarbeidsevner. Solveig Tvedt,

Innanriks vil ha engasjerte og nysgjerrige journalistar som er gode til å omsetje idear til saker.
Du er dyktig til å formidle og har journalistisk tryggleik på metode og etikk. Du kan TV og/eller radio i tillegg til nett. Innanriks leverer saker til alle NRK sine nyheitsflater. Ole Eivind Henden,

Utanriks ser etter deg som brenn for utanriksfeltet og engasjerande nyheitsformidling. Du må ha erfaring med minst to publiseringsplattformer (TV, nett, radio). Gode samarbeidsevner er viktig i jobben, det same er brei kunnskap om internasjonale tilhøve. Du må kunne snu deg raskt og jobbe effektivt når det kokar. Kontaktperson: Kristian Aanensen,

I økonomi- og politikk-redaksjonen kan du jobbe i ein av dei mest erfarne og nyheitsleiande redaksjonane i landet. Vi har spisskompetanse innan lyd og video, og søker deg med ambisjonar om å lære journalistisk metode som gir unike nyheitssaker innan økonomi- og politikk. Vi søker motiverte og idérike kollegaer med noko journalistisk erfaring, men det viktigaste hos oss er at du har ei brennande fagleg interesse for økonomi eller politikk – eller begge deler. Kontaktperson: Kyrre Nakkim,

Kultur og underhaldning søker dyktige nyheitsjournalistar som har erfaring frå radio og/eller TV og nett. Du er iderik, ein god historieforteljar og har gjennomføringskraft. Du må ha interesse for fagfeltet og evne til å finne nyheiter som eignar seg for eit breitt publikum.
Kontaktperson: Ingrid Indseth,

 treng dyktige journalistar med blikk for det visuelle og godt, effektivt språk til å redigere  
Det er ei nyheitsdriven forside som er tett på dei store sakene, samstundes som vi skal spegle breidda i NRK sitt oppdrag. Vi søker deg som har redaksjonell erfaring, som har god kjennskap til presseetikk, og som er flink til å kommunisere og samarbeide. Du må like at det skjer mykje. Kontaktperson: Gunnar Fåne Bøthun, tlf



Kvalifikasjonar

  • Vere samfunnsengasjert 
  • Ha litt erfaring frå journalistisk jobbing frå før
  • God språkkompetanse (bokmål og/ eller nynorsk)

I dei fleste redaksjonane treng vi vikarar som kan nett, radio og/eller TV.  Vi treng også eit mangfald av perspektiv og erfaringar.



Personlege eigenskapar

  • Kan jobbe under press og behalde fokus i møte med utfordrande situasjonar og stramme tidsskjema
  • Er fleksibel og tilpassar seg raskt når situasjonen krev det
  • Er robust og har ei optimistisk haldning til utfordringar 
  • Har gode samarbeidsevner og jobbar godt saman med andre for nå felles mål


Vi tilbyr

  • Ein spennande sjanse til å jobbe i ein av landets største nyheitsredaksjonar
  • Eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø med store ambisjonar
  • Ein viktig jobb der du får bidra til NRK sitt oppdrag om å opplyse, forklare og gje verdi til det norske samfunnet
  • Ein spennande, variert og utfordrande arbeidskvardag


Adresse:
Bjørnstjerne Bjørnsons plass 1, 0340 Oslo, Norge



Opne vegbeskriving

(i ny fane)



Kontaktinformasjon

Om arbeidsgivaren


NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.

Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?

NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.




  • Oslo, Oslo County, Norway NRK Full time 3,000,000 - 6,000,000 per year

    Om stillinga NRK Nyheiter vil ha dyktige sommarvikarar i 2026 som har litt erfaring frå journalistisk jobbing frå før. I dei fleste redaksjonane treng vi vikarar som kan nett, radio og/eller TV. Vi vurderer søknader løpande, så søk gjerne tidlegVi ønsker din CV, kort om motivasjonen din og svar på nokre spørsmål. Skriv også kvar hos oss du kunne...


  • Oslo, Oslo County, Norway NRK Full time 350,000 - 600,000 per year

    Om stillinga NRK Nyheiter vil ha dyktige sommervikarar i 2026 som har litt erfaring frå journalistisk jobbing frå før. I dei fleste redaksjonane treng vi vikarar som kan nett, radio og/eller TV. Vi vurderer søknader løpande, så søk gjerne tidlegVi ønsker din CV, kort om motivasjonen din og svar på nokre spørsmål. Skriv også kvar hos oss du kunne...


  • Oslo, Oslo County, Norway Forsvaret Full time

    Om stillingen Forsvarsstaben (FST) har på vegne av Forsvarssjefen (FSJ) utøvende myndighet for å lede og styre Forsvaret. FST skal sørge for at oppdrag blir gitt helhetlig til ansvarlige sjefer i Forsvaret, og at mål og resultater blir fulgt opp. Forsvarssjefen har i enkelte sammenhenger også sektoransvar for eksempel innen IKT, investeringer,...


  • Oslo, Oslo County, Norway KPMG Norge Full time 750,000 - 1,500,000 per year

    Søknadsfrist: Snarest OsloHybridOm stillingenVåre erfarne prosjektledere innen ERP har ledet noen av landets mest komplekse ERP-prosjekter. Vi kombinerer omfattende industri- og prosesskunnskap, global leveranseevne og skyteknologi for å hjelpe virksomheter med å velge, implementere og forvalte moderne ERP-løsninger. Våre rådgivere har dybdekunnskap...


  • Oslo, Oslo County, Norway REMA 1000 Full time 70,000 - 120,000 per year

    I REMA 1000 ser vi etter mennesker med teknisk teft, nysgjerrighet og evnen til å holde hodet kaldt når det skjer mye. Du trenger ikke å kunne Retail – det lærer vi deg. Det viktigste er at du har stor interesse for teknologi og liker å løse problemer.Vi er på vei inn i et større teknologiskifte med et nytt, solid POS-system som allerede brukes av...


  • Oslo, Oslo County, Norway Oslo kommune Full time

    Vil du jobbe i hjertet av bydelens boligsosiale arbeid?Enhet boligkontor, Oslo kommune, Bydel St. Hanshaugen(i ny fane)Om stillingen beslutningene faktisk gjør en forskjell?Som vår nye fagkonsulent hos Boligkontoret i bydel St. Hanshaugen får du en nøkkelrolle i arbeidet med å sikre gode boligløsninger for dem som trenger det mest. Du får hovedansvar...


  • Oslo, Oslo County, Norway Coop Norge Full time 1,500,000 - 2,000,000 per year

    Coop Prix er en kjede i Coop. Gjennom enkel og effektiv handel, godt sortiment, lave priser, gode kampanjer og våre fantastiske ansatte skal vi være "best lokalt". For å levere på dette trenger vi nå flere kolleger Bli med og bidra til ytterligere vekst Norsk Butikkdrift er et heleid datterselskap av Coop Norge SA. I dag teller Norsk Butikkdrift litt...


  • Oslo, Oslo County, Norway Oslo universitetssykehus HF Full time

    Om stillingen Er du klar for nye opplevelser og en variert arbeidshverdag?Som ambulanselærling hos oss blir du en del av Norges største og mest aktive ambulansetjeneste. Dette vil gi deg to år med høy oppdragsmengde og stor variasjon i menneskemøter og erfaringer. Som lærling vil du møte personer med akutt sykdom eller i akutt krise. Vi skal gjøre...


  • Oslo, Oslo County, Norway Oslo kommune Full time

    Om stillingen Ledig vikariat i Byrådsavdeling for byutvikling.Oslo kommune arbeider med en rekke interessante byutviklingsoppgaver. Oslo skal vokse innenfra- og ut, og langs banenettet, i tråd med prinsipper for arealeffektiv og klimavennlig byutvikling. Stillingen er plassert i plan- og utbyggingsseksjonen. Seksjonen er faglig sekretariat for politisk...


  • Oslo, Oslo County, Norway Oslo universitetssykehus Full time 400,000 - 500,000 per year

    Vil du bli lærling i ambulansefag?Prehospital klinikk (PRE) Enhet for kompetanse, Oslo universitetssykehus HF(i ny fane)Om stillingenEr du klar for nye opplevelser og en variert arbeidshverdag?Som ambulanselærling hos oss blir du en del av Norges største og mest aktive ambulansetjeneste. Dette vil gi deg to år med høy oppdragsmengde og stor variasjon i...