Lege i spesialisering Barnesjukdommar

2 days ago


Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal Full time

(i ny fane)

Om stillinga

Vi har ledige vikariat for lege i spesialisering innan barnesjukdomar ved Barne- og ungdomsavdelinga i Ålesund.

  • 2 x 100% vikariat i perioda
  • 1 x 100% vikariat i perioda

Er du nysgjerrig på korleis det er å arbeide med barn eller har du lyst til å auke kompetansen din innan barne- og ungdomsmedisin? No har du mogelegheita til bli kjend med barnemedisinen i trygge omgjevnader i vår flotte avdeling

Vi har høgt fokus på trygg og forsvarleg spesialistutdanning. LIS deltek på kurs etter plan og får også delta på nasjonale møter i barnemedisin. Vi er ei avdeling med mykje aktiv forsking og legg til rette for forsking ved sida av klinikk. Vi har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.

Avdeling for barnemedisin og habilitering har ansvar for barnemedisinske pasientar frå GA 26 veker - 18 år i heile fylket. Vi har spesialistar som dekkjer alle subspesialitetar innan barnesjukdomar. Avdelinga har til saman seks seksjonar som er lokalisert i Ålesund og på Hjelset.

I Ålesund finn ein sengepost for barn og ungdom, nyfødd intensiv, dagbehandling og poliklinikk for barn og ungdom og habiliteringseining. Avdelinga i Ålesund er lokalisert i eit eige bygg og er organisert som eit barnesenter. Vi har her tre vaktsjikt: primærvakt, generell bakvakt og tertiærvakt for neonatolog. Primærvakt er for tida 8-delt, generell bakvakt 8 delt og tertiærvakt nyfødtmedisin 5 delt.

Vil du vere med og gjere ein skilnad for dei yngste pasientane? Søk i dag og bli ein del av vårt engasjerte team

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

Arbeidsgivar:

Helse Møre og Romsdal HF

Stillingstittel:

Lege i spesialisering Barnesjukdommar

Stillingar:

3

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Vikariat

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

Arbeidsoppgåver

  • Delta i avdelinga si gjeldande vaktordning
  • Delta i dagleg postarbeid og poliklinikk

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar må ha norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga (LIS 1) eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Mestre norsk språk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har gode evner til tverrfagleg samarbeid og samhandling med kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fokus på god spesialistutdanning
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her

Adresse:

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge

(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Christine Vaksdal Nilsen

Seksjonsleder (lege)

E-post:

Christine.Vaksdal.-

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal



  • Tromsø, Troms og Finnmark, Norway Universitetssykehuset Nord-Norge Full time 600,000 - 800,000 per year

    Lege i spesialisering i lungesykdommer Lungemedisinske avdeling, Universitetssykehuset Nord-Norge HFSøk på stillingen (i ny fane)Om stillingenLungemedisinsk avdeling UNN Tromsø har ledig fast stilling som lege i spesialisering innen lungesykdommer.Avdelingen har 16 senger, poliklinikk, et velutstyrt laboratorium for utredning av lungesykdom, samt et...


  • Tromsø, Troms og Finnmark, Norway Universitetssykehuset Nord-Norge Full time

    Lege i spesialisering karkirurgi Hjerte-, lunge- og karkirurgi, Universitetssykehuset Nord-Norge HFSøk på stillingen (i ny fane)Om stillingenUNN har to ledige stillinger for lege i spesialisering i karkirurgiVi tilbyr spesialistutdanning som dekker hele utdanningsløpet i karkirurgi. Utdanningen vil foregå i Hjerte-, lunge- og karkirurgisk avdeling, og...


  • Harstad, Troms og Finnmark, Norway Universitetssykehuset Nord-Norge Full time

    Lege i spesialisering i psykiatri VPP Harstad, Universitetssykehuset Nord-Norge HFSøk på stillingen (i ny fane)Om stillingenEr du en medisinskfaglig reflektert lege med god evne til å etablere relasjoner? Ønsker du å jobbe sammen med mange flotte kollegaer i et utviklende fagmiljø?Vi søker en lege til voksenpsykiatrisk poliklinikk ved Senter for...


  • Harstad, Troms og Finnmark, Norway Universitetssykehuset Nord-Norge Full time 500,000 - 750,000 per year

    Lege i spesialisering i indremedisin - fast stilling Universitetssykehuset Nord-Norge HFSøk på stillingen (i ny fane)Om stillingenVelkommen til flotte HarstadMedisinsk avdeling Harstad utdanner spesialister og har derfor ledige faste stillinger som lege i spesialisering i ulike indremedisinske fag.Vil du jobbe i et inkluderende og engasjerende...


  • Tromsø, Troms og Finnmark, Norway Universitetssykehuset Nord-Norge Full time 600,000 - 700,000 per year

    Lege i spesialisering i anestesiologi Anestesilegeavdeling, Universitetssykehuset Nord-Norge HFSøk på stillingen (i ny fane)Om stillingenVi har et ledig vikariat for lege i spesialisering i anestesiologi. Stillingene passer for leger med minst to års erfaring i anestesi. Varighet ett år med mulighet for forlengelse.Anestesilegene i Tromsø er organisert...


  • Harstad, Troms og Finnmark, Norway Universitetssykehuset Nord-Norge Full time

    Lege i spesialisering i ortopedisk kirurgi Harstad, Universitetssykehuset Nord-Norge HFSøk på stillingen (i ny fane)Om stillingenVil du bli vår nye kollega?Ortopedisk seksjon ved UNN Harstad søker engasjert og positiv kollega.UNN Harstad er et bærekraftig lokalsykehus med alle akuttfunksjoner. Sykehuset har en stabil og god bemanning fordelt på flere...


  • Tromsø, Troms og Finnmark, Norway Universitetssykehuset Nord-Norge Full time 600,000 - 700,000 per year

    Lege i spesialisering i hjertesykdommer Hjertemedisinsk akutt- og intensiv, Universitetssykehuset Nord-Norge HFSøk på stillingen (i ny fane)Om stillingenHjertemedisinsk avdeling ved Universitetssykehuset Nord-Norge i Tromsø har flere ledige vikariater, og vi håper at du er vår nye kollega Oppstartstidspunkt er fleksibelt fra november 2025 til september...

  • Lege i spesialisering

    2 weeks ago


    Karasjok, Troms og Finnmark, Norway Finnmark Hospital Trust Full time 450,000 - 600,000 per year

    SANKS - UPA har ledig 1 års vikariat for lege i spesialisering (LIS 3) i barne- og ungdomspsykiatriUngdomspsykiatrisk avdeling (UPA) er en døgnavdeling for ungdom mellom 13-18 år. Arbeidshverdagen vår består av daglig pasientoppfølging med utredning og behandling i nært samarbeid med miljøterapeuter og øvrig hjelpeapparatet. I tillegg inngår...


  • Tromsø, Troms og Finnmark, Norway Universitetssykehuset Nord-Norge Full time 4,500,000 - 6,500,000 per year

    Lege i spesialisering i hud- og veneriske sykdommer Hudseksjonen, Universitetssykehuset Nord-Norge HFSøk på stillingen (i ny fane)Om stillingenVil du jobbe med hudsykdommer i et sterkt fagmiljø – og bidra til pasientbehandling både lokalt og regionalt?Ved Hudseksjonen i Tromsø har vi nåledig vikariat for lege i spesialisering innen hud- og veneriske...


  • Hammerfest, Troms og Finnmark, Norway Finnmark Hospital Trust Full time

    Nå har du muligheten til å jobbe med og lære av de besteKirurgisk/ortopedisk avdeling ved Hammerfest sykehus har i dag 4 LIS2 stillinger i generell/gastrokirurgi og øker nå til 5Som LIS2 på kirurgisk avdeling har du 5-delt vakt med ansvar for kirurgiske pasienter, med LIS1 lege foran, og hjemmevakt om natten. Vi har per i dag 3 fast ansatte...