Maskinsjef i ressursgruppa
6 days ago
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Om stillinga
Fjord1 har no ei fast stilling som maskinsjef i ressursgruppa for våre samband i region Vestland
I denne rolla vil du vere utsjekka på både hovudfartøy og reservefartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband etter behov. Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar, noko som krev at du er erfaren, dyktig og trygg i rolla som maskinsjef. Du må kunne tilpasse deg endringar og nye situasjonar, og ha evna til å ta raske og gode avgjerder når det trengst.
Dersom du ønskjer ein jobb der ingen dagar er heilt like, og der du får både utfordringar og utviklingsmoglegheiter, er dette stillinga for deg.
Du får fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på to veker arbeid og to veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 84-timars arbeidsavtale og oppstart etter avtale.
For å kunne utføre stillinga må du disponere eigen bil, då du vil ha teneste på ulike samband i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
Arbeidsgivar:
Fjord1 AS
Stillingstittel:
Maskinsjef i ressursgruppa i region Vestland
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
Sosial deling :
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav.
- Vedlikehald av maskineri og komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.
- Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert følgt og at det er samsvar med ISM-koden.
- Opplæring av personell under si leiing.
- Oppgåver knytt til alarminstruks.
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemte og reservedelsoversikt.
- Akrivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar.
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.
- Føre maskinsdagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav.
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert.
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde.
Kvalifikasjonar
- Minimum M3-sertifikat.
- Høgspentkurs.
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta.
- Krise- og passasjerhandtering.
- Gyldig helseerklæring.
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein erfaren og dyktig maskinist som er ansvarsbevisst, fleksibel og tilpassingsdyktig. Du må ha gode samarbeidsevner, høgt fokus på tryggleik og kvalitet, og trivast med ein variert arbeidskvardag der endringar kan oppstå.
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og Det Norskse Maskinistforbund.
- Fast ansettelse i et solid og anerkjent selskap
- Turnus: 2 veke på og 2 veker av
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.
Adresse:
Steinestø fergekai, Fv , 5108 Bergen, Norge
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland
Rekrutteringsmedarbeider
Telefon:
E-post:
Om arbeidsgivaren
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
-
Bergen, Vestland, Norway Fjord1 Full time 500,000 - 700,000 per yearFjord1 - Maritim Drift, Fjord1 ASOm stillingaEr du klar for å bli ein del av den største miljøsatsinga innan maritim transport? Fjord1 er ein verdsleiande pionér innan det grøne skiftet, og vårt mål er å vere den tryggaste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknadenNo har Fjord1 ei ledig stilling som...
-
Bergen, Vestland, Norway Fjord1 Full time 450,000 - 550,000 per yearFjord1 - Maritim Drift, Fjord1 ASOm stillingaFjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknadenFjord1 har no 2 nyoppretta opplærlingsstillingar som 2.maskinist på reservefartøya i "gamle" Hordaland. Du vil få opplæring og...
-
Bergen, Norway Fjord1 Full time 600,000 - 900,000 per yearFjord1 - Maritim Drift, Fjord1 ASOm stillingaFjord1 er ein leiande pionér i det grøne skiftet, og skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvenleg ferje- og hurtibåttransport.No utvidar vi hurtigbåtsegmentet vårt med to ombygde fartøy og eitt nybygg som skal trafikkere Askøyruta frå Kleppestø, og Nordhordalandsruta frå...
-
Bergen, Norway DeepOcean Full time 450,000 - 550,000 per yearNordic USV ASThormøhlens gate 51, 5006 BergenOm jobbenStillingstittelOperatør av ubemannede båter/USV OperatørType ansettelseFast, deltidArbeidsspråkNorskAntall stillinger3ArbeidsstedHjemmekontor ikke muligOm Nordic USVNordic USV er her for å endre hvordan vi overvåker miljøet langs norskekysten. Med ubemannede fartøy setter vi en ny standard for...
-
Maritim seniorrådgiver
6 days ago
Bergen, Norway DeepOcean Full time 550,000 - 700,000 per yearMiljøberedskap, KystverketNøstegaten 30, 5006 BergenOm jobbenStillingstittelRådgiver maritim miljøberedskapType ansettelseFast, heltid 100%ArbeidstidDagtid, ukedagerArbeidsspråkNorsk eller engelskAntall stillinger1ArbeidsstedHybridkontorSøk senest torsdag 11. desemberVil du bli vår nye kollega i Kystverket Miljøberedskap? Vi søker deg som har...