Universitetsbibliotekar/ førstebibliotekar i teknisk-naturvitskaplege fag
4 days ago
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Om stillinga:
Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig ei 60 % vikarstilling som universitetsbibliotekar (kode 1199) i perioden 01. mars 2026 til 30. juni 2027 med eventuell moglegheit for forlenging. Stillinga er for tida knytt til Seksjon for utdannings- og forskingsstøtte, Bibliotek for naturvitenskap og teknologi.
Arbeidsoppgåver:
- Gi undervisnings- og forskingsstøtte i informasjonssøking og bruk av kunnskapskjelder.
- Gi undervisning/rettleiing i akademisk skriving og sitering/referansehandtering.
- Utvikle dei trykte og elektroniske samlingane.
- Være kontaktperson mellom fagmiljø og bibliotek.
- Delta i tenesteutvikling og verksemda elles. Den som blir tilsett kan bli pålagt å delta i vaktordningar utanom ordinær kontorarbeidstid.
Det kan bli endringar i arbeidsoppgåver knytt til stillinga, da det for tida vert gjennomført eit organisasjonsutviklingsprosjekt ved UB.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Minst mastergrad med fagområde innan matematisk-naturvitskaplege fag.
- Kjennskap til forskingsprosessen og forskingsmetodar vert vektlagt.
- Pedagogisk utdanning, samt erfaring med undervisning, rettleiing og formidling er ein fordel.
- Opptatt av brukarperspektiv og tenesteutvikling.
- Engasjert, sjølvstendig, initiativrik og med god gjennomføringsevne.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- God munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk (eller andre skandinaviske språk) og engelsk.
- Ved vurdering av søkjarane vil det verte lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
- Spennande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiB.
- Løn som universitetsbibliotekar (kode 1199) kr til kr i det statlege lønsregulativet avhengig av kvalifikasjonar. Søkjarar som er erklært kompetente til stilling som førsteamanuensis eller førstebibliotekar ved ein institusjon som er godkjent av departementet eller har norsk doktorgrad eller utanlandsk doktorgrad godkjent som likeverdig med norsk, vert løna som førstebibliotekar (kode 1200) løn kr – avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Fleksibel arbeidstid.
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonsleiar Marion Mühlburger, tlf eller epost:
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Om Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira digital- og informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremjar open vitskap.
Søknadsfrist
- desember 2025
Arbeidsgivar
Universitetet i Bergen
Kommune
Bergen
Omfang
Deltid
Varigheit
Vikariat/mellombels
Arbeidsstad
Haakon Sheteligs plass 7, 5020 Bergen
Ledige stillingar - Universitetet i Bergen
-
Bergen, Vestland, Norway HRP AS Full time 550,000 - 650,000 per yearEnten du har lang erfaring fra bransjen eller er i starten av karrieren, ønsker vi å høre fra deg. Vi ser etter engasjerte personer som vil utvikle seg videre hos oss – og som har lyst til å bidra inn i et sterkt og voksende fagmiljø innen tekniske fag og ITB.Digitalisering og teknisk ledelse i HRP består av dyktige medarbeidere over hele landet som...
-
Ingeniør / Koordinator– Maskintekniske fag
4 days ago
Bergen, Vestland, Norway Head Energy Norge Full time 900,000 - 1,200,000 per yearVi ser nå etter Ingeniør / Koordinator– Maskintekniske fagPnr: 22724 Arbeidssted: Verft i NorgeOppstart: Våren 2026Pendleordning: Ukependling (5-dagers uke)Vi søker maskinister og maskintekniske ingeniører med solid teknisk forståelse og interesse for maritime og mekaniske systemer. Du vil inngå i et tverrfaglig prosjektmiljø på verft i Norge,...
-
Leder Teknisk Prosjektledelse
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Skanska Full time 600,000 - 800,000 per yearSkanska fortsetter å styrke sin posisjon innen tekniske fag. Vi har en egen teknisk avdeling som er tett på i alle prosjektfaser og bidrar med spisskompetanse, erfaring og digitale arbeidsmetoder. Fagmiljøet ligger langt fremme både teknisk og digitalt, og har utviklet DSF – digital systematisk ferdigstillelse. Avdelingen tekniske fag teller om lag 50...
-
Førsteamanuensis (100 ) i fotografi
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 900,000 - 1,200,000 per yearUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.FørsteamanuensisVed Kunstakademiet – Institutt for samtidskunst...
-
Lærling i IT driftsfaget
2 days ago
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 434,500 - 549,000 per yearSpennende læreplassNå søker vi dyktige lærlinger til IT-driftsfaget med oppstart i 2026.Vil du ha en læreplass med varierte dager, tett oppfølging og mulighet til å utvikle deg både faglig og personlig?Ved Universitetet i Bergen (UiB) legger vi vekt på at du skal få vokse faglig, føle mestring og være en del av et sterkt fellesskap. Du får et...
-
Bergen, Vestland, Norway GK Norge Full time 450,000 - 650,000 per yearVi i GK drives av å utvikle, bygge og drifte smarte og tekniske løsninger som reduserer klimabelastningen fra gamle og nye bygg. Uansett hvilken type bygg vi jobber med, finner vi løsninger som tar hensyn til både dagens brukere og kommende generasjoner.GK er landets største byggautomasjonsaktør med over 200 ansatte og ligger helt fremst på utvikling...
-
Solve søker Teknisk Sikkerhetsingeniør
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Head Energy Full time 800,000 - 1,200,000 per yearHead Energy Solve søker nå Teknisk Sikkerhetsingeniør til vårt engineeringmiljø i Bergen. Hos oss blir du en del av et solid fagmiljø som løser varierte og utfordrende oppgaver for etablerte operatører på norsk sokkel – både offshore og på landanlegg. Om oss Head Energy Solve utfører multidisipline vedlikeholds- og...
-
Stipendiat i kulturvitskap
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 375,000 - 450,000 per yearUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Stipendiat i kulturvitskap ved Institutt for arkeologi, historie,...
-
Postdoktor i nordisk litteratur
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 580,000 - 1,000,000 per yearKunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Postdoktor i nordisk litteraturVi søkjer ein motivert og fagleg sterk...
-
Universitetslektor II i interiørarkitektur
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 450,000 - 600,000 per yearUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.UniversitetslektorVed Institutt for design er det ledig ei 20 %...