Fast stilling på helg ved Avdeling spesialisert psykosebehandling
8 hours ago
Om stillinga
Har DU lyst på nye utfordringar? Er du student innan helsefag?
Seksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Seksjon S3 si oppgåve er å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.
Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Vi har ledig 17% faste helgstillingar med arbeid pt. kvar 3. helg med oppstart etter nærare avtale.
Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
Arbeidsgivar:
Helse Bergen HF
Stillingstittel:
Fast stilling (17%) på helg ved Avdeling spesialisert psykosebehandling (ASP), Seksjon S3
Stillingar:
2
Heiltid / Deltid:
Deltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
17
Webcruiter-ID:
Del på X
Del på Facebook
Arbeidsoppgåver
- Følge opp pasientar sin behandlingsplan
- Bygge relasjonar til pasientane
- Bidra til eit trygt og forutsigbart postmiljø
- Praktiske oppgåver
- Ansvarsvakt (sjukepleiar/vernepleiar)
- Administrering av medisinsk behandling (sjukepleiar/vernepleiar)
- Planlegge og sette i verk behandlingsplanar og miljøtiltak (sjukepleiar/vernepleiar)
Kvalifikasjonar
- Studentar innan helsefag, psykologi og sosialfag kan gjerne søke
- Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar/hjelpepleiar må ha norsk autorisasjon
- Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna
- Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg
Vi ønsker medarbeidarar som:
- har respekt for kvar enkelt pasient
- er sjølvstendige, løysingsorienterte og målretta
- har god struktur, men samstundes evne til å vere fleksible
- har gode kommunikasjonsevner
- har evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/ eller agiterte pasientar
- er tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg haldning
- er serviceinnstilt overfor pasientar og kollegaer
- trivast i eit utfordrande og til tider hektisk miljø
- ønsker og evner å motta rettleiing
Vi tilbyr deg:
- Eit dynamisk miljø med mange utfordringar og læresituasjonar
- Kursing i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk)
- Fagleg og personleg utvikling/ tverrfagleg internundervisning
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Adresse:
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Norge
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Sigurd Ulfeng Jakobsen
Seksjonsleiar
Telefon:
Janne Sandøy
ass.seksjonsleiar
Telefon:
Om arbeidsgivaren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 550,000 per yearOm stillingaHar DU lyst på nye utfordringar? Er du student innan helsefag? Seksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Seksjon S3 si oppgåve er å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 400,000 - 600,000 per yearOm stillingaPsykiatrisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe på natt/ til nattstillingar ved ulike einingar.Det er ledig 80% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk. Kandidatar vil bli tilsett i Psykiatrisk klinikk, pt ved ein av desse avdelingane:Avdeling for...
-
Helsefagarbeidar 75 fast stilling på natt
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 550,000 per yearOm stillingaSeksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplassar og intensiv eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Seksjon S3 si oppgåve er å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 600,000 - 800,000 per yearOm stillingaPsykiatrisk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus søker dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar til faste nattstillingar. Vil du vere med å gjere ein forskjell for menneske med psykiske helseutfordringar? Hos oss får du ein spennande og variert arbeidskvardag i eit sterkt fagmiljø, der tryggleik, kvalitet og omsorg står i...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 400,000 - 600,000 per yearOm stillingaHaukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Avdeling for rusmedisin Avdeling for rusmedisin (AFR) tilbyr tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) til pasientar med rus- og avhengigheitslidingar, inkludert speleavhengnad. AFR tilbyr ulike behandlingsformer;...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 600,000 per yearOm stillingaHaukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe innan Psykisk helsevern. Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 350,000 - 450,000 per yearOm stillingaPsykiatrisk Klinikk er ein av seks klinikkar i Divisjon psykisk helsevern. Klinikken har to avdelingar som er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområdet: Avdeling psykosomatisk medisin og Avdeling spiseforstyrringar. Seksjonen er organisert under avdeling psykosomatisk medisin.Seksjon for alderspsykiatri greier ut og behandlar pasientar med...
-
Helsesekretær - fast stilling
2 days ago
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 550,000 per yearOm stillingaHaukeland universitetssjukehus treng dyktig og engasjert helsesekretær.Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.Vi ser etter deg som sett pasienten i fokus, som trivst med utfordringar, er fagleg...
-
Veterinær i 100 fast stilling
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Evidensia Norway Full time 450,000 - 600,000 per yearVi er en klinikk i lyse, flotte lokaler like ved sjøen i Bergen sentrum. Klinikken har fokus på kvalitet, kompetanse, personlig service og omsorg for våre pasienter og deres eiere. Klinikken består av et godt team med 6 veterinærer, 3 autoriserte dyrepleiere, 1 dyrepleierstudent, 1 sertifisert rehabiliteringsterapeut og 1 lærling i dyrefag. Klinikken...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 80,000 - 120,000 per yearOm stillingaAvdeling Hovud-Hals og Auge har ledig vikariat for 2 års sjukepleiestudentar som pleieassistent 3. kvar. Vikariata er ledig frå 12 januar til 30 august 2026 med moglegheit for sommarvikariat og forlenging. Sengeposten har 27 senger og inneliggande pasientar over 18 år. Vi har pasientar innan fagfelta Øyre/Nase/Hals, Kjeve og Auge. Ei stor...