Førsteamanuensis/førstelektor i spesialpedagogikk/pedagogikk

5 days ago


Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Stillinga inngår i Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, campus Stord.

Stillinga er knytt til pedagogikk-fagmiljøet for grunnskulelærarutdanningane. Fagmiljøet totalt på dei tre campusa er stort og dynamisk med eit rikt og mangfaldig forskarmiljø med pågåande prosjekt nasjonalt og internasjonalt.

I fagmiljøet er det brei kompetanse innanfor både spesialpedagogikk, profesjonsretta pedagogikk og allmennpedagogikk. I tillegg til å bidra i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, deltar fagmiljøet også i desentralisert kompetanseutvikling og i etter- og vidareutdanningstilbod. Fagmiljøet er også aktivt deltakande i andre masterutdanningar og i doktorgradsprogrammet «Danning og didaktiske praksisar».

Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Forskings- og utviklingsarbeid med klar relevans for stillingsprofilen. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgådene vil vere knytt til grunnskulelærarutdanningane. Det kan også vere aktuelt med oppgåver innan bachelor-, master-, og Ph.d.-utdanning og innanfor etter- og vidareutdanning.
  • Institusjonsbyggjande arbeid i rekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
  • For tilsetting som førsteamanuensis må søkar ha fullført doktorgrad i spesialpedagogikk, pedagogikk, psykologi, barnevernspedagogikk, sosialpedagogikk eller tilsvarande med klar spesialpedagogisk / pedagogisk relevans for grunnskolelærarutdanningane.
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga.

Personlege eigenskaper:

  • Den som blir tilsettmå vere personleg egna for stillinga.

Språkkrav:

  • Undervisningsspråket er til vanleg norsk, og søkarar må meistre norsk eller anna skandinavisk språk.

Følgande tel positivt i vurderinga:

  • Kompetanse innan språk-, lese- og skrivevanskar.
  • Kompetanse innan områda demokratisk medborgarskap, danning og/eller mangfald.
  • Erfaring frå initiering og leiing av forskings- og utviklingsarbeid, i rekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering.
  • Erfaring frå ph.d.-rettleiing og rettleiing av kollegaer.
  • Relevant erfaring frå grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning.

Søkarar som ved tilsetting ikkje oppfyller krava i henhold til forskrifta må oppfylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.

Moglegheit for mellombels tilsetting:

Dersom ingen søkarar oppfyller kvalifikasjonskrava for tilsetting i stilling som førsteamanuensis (st.kode 1011) eller førstelektor (st.kode 1198), kan det bli aktuelt å tilsette mellombels i inntil eitt år som høgskulelektor (st.kode 1008).

Aktuelle kandidatar blir innkalla til intervju med prøveforelesing. Ønska tiltredingsdato er 01.08.2025.

Søkarar til vitskapelege stillingar vert vurdert av eit sakkunnigutval. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over arbeida, kva dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeidsom skal leggjast ved søknaden i fulltekst. Tilsettingsorganet tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stillingen" på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder:

Dersom vitnemåla, karakterutskriftar eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overskrider 25 MB må de komprimere dei før opplasting eller leggje ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Vigjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søke på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.

Søknadane vert send elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling.
  • Høve for trening i arbeidstida.

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkarlista vert handsama etter reglane i Offentligheitslova. Søkarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje vert teke til følge.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:
#J-18808-Ljbffr

  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Høgskolen på Vestlandet (HVL) er ein stor og kompleks organisasjon med om lag 1900 tilsette og 17500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og...


  • Bergen, Vestland, Norway Forsvaret Full time

    Vi søker en motivert og engasjert medarbeider med høy arbeidskapasitet. Du har mastergrad eller høyere innen fysikk, gjerne med fordypning i elektrofag. Som medarbeider ved Forsvarets høgskole, avdeling Sjøkrigsskolen i seksjonen for sjømilitær teknologi, vil du bidra til å utdanne og forme fremtidens militære ledere, spesielt forkurs for ingeniør...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Vi søker en driftssikker og resultatsvarende sykepleier som ønsker å lede et av landets største sykepleieinstitutt. Som instituttleder skal du være en sterkt profilerende leder med stor kompetanse innen faget.Følgende kvalifikasjoner er nøkkel til suksess i denne stillingen:Kompetanse som professor, dosent, førsteamanuensis eller førstelektor...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Ved Institutt for geovitskap er det ledig eit treårig vikariat som førsteamanuensis innan terrestrisk kvartærgeologi og paleoklima.Det overordna målet for...


  • Bergen, Vestland, Norway Bergen kommune Full time

    Bergen kommunes Liland skole søger en dynamisk og engasjert spesialpedagog med stor kompetanse i arbeid med barn med ITO og andre utviklingsforstyrrelser. Din rolle er å være ett steg frem i hjelpemiddlene og implementere det beste tilstanden teorier i praksis. Vilkår:Norsk sertifisering.Minimum 30 studiepoeng i spesialpedagogikk.


  • Bergen, Vestland, Norway Bergen kommune Full time

    Vi søker etter en fullførte bachelor eller mastergrad i spesialpedagogikk med store innrettede mål for å bli dypt merget med arbeidet i Lilands oversvimmelte system. Gode ledelseshensyn samt praktiske organisatoriske eksperimenter vil gi deg en helt nytt tiltakskraft som ikke er sett noen annesteds før enn i Bergen. Generell kontaktsituasjon och selv...


  • Bergen, Vestland, Norway Byggmakker Norge AS Full time

    Vil du lede et av landets største og mest spennende miljøer innen sykepleieutdanning og -forskning?Instituttleder til Institutt for sykepleieVID vitenskapelige høgskole søker en samlende og inspirerende person til å lede Institutt for sykepleie ved Fakultet for helsevitenskap.Vi ser etter deg som med engasjement etablerer gode relasjoner og brede...


  • Bergen, Vestland, Norway Bergen kommune Full time

    Vi jobber aktivt med PALS-modellen som vårt verktøy i skolemiljøarbeidet. Dette viser at vi er en skole som ser på hver enkeltpedagog som nøkkelen til hele miljøet! Med dette sagt søker vi etter deg – den perfekte spesialpedagogen som tar hånd om elevenes behov og størrelse!Minimalskrav:Minimum 30 studiepoeng i spesialpedagogikk.Riktig erfaring...


  • Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen (UiB) Full time

    UiB - Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Stipendiat i religionsvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskapVelkomen som søkjar til ei...

  • Pedagogisk Leder

    3 days ago


    Bergen, Vestland, Norway Bergen kommune Full time

    Liland skole er en barneskole som ligger i Ytrebygda bydel, nær Blomsterdalen senter. Vi har om lag 320 elever og nærmere 50 ansatte. Vår hovedfokus er å opprette et inkluderende og inspirerende læringsmiljø hvor trygghet og mestring står sentralt.ArbeidsoppgaverVi søker etter en engasjert og faglig sterk spesialpedagog som vil jobbe med veiledning...


  • Bergen, Vestland, Norway Bergen kommune Full time

    BransjeOffentlig forvaltning - KommuneadministrasjonLærer og spesialpedagog med spesielt ansvar for veiledning av skoleassistenter og fagarbeidereLiland skole er en barneskole i Ytrebygda bydel, like ved Blomsterdalen senter. Vi har fra høsten ca. 320 elever og nærmere 50 ansatte. Vi har et sterkt fokus på å skape et inkluderende og inspirerende...


  • Bergen, Vestland, Norway Metis Privatlærer AS Full time

    Faglig profil:Vi søker etter en privatlærer som kan formulere språkkunnskap og kommunikasjon på norske, spansk og fransk. Du er en kvalitetsorientert og målrettet individ som er flittig og ivrig etter å gi elevene beste mulige undervisning og metodikk.Du har plass i livet til å lære nye ting og kommende utviklinger. Du har erfaring i å håndtere...


  • Bergen, Vestland, Norway Uloba SA Full time

    DetaljerStilling: Assistent for gutt i BergenOrdning: BPA ordningStillingstyper:Ordinær assistentTilkallingsassistentOmfang: 0 timer per ukeArbeidssted: RådalAssistent for gutt i Bergen – StudentstillingLyst å jobbe med noe som betyr veldig mye for meg? Jeg har et stort behov for hjelp for å kunne ha en så aktiv og spennende hverdag som mulig.Arbeidet...


  • Bergen, Vestland, Norway Bergen kommune Full time

    Bergen kommune søker en engasjert barne- og ungdomsarbeider/tilrettelegger som kan håndtere komplekse situasjoner og beslutninger med bedre nødvendighet enn ulempe. Vi ønsker å ha deg med på teamet vårt hvor det nesten alltid er vakker utsikt både fra glassveranda og låvene vår.I dette rollen så vil du være nødt til å jobbe mye med å forsone...


  • Bergen, Vestland, Norway Bergen kommune Full time

    Vi søker en engasjert pedagogisk hjelpearbeider/tilrettelegger som kan fremme et inkluderende lekemiljø til våre barn. Vi ønsker å tilby et trygt og nøytralt miljø hvor barna kan utforske og utvikle seg uten å bli avgrenset av ensidige innfallsvinkler eller generiske visjoner.I denne stillingen så vil du være ansvarlig for å bistå barna i å...


  • Bergen, Vestland, Norway Bergen kommune Full time

    BransjeOffentlig forvaltning - KommuneadministrasjonTo av stillingene er 20% med ordinære vakter (7-7,5 timer) og arbeid fredag, lørdag og søndag. En stilling er 24% med langvakter 12,5 timer og arbeid lørdag og søndag.Sandgotna bofellesskap ligger sentralt plassert i Bergen Vest, Loddefjord. Det er svært enkelt å komme seg til bofellesskapet ved...