Avdelingsleiar

3 days ago


Bergen, Vestland, Norway Nav Oslo Full time

Avdelingsleiar NAV Region Bergen

Søk på stillinga (i ny fane)

Om stillinga

Nav leverer arbeids-og velferdstenester til befolkninga i Norge og har om lag 22.000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske moglegheiter, og gjennom innsatsen vår skal fleire få høve til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt.

Nav i Bergen har oppretta eit prosjekt med ei mellombels avdeling for handsaming av søknadar om arbeidsavklaringspengar (etter 11-5 i Folketrygdlova), journalføring av saker, klagesaksbehandling m.m. Avdelinga handsamar saker på vegne av dei fem NAV-kontora i Bergen og rapporterer til regionleiar. Avdelinga har om lag 14 tilsette og er lagt til regionkontoret Nav Bergen sentrum. Avdelingsleiar har både personal- og fagansvar for feltet arbeidsavklaringspengar. Den mellombelse stillinga som avdelingsleiar er ledig frå no og ut 2025.

I NAV i Bergen er vi mellom anna opptatt av tillitsbasert leiing, prosessleiing og kontinuerlig tjenesteutvikling til beste for våre brukarar. Vi ser etter deg som er ein tydeleg leiar, er god på å byggje relasjoner, er ein pådrivar i utviklingsarbeid, har gjennomføringsevne og ser verdien av samhandling og samskaping.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 08.04.2025

Arbeidsgivar: NAV

Stad: Bergen

Stillingstittel: Avdelingsleiar

Stillingar: 1

Heiltid / Deltid: Heiltid

Tilsetjingsform: Engasjement

Stillingsprosent: 100

Webcruiter-ID: 4942335303

Arbeidsoppgåver
  • Ansvar for den daglege drifta av avdelinga med personal, fag og resultatansvar
  • Vere pådriver for kontinuerlig utvikling av fagområdet
  • Sørge for god framdrift i oppgåvene og tydelige prioriteringar
  • Koordinere samarbeid med både interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Sikre eit godt arbeidsmiljø og kompetanseutvikling for dei tilsette
Kvalifikasjonar
  • Fullført høgare utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • Erfaring frå, og særleg god kjennskap til fagfeltet arbeidsavklaringspengar
  • Leiarerfaring med personalansvar
  • Forståing av leiing i staten og NAV sitt samfunnsoppdrag
Det Er Og Ein Fordel Om Du
  • har gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevne
  • kan vise til god resultatoppnåing i tidlegare stillingar
Vi ser etter deg som
  • Skaper gode samarbeidsrelasjonar og legg til rette for meistring
  • Er tydeleg og strukturert
  • Gjer tydelige prioriteringar og kan handtere stor saksmengde i ein hektisk kvardag
  • Er beslutningsdyktig og løysingsorientert
Vi tilbyr
  • Moglegheit for fagleg utvikling i ei stor offentleg verksemd
  • Eit arbeidsfelleskap med eit meningsfullt samfunnsoppdrag
  • Ei spennande stilling i eit miljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
  • Ulike velferdsgode som fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida
  • God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
  • Stillinga blir plassert i stillingskode 1407 avdelingsleiar. Lønsspennet er frå kr. 700 000 til 770 000. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.

Adresse: NAV Bergen sentrum, Møllendalsveien 8, 5009 Bergen, Norge

Kontaktinformasjon

Cathrine Tau
Avdelingsdirektør
Telefon: 92453339
E-post: cathrine.tau@nav.no

Om arbeidsgivaren

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester. Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

#J-18808-Ljbffr
  • Avdelingsleiar

    6 days ago


    Bergen, Vestland, Norway Nav Full time

    Nav leverer arbeids-og velferdstenester til befolkninga i Norge og har om lag 22.000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske moglegheiter, og gjennom innsatsen vår skal fleire få høve til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt.Nav i Bergen har oppretta eit prosjekt med ei mellombels avdeling for handsaming av...


  • Bergen, Vestland, Norway Nav Full time

    Vi søker no en person som vil bli avdelingsleiar for arbeid og velferd på Nav i Bergen. Som avdelingsleiar har du ansvar for å leie avdelinga og å verne om at medarbeidarane får det støtte de treng for å utføre sine oppgaver effektivt.Ansvarsområdet:Lede avdelinga og ta avgjerder om organisatoriske spørsmålVerne om at medarbeidarane får det...


  • Bergen, Vestland, Norway Nav Full time

    Til denne stillinga søker vi en leiar som kan vera moderat og lydhør, men også takla vanskelige situasjonar med stabilitet og kontakt med samtida. Du skal være van med verksemder som aktivt skape framtid og størkna nåtid. Som dagleg leiar kvinner eller mand skal vare meg selv og min tekst formenskuldt förekemme. (.)Om NAV:Du skal bli meir konomisk...