Einingsleiar Sentermodell

4 days ago


Bergen, Vestland, Norway Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten) Full time

Vil du leie ei nyoppretta eining med eit viktig samfunnsoppdrag?

Til deg som ønskjer leiarstilling i ei verksemd med det viktigaste samfunnsoppdraget.

Bufetat region vest søkjer etter ein einingsleiar til nyoppretta eining. Denne stillinga er knytt til eit nyoppretta senter beståande av fire avdelingar innan omsorg og åtferd høg, der målet er å hindre at barn må flytte og kan oppretthalde positive relasjonar så lenge dei har behov for eit tilbod i senteret. Det nye senteret er ei utprøving i tråd med NOU'en frå 2023: Med barnet heile vegen.

Har du eit ønskje om å medverke og gjere ein forskjell for nokre av dei mest sårbare ungdomane våre? Har du lyst til å bidra til at barn og unge får ei god oppvekst, der vekst og utvikling står i sentrum? Då er kanskje dette stillinga for deg. Vi ønskjer ein leiar som evnar å tenkje nytt og innovativt i ein viktig pilotfase. Vidare må du evne å sjå moglegheiter i krevjande situasjonar, og vil bidra til å gi gode tenester i tråd med det viktige samfunnsoppdraget.

Ved Barne-, ungdoms- og familieetaten, region vest, er det ledig fast 100 % stilling som einingsleiar, Bufetat region vest. Er du ein leiar som vert motivert av vårt viktige samfunnsoppdrag og våre verdiar?

Bufetat sin visjon er vekst og utvikling for born, unge og familiar. Vi jobbar etter verdiane respekt, openheit og deltaking - RÅD. Vi søkjer deg som har lyst til å vere med å utvikle våre tenester for born, ungdom og deira familiar og bidra til strategisk leiing av regionen. Stillinga er for tida lagt til Bufetat, region vest med arbeidsstad i Bergen.

Som einingsleiar vil du ha det overordna ansvaret for vårt nyoppretta senter, med underliggande barnevernsinstitusjonar.

  • Har budsjett- og personalansvar for eininga.
  • Saman med leiargruppa skal sikre at eininga driftes forsvarleg og i tråd med relevant fagmetodikk.
  • Bistår avdelingsleiarane og personalet til å stå i ein krevande arbeidskvardag ved å jobbe systematisk med opplæring og oppfølging av senteret.
  • Ivaretek god internkontroll på alle driftsområde og ta hand om einingas HMS-arbeid.
  • Medverkar til at eininga har eit godt fungerande samarbeid med både interne og eksterne samarbeidspartnarar.

For å lykkast med oppdraget treng me gode verktøy. Me har gode fagmodellar for å ta hand om oppdraget vårt på institusjon for ulike målgrupper. Me har og nasjonale og regionale rettleiingsstrukturar.

Kvalifikasjonar

Dette må du ha:

  • Relevant mastergrad innan sosial- og helsefaga eller relevant master innan leiing.
  • Minimum 15. stp innan leiing og administrasjon.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, både munnleg og skriftleg.
  • God kompetanse på bruk av digitale verktøy.
  • Røynsle frå barnevernsverksemd, gjerne institusjonsbarnevernet.
  • Ved manglande utdanning innan leiing må ein pårekna å ta leiarutdanning etter tilsetjing.
Personlege eigenskapar

Du må like ungdomar som utfordrar, og du klarer å motivere deg sjølv og dei tilsette til å stå i krevande situasjonar. For oss er det også svært viktig korleis du som person egner deg til jobben, der vi legger særleg vekt på tydelegheit, systematikk, gjennomføringsevne samt relasjonelle og inkluderande ferdigheiter.

Derfor ser vi etter deg som kjenner deg igjen i følgjande:

  • Er ein engasjert og modig leiar som blir motivert av vårt samfunnsoppdrag og våre verdiar.
  • Har høg arbeidskapasitet og meistrar å handtera mange og komplekse oppgåver i eit høgt tempo.
  • Skapar framdrift, har gjennomføringskraft og veit korleis ein førebur, set i gang og følgjer opp endringsprosjekt -og prosessar.
  • Er dyktig på å motivera og utvikle gode strukturar for samarbeid og prioritering.

Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1493 Leiar, med løn frå kr 750.000 - 910.000 pr. år. Løn vurderast etter utdanning og erfaring. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.

Opplysingar til deg som søker:

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Bufetat region vest.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

#J-18808-Ljbffr

  • Bergen, Vestland, Norway Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten) Full time

    About the JobWe are seeking a proactive and motivating leader to oversee our new center in Bergen. You will be responsible for ensuring that our center operates efficiently and follows relevant professional methodologies.As a key member of our team, you will have the opportunity to make a significant impact on the lives of children and families in our...