Medisinstudent med lisens
4 days ago
Om stillinga
Klinikk psykisk helsevern for barn og unge har fleire poliklinikkar og sengepostar. Klinikken tilbyr barn og unge opp til 18 år utgreiing og behandling av psykiske lidingar. BUP Voss er ein allmenn poliklinikk som dekker fem kommunar (Ulvik, Voss, Kvam, Vaksdal og Eidfjord). Poliklinikken har 21 tilsette, med ulik fagleg bakgrunn.
Frå til har vi ledig ein midlertidig 30% stilling for medisinarstudent med lisens. BUP'en er lokalisert i nye og flotte spesialbygde lokale i Knutepunktet Voss, som ligg på Voss stasjon.
Voss ligg i hjartet av Fjord-Noreg, midt mellom Bergen, Hardangerfjorden og Sognefjorden. Kommunen har om lag innbyggjarar og er eit knutepunkt for buss og tog. Voss har blitt verdskjend som ekstremsportbygda, og her kan du prøva deg på alt frå fallskjermhopping til rafting i trygge omgjevnadar. På sommaren kan du boltra deg på utallege vandreruter i Vossefjella, og på vinteren har du to skisenter å velja mellom. Voss Gondol, som startar på togstasjonen og tar deg rett til fjells, går heile året.
For stillinga er det krav om dokumentert midlertidig legelisens, og særs god mestring av norsk, skriftleg og munnleg. Vedkomande som får tilbod om tilsetjing må legge fram godkjend politiattest (vandel) jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
Arbeidsgivar:
Helse Bergen HF
Stillingstittel:
Medisinstudent med lisens
Stillingar:
1
Tilsetjingsform:
Engasjement
Stillingsprosent:
30
Webcruiter-ID:
Startdato:
Sluttdato:
Del på X
Del på Facebook
Arbeidsoppgåver
- Legeundersøkingar av pasientar
- Medisinkontrollar
- Oppfølging av pasientar som er i utgreiing/behandling
Kvalifikasjonar
- Legestudent med lisens
- Norsk autorisasjon
Personlege eigenskapar
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Høg fagleg og fagetisk medvit
- Empatisk og respektfull i møte med pasientar og pårørande
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø
- Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Lønn iht gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Meiningsfulle og fagleg engasjerande arbeidsoppgåver
- Moglegheit til fagleg og personleg utvikling
- Rettleiing av overlege
- Delvis fleksibel arbeidstid
- Moglegheit for reisetid i arbeidstid ved pendling
- Nye og flotte lokale
- Fjell og vakker natur rett utanfor kontordøra din
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Adresse:
Gurid Almenningens Plass 1, 5700 Vossevangen, Norge
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Marianne Stordal Røynesdal
Seksjonsleiar
Telefon:
E-post:
marianne.stordal.-
Om arbeidsgivaren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 375,000 - 450,000 per yearOm stillingaDet er frå snarast ledige stillingar som tilkallingsvikar for medisinstudent med lisens ved Kysthospitalet i Hagevik, Helse Bergen HF. Det kan og vere mogleg for sommarvikar etter nærare avtale. Kysthospitalet i Hagevik er eit elektivt spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi. Pasientgruppene treng i hovudsak ryggkirurgi, protesekirurgi eller...
-
Bergen, Vestland, Norway DeepOcean Full timeVårdbemanning NorgeBergen, BjørnafjordenOm jobbenVårdbemanning Norge søker medisinstudenter til kommunale oppdrag. Få verdifull erfaring, fleksible arbeidsperioder og svært gode betingelser. Jobb i et trygt og profesjonelt miljø med meningStillingstittelMedisinstudentOppstartEtter avtaleType ansettelseVikariat, deltid 20%ArbeidstidDagtid, kveld og...
-
m/lisens
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 100,000 - 120,000 per yearOm stillingaDet er frå januar 2026 ledig eit 6 månaders vikariat i ortopedisk kirurgi for Cand. med. eller med lisens ved Kysthospitalet i Hagevik. Arbeidsoppgåver innan ortopedisk kirurgi. Helse Bergen, Ortopedisk klinikk inkluderer Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus samt Kysthospitalet i Hagevik. Kysthospitalet i Hagevik er eit...
-
Sjukepleiestudent/ Medisinstudent
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 400,000 - 600,000 per yearOm stillingaØnsker du å vere med å vidareutvikle det spesialiserte palliative tilbodet ved Haukeland universitetssjukehus? Vi har ledig 1 x 20% fast helgestilling i todelt turnus for sjukepleiar-/ medisinstudent ved palliativ sengepost.Palliativt senter består av palliativ sengepost og palliativt team, og er ein del av Smerte- og palliasjonsavdelinga...
-
Student uten lisens
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Alliance Healthcare Full time 350,000 - 450,000 per yearOur team members are at the heart of everything we do. At Cencora, we are united in our responsibility to create healthier futures, and every person here is essential to us being able to deliver on that purpose. If you want to make a difference at the center of health, come join our innovative company and help us improve the lives of people and animals...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 350,000 - 550,000 per yearOm stillingaVoss sjukehus har ledig 20% fast stilling som pleieassistent i medisinsk seksjon, sengepost. Me søkjer deg som har relevant erfaring innan helse. Dersom du til dømes er sjukepleiarstudent vil ei slik stilling gje deg erfaringar som du vil dra nytte av i utdanninga og inn i arbeidslivet. Lat ikkje denne moglegheita gå ifrå deg Medisinsk...
-
Daglig leder
6 days ago
Greater Bergen Region, Norway RegioX AS Full time 600,000 - 800,000 per yearRegioX er et teknologiselskap som utvikler programvare og tjenester for datainnsamling, kartlegging og visuell dokumentasjon av bygg og infrastruktur. Vi kombinerer dronebasert datafangst, bildebehandling og 3D-modellering for å gi aktører innen eiendomsforvaltning og bygg- og anleggssektoren et bedre grunnlag for drift, vedlikehold og...