Er du vår nye overlege i psykiatri?

7 days ago


Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time 600,000 - 800,000 per year


Om stillinga

Som overlege hos oss vil du bli ein viktig del av eit miljø som både forventar mykje av deg – og gir deg mykje tilbake. I Psykosepoliklinikken møter du ein kvardag der fagleg tyngde, tett samarbeid og kontinuitet i behandling står sentralt.

Psykosepoliklinikken er ei stor, spesialisert og fagleg sterk eining som utreder og behandlar personar med psykoseproblematikk. Vi dekkjer heile forløpet frå tidleg oppdaging av psykose til langvarig oppfølging av pasientar med kroniske psykosetilstandar. Poliklinikken har òg ansvar for oppfølging av pasientar som er underlagt tvunge psykisk helsevern utan døgnopphald (TUD) i Haugaland DPS sitt opptaksområde.

Poliklinikken tilbyr eit breitt spekter av behandlingstilnærmingar, inkludert medikamentell behandling, psykoterapi, familiearbeid, musikkterapi, IMR-grupper (Illness Management and Recovery) og livsmeistringsgrupper. Vi har både eit ACT-team i samarbeid med Haugesund kommune og eit FACT-team som følgjer opp pasientar i seks andre kommunar. Vi samarbeider tett med NAV om Individuell jobbstøtte (IPS), som er ein integrert del av behandlingstilbodet.
Psykosepoliklinikken er involvert i eit omfattande kvalitetsforbetringsarbeid og vi har blant anna eit eige utgreiingsteam med behandlerne i poliklinikken som arbeider med brei differensialdiagnostikk og tett samanheng mellom utgreiing, diagnose og behandlingsplanlegging.

Psykosepoliklinikken driv ein eigen sengepost der dei same behandlarane frå poliklinikken følgjer pasientane under innlegging. Dette gir eit samanhengande og heilskapleg behandlingsforløp der pasientane møter dei same fagpersonane både poliklinisk og under døgnopphald. Døgnposten ligg samlokalisert med ein ordinært drifta psykosepost med eige behandlarteam. 

Psykosepoliklinikken er del av eit solid tverrfagleg miljø med overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, legar og psykologar i spesialisering, samt høgskuleutdanna fagpersonar med vidareutdanning. Verksemda er lokalisert i både Haugesund, og i Haugaland DPS sine lokaler i Kopervik. 

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

Arbeidsgivar:

Helse Fonna HF

Stad:

Haugesund

Stillingstittel:

Overlege i psykiatri

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

Sosial deling :

Del på X

Del på LinkedIn

Del på Facebook

Del på e-post

Kva går jobben ut på?

  • Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar
  • Tverrfaglig klinisk arbeid i team
  • Rettleiing og internundervisning 
  • Moglegheit for deltaking i felles bakvaktsordning med Haugesund sykehus
  • Deltaking i samhandling med pårørande, kommunehelsetenesta og andre samarbeidspartar


Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon
  • Godkjent spesialisering i psykiatri
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad


Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • ser pasienten
  • er strukturert
  • har gode kommunikasjonsevner
  • er ein god teamarbeidart
  • trivst i eit aktivt miljø med varierte utfordringar
  • har gode samarbeidsevner


Vi tilbyr

  • En arbeidsplass som er i inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Kompetanseutvikling og vidareutdanning 
  • Moglegheitfor deltaking i prosjekt og kvalitetsutvikling 
  • Sterkt fagleg fellesskap med godt arbeidsmiljø

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden



Adresse:
Floraveien 75, 5535 Haugesund, *** Ikke valgt ***



Opne vegbeskriving

(i ny fane)



Kontaktinformasjon

Endre Bø Blindheim

avdelingsoverlege

Telefon:

Louise Sandve

Funksjonsleiar

Telefon:

E-post:
Louise.-

Håvard Wester Breistein

Avdelingsleiar

Telefon:

E-post:

Om arbeidsgivaren

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her 




  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time 600,000 - 900,000 per year

    Om stillinga Vil du bli psykiater og bidra til å styrkja tilbodet til pasientar med psykiske lidingar?Hos oss får du eit trygt og utviklande spesialiseringsløp med fast stilling heile vegen.Du får brei erfaring gjennom delt praksis ved Haugesund sjukehus og Haugaland DPS.Du blir ein del av eit fagmiljø med tett samarbeid mellom psykologar, somatikk og...


  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time 550,000 - 700,000 per year

    Om stillinga Har du lyst til å bli ein del av teamet på ei spennande, energisk og varierande avdeling?Då kan hemato/endo/infeksjon vere rette staden for deg. Vi er ei medisinsk sengepost med 16 plassar og tre ulike fagfelt – her får du jobbe breitt og variert innan både hematologi, endokrinologi og infeksjonsmedisin. I løpet av 2027 gler vi oss til...

  • Overlege geriatri

    7 days ago


    Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time 1,000,000 - 1,500,000 per year

    Om stillinga Er du vår nye geriater?Helse Fonna HF omfattar fire sjukehus i Haugesund, Stord, Odda og Valen, samt fire distriktspsykiatriske senter (DPS). Vi har over 4000 tilsette som alle arbeider målretta for å gi best mogleg behandling og omsorg til pasientane våre. Helse Fonna dekkjer 19 kommunar med om lag innbyggjarar.Våre tilsette er vår...

  • Overlege

    5 days ago


    Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time 500,000 - 1,500,000 per year

    Om stillinga Nysgjerrig på en medisinsk karriere i Norge?I Helse Fonna jobber du på moderne sykehus – og tilbringer fritiden din i fjellet, ved fjorden eller sammen med familien. Vi ser nå etter leger som ønsker begge deler: en profesjonell karriere med en meningsfull jobb og god balanse mellom arbeid og fritid.Øyeavdelingen ved Haugesund sjukehus har...


  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time

    Om stillinga Vil du bli vår nye overlege innan kardiologi?Fagområdet kardiologi er organisert under Hjarte- og lungeavdelinga, som er ein del av medisinsk klinikk. I dag har vi ni sengeplassar og dekkjer dei fleste fagområda innan hjartesjukdomar – med unntak av invasiv kardiologi og nokre spesialiserte undersøkingar. Eininga har òg ansvar for...


  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time 500,000 - 600,000 per year

    Om stillinga Kva med ein jobb der du får både topp moderne teknologi og med storslagen utsikt over sjø og byliv frå sørvestblokka?Vi ser etter ein engasjert fagingeniør til fast stilling i dagturnus.Hos oss vil du jobbe på dagtid, men òg delta i turnus med laurdags- og heilagdagsvakter. Desse vaktene fordeler vi jamt mellom bioingeniørane i...


  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna Full time 600,000 - 800,000 per year

    Om stillingaEr du vår nye alderspsykiater / spesialist i alderspsykiatri?Helse Fonna HF består av fire sjukehus i Haugesund, Stord, Odda og Valen, samt fire distriktspsykiatriske senter (DPS-ar). Vi har over 4 000 medarbeidarar som alle jobbar målretta for å gi best mogleg behandling og omsorg til pasientane våre. Helse Fonna dekkjer 19 kommunar med om...


  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna Full time 325,000 - 425,000 per year

    Om stillingaHos oss på Dialogsenteret ved Haugesund sjukehus får du ein jobb der du verkeleg betyr noko. Du er den som møter pasientar og pårørande – både ansikt til ansikt og på telefonen – finn løysingar når timar må endrast, og sørgjer for at ting flyt mellom poliklinikkane og resten av sjukehuset.Turnus med dag, kveld, natt – og kvar...


  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time 80,000 - 160,000 per year

    Om stillinga Og vil du vere med og gjere ein forskjell - kvar einaste dag? Då må du bli ein del av vårt engasjerte team ved barne- og ungdomsavdelinga. Vi søkjer to engasjerte og fagleg sterk sjukepleiar til fast 8o %  stilling. Her får du ein meiningsfull arbeidskvardag med små pasientar og store augeblikk.Barne- og ungdomsavdelinga ved Haugesund...


  • Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time

    Om stillinga Vi har no ledig ei fast 50 % stilling som sjukepleiar. I tillegg har vi ledig eit 50 % vikariat. Hos oss får du jobbe tett på pasientar som treng både akutt behandling og tidleg rehabilitering. Kvardagen er variert, og du blir ein del av eit tverrfagleg team med fysioterapeutar, ergoterapeutar, logoped og flinke kollegaer som jobbar tett...