Er du vår nye sjukepleiarkollega?
1 week ago
Om stillinga
Har du lyst til å bli ein del av teamet på ei spennande, energisk og varierande avdeling?
Då kan hemato/endo/infeksjon vere rette staden for deg. Vi er ei medisinsk sengepost med 16 plassar og tre ulike fagfelt – her får du jobbe breitt og variert innan både hematologi, endokrinologi og infeksjonsmedisin. I løpet av 2027 gler vi oss til å flytte inn i splitter nye lokale. Då skal endo/infeksjon slå seg saman med gastro/nefro, medan hematologisk blir ei eiga avdeling.
Hos oss tek vi imot pasientar med samansette og komplekse helseutfordringar innan indremedisin - særleg blodsjukdomar, diabetes, sår og spesielle infeksjonar som tuberkulose, hjernehinnebtennelse, betennelse på hjerteklaffar og visse tropesjukdommar.
Teamarbeid står i hjartet av alt vi gjer, og ulike yrkesgrupper jobbar tett saman for å levere topp kvalitet i pasientbehandlinga.
Med to fagsjukepleiarar, tillitsvald, verneombod, fasilitatorar og kollegastøtte har vi eit robust og kunnskapsrikt fagmiljø som stadig sikrar høg kvalitet i vårt arbeid.
Avdelinga vår er ein glimrande plass for både fagleg vekst og personleg utvikling, og du vil bli ein del av eit fellesskap som stolt har vunne pris for godt arbeidsmiljø fleire gonger.
Ønskjer du ein variert arbeidskvardag der du får lære nye ting å utfordre deg sjøl? Då må du søke hos oss
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
Arbeidsgivar:
Helse Fonna HF
Stad:
HAUGESUND
Stillingstittel:
Sykepleier
Stillingar:
1
Heiltid / Deltid:
Heiltid
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
Sosial deling :
Del på X
Del på LinkedIn
Del på Facebook
Del på e-post
Kva går jobben ut på?
- Utredning, behandling og pleie av pasientar
- Medikamenthåndtering
- Bruk av medisinsk teknisk utstyr
- Gi god omsorg og oppfølging av pårørande
- Opplæring og veiledning av studentar og nytilsette
- Arbeid i tverrfaglege grupper
- Samarbeid med kommunar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisert sjukepleiar.
- Det er ein fordel om du har erfaring og/eller vidareutdanning innan kreftomsorg, infeksjon, diabetes, sårbehandling eller psykisk helsevern.
- Må ha gode IKT-kunnskapar.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- kan arbeida godt både sjølvstendig og i team
- tilpassar deg lett, er løysningsorientert og fleksibel
- har god arbeidsmoral, ståpåvilje og er ansvarsbevisst
- kommuniserar godt med pasienter, pårørende og kollegaer
- har motivasjon og interesse for fagfelta
- bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- har god vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- trivst med å arbeida i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
Personlege eigenskaper vert vektlagd.
Kvifor velje oss
- Som nytilsett får du et opplæringsprogram på minimun 2 uker slik at du skal føle deg trygg og ivaretatt
- Årsturnus med rom for involvering og god forutsigbarhet
- Fire kursdager i turnus og jevnlige simuleringstreninger kvart år
- Eit godt arbeidsmiljø med fokus på sosialt samspel
- Forbetringsarbeid og rom for å ta eigarskap til ansvarsområder
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA)
Dersom ønske om fortrinnsrett må dette oppførast i søknaden
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Adresse:
Karmsundgata 120, 5528 HAUGESUND, Norge
Opne vegbeskriving
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Elisabeth Eilerås Bertelsen
Funksjonsleiar
Telefon:
Om arbeidsgivaren
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her
-
Er du vår nye helsefagarbeidarkollega?
45 minutes ago
Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna Full timeOm stillingaHar du lyst til å bli ein del av teamet på ei spennande, energisk og varierande avdeling?Då kan hemato/endo/infeksjon vere rette staden for deg og vi har for tida eit ledig vikariat i 100% stilling for deg som er helsefagarbeider.Vi er ei medisinsk sengepost med 16 plassar og tre ulike fagfelt – her får du jobbe breitt og variert innan...
-
Er du vår nye helsefagarbeidarkollega?
28 minutes ago
Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full timeOm stillinga Har du lyst til å bli ein del av teamet på ei spennande, energisk og varierande avdeling? Då kan hemato/endo/infeksjon vere rette staden for deg og vi har for tida eit ledig vikariat i 100% stilling for deg som er helsefagarbeider. Vi er ei medisinsk sengepost med 16 plassar og tre ulike fagfelt – her får du jobbe breitt og variert innan...
-
Er du vår nye Serviceelektriker?
57 minutes ago
Haugesund, Rogaland, Norway Norelco Elektro Full timeSom serviceelektriker hos oss vil du få varierte oppgaver og arbeide med selvstendige typer serviceoppdrag for bedriftsmarkedet. I jobben er du ansvarlig for planleggingen, samordne og utføre oppdrag. Som serviceelektriker vil du blant annet arbeide med:Installasjoner og serviceoppdrag hos næringskunderFeilsøkning og velikehold av tekniske...
-
Er du vår nye Serviceelektriker?
47 minutes ago
Haugesund, Rogaland, Norway Norelco Elektro Full timeSom serviceelektriker hos oss vil du få varierte oppgaver og arbeide med selvstendige typer serviceoppdrag for privatmarkedet. I jobben er du ansvarlig for planleggingen, samordne og utføre oppdrag. Som serviceelektriker vil du blant annet arbeide med:Installasjoner og serviceoppdrag hos privatkunderFeilsøkning og velikehold av elektriske anleggTeknisk...
-
Er du vår nye overlege i psykiatri?
1 week ago
Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time 600,000 - 800,000 per yearOm stillinga Som overlege hos oss vil du bli ein viktig del av eit miljø som både forventar mykje av deg – og gir deg mykje tilbake. I Psykosepoliklinikken møter du ein kvardag der fagleg tyngde, tett samarbeid og kontinuitet i behandling står sentralt.Psykosepoliklinikken er ei stor, spesialisert og fagleg sterk eining som utreder og behandlar...
-
Vil du bli vår nye fagingeniør?
1 week ago
Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time 500,000 - 600,000 per yearOm stillinga Kva med ein jobb der du får både topp moderne teknologi og med storslagen utsikt over sjø og byliv frå sørvestblokka?Vi ser etter ein engasjert fagingeniør til fast stilling i dagturnus.Hos oss vil du jobbe på dagtid, men òg delta i turnus med laurdags- og heilagdagsvakter. Desse vaktene fordeler vi jamt mellom bioingeniørane i...
-
Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna Full time 325,000 - 425,000 per yearOm stillingaHos oss på Dialogsenteret ved Haugesund sjukehus får du ein jobb der du verkeleg betyr noko. Du er den som møter pasientar og pårørande – både ansikt til ansikt og på telefonen – finn løysingar når timar må endrast, og sørgjer for at ting flyt mellom poliklinikkane og resten av sjukehuset.Turnus med dag, kveld, natt – og kvar...
-
Er du barnesjukepleiar eller sjukepleiar?
1 week ago
Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full time 80,000 - 160,000 per yearOm stillinga Og vil du vere med og gjere ein forskjell - kvar einaste dag? Då må du bli ein del av vårt engasjerte team ved barne- og ungdomsavdelinga. Vi søkjer to engasjerte og fagleg sterk sjukepleiar til fast 8o % stilling. Her får du ein meiningsfull arbeidskvardag med små pasientar og store augeblikk.Barne- og ungdomsavdelinga ved Haugesund...
-
Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna Full timeOm stillingaFagutviklingssjukepleiar (20 %) – løft nevrofaget saman med ossNevrologisk avdeling søkjer ein engasjert fagutviklingssjukepleiar i 20 % stilling – gjerne med snarleg oppstart. Hos oss får du kombinere fagleg utvikling, kvalitetsarbeid og tett samarbeid i eit sterkt tverrfagleg miljø.Nevrologisk avdeling omfattar poliklinikk,...
-
Haugesund, Rogaland, Norway Helse Fonna HF Full timeOm stillinga Vi har no ledig ei fast 50 % stilling som sjukepleiar. I tillegg har vi ledig eit 50 % vikariat. Hos oss får du jobbe tett på pasientar som treng både akutt behandling og tidleg rehabilitering. Kvardagen er variert, og du blir ein del av eit tverrfagleg team med fysioterapeutar, ergoterapeutar, logoped og flinke kollegaer som jobbar tett...