Trainee - Berekraft

6 hours ago


Bergen, Vestland, Norway Vestland fylkeskommune Full time


Om stillinga

Vestland fylkeskommune skal ha eit effektivt, trygt og framtidsretta transportsystem som legg til rette for klima- og miljøvenleg mobilitet og berekraftig samfunnsutvikling. Dette inneber at fylkeskommunen skal vere ein pådrivar for å skape gode og framtidsretta løysingar der ein tilpassar infrastruktur til eit klima i endring, reduserer utslepp og tek vare på naturmangfald. Avdeling for infrastruktur og veg arbeider for trygge kvardagsvegar. Vi skal planlegge og bygge vegane våre slik at dei er sikre og tilpassa framtida. Kvardagsvegane er viktige vegar som bind menneske og lokalsamfunn saman.

Vi ser etter ein trainee til seksjonen Berekraft, som vil jobbe med klimatilpassing og klimaomstilling i planlegging av fylkesvegane. Stillinga er eit engasjement på eitt år.



Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

Arbeidsgivar:

Vestland fylkeskommune

Stad:

Bergen

Stillingstittel:

Trainee

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Trainee

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

Startdato:

Sluttdato:

Sosial deling :

Del på X

Del på LinkedIn

Del på Facebook

Del på e-post

Arbeidsoppgåver

  • Bidra inn i klima og miljøarbeidet på avdelinga
  • Arbeide med gode løysingar for å ivareta klima og miljø i tidleg fase av eit vegprosjekt
  • Arbeide med å få fokus på klimatilpassing i dei ulike fasane i vegprosjekt
  • Utarbeide kunnskapsgrunnlag


Kvalifikasjonar

Du må:

  • Ha relevant høgare utdanning, for eksempel mastergrad innan klima og miljø, planlegging eller samfunnsfag
  • Vere nyutdanna med maksimalt tre års erfaring etter studiar
  • Ha kunnskap om planprosessar og konskvensutgreiing
  • Beherske norsk som arbeidsspråk

Kunnskap innan følgjande område er ønskeleg:

  • Kunnskap om klimaomstilling og/eller klimatilpassing
  • Kunnskap om ytre miljø


Personlege eigenskapar

Vi ønskjer oss ein kollega med høge etiske standardar og som er motivert for å spele kollegaer på avdelinga gode. 

Stillinga inneber mykje samarbeid med andre, og du trivast du trivast med dette. Du må jobbe godt med andre ettersom stillinga inneber mykje samarbeid med kollegaer. Du har samfunnsinteresse og sterke analytiske evner. Det er viktig at du er ein god formidlar, både munnleg og skriftleg, og kan bruke digitale flater.



Vi tilbyr

  • Stillinga er knytt til traineeprogrammet Trainee Vest
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver.
  • Engasjerande og sterkt fagmiljø.
  • Fagsamlingar og sosiale arrangement.
  • Fleksibel arbeidstid og sommartid.
  • Mogelegheit for heimekontor etter avtale.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Løn i tråd med traineeordninga til Vestland fylkeskommune

Som deltakar i traineeprogrammet til Trainee Vest får du

  • Utviklingsprogram gjennom Trainee Vest

Traineestilling hjå oss føreset deltaking i Trainee Vest/Bergen Næringsråd sitt traineeprogram og Vestland fylkeskommune sine eigne traineesamlingar. Oppstartsdato for traineestilling føljer Trainee Vest sitt årshjul. 



Adresse:
Vestland fylkeskommune, Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen, Norge



Opne vegbeskriving

(i ny fane)



Kontaktinformasjon

Henrik Løseth Jansen

Seniorrådgjevar

Telefon:

E-post:

Jorunn-Elisabeth Stavø

Leiar

Om arbeidsgivaren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.



  • Trainee - Økonomi

    6 hours ago


    Bergen, Vestland, Norway Vestland fylkeskommune Full time

    Om stillingaNøkkelinformasjonSøknadsfrist: Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneStad:BergenStillingstittel:TraineeStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:TraineeStillingsprosent:100Webcruiter-ID: Startdato: Sluttdato: Sosial deling :Del på XDel på LinkedInDel på FacebookDel på e-post Arbeidsoppgåver Er du engasjert i berekraft og det...


  • Bergen, Vestland, Norway Vestland fylkeskommune Full time

    Om stillinga Vestland fylkeskommune satsar sterkt på internasjonalt samarbeid og vil styrkje arbeidet med EU-program som Horisont Europa og Erasmus+. Vi søkjer ein engasjert og lærevillig trainee som ønskjer å bidra til utviklinga av Vestland som ein grøn og innovativ region i Europa. For å vere ein attraktiv partnar må vi også synleggjere korleis...


  • Bergen, Vestland, Norway Vestland fylkeskommune Full time

    Om stillinga Er du interessert i digitalisering og innovasjon?Vestland står midt i ei spennande omstilling for å styrkje konkurransekrafta til næringslivet i fylket. Digitalisering og innovasjon er sentralt i denne omstillinga. No har du sjansen til å bli med og drive denne utviklinga framover I seksjonen for grøn næringsutvikling deltar du i to...