Trainee - Internasjonalt samarbeid

4 hours ago


Bergen, Vestland, Norway Vestland fylkeskommune Full time


Om stillinga

Vestland fylkeskommune satsar sterkt på internasjonalt samarbeid og vil styrkje arbeidet med EU-program som Horisont Europa og Erasmus+. Vi søkjer ein engasjert og lærevillig trainee som ønskjer å bidra til utviklinga av Vestland som ein grøn og innovativ region i Europa. For å vere ein attraktiv partnar må vi også synleggjere korleis regionen jobbar med berekraftige løysingar for framtida. I Vestland er det etablert 19 strategiske grøne hubbar med bedrifter som har gått i tet og jobbar med dekarbonisering, teknologiutvikling og industriell symbiose. Desse hubbane utgjer Vestlandsporteføljen. Traineestillinga vil vere kopla opp mot denne satsinga. Som trainee vil du være ein del av internasjonal gruppe i seksjon for forsking, kompetanse og internasjonalisering. Stillinga er eit engasjement på eitt år.



Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

Arbeidsgivar:

Vestland fylkeskommune

Stad:

Bergen

Stillingstittel:

Trainee

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Trainee

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

Startdato:

Sluttdato:

Sosial deling :

Del på X

Del på LinkedIn

Del på Facebook

Del på e-post

Arbeidsoppgåver

Som trainee hjå oss vil du

  • delta i mobilisering og støtte til aktørar i Vestland som vil søkje på Horisont Europa og Erasmus+, inkludert praktisk arbeid med planlegging og gjennomføring av arrangement
  • følgje med på og analysere EU-politikk som er relevant for Vestland fylkeskommune.
  • bidra til formidling av Vestlandsporteføljen 3.0, med vekt på kommunikasjon og synleggjering av prosjekt og satsingar.


Kvalifikasjonar

  • Utdanning på masternivå innan samfunnsfag, statsvitskap, internasjonale relasjonar eller liknande.
  • Nyutdanna med maksimalt tre års erfaring etter studiar
  • Kunnskap og interesse for EU-politikk og EU-program
  • Gode skriftlege og munnlege ferdigheiter i norsk og engelsk
  • Erfaring med kommunikasjon og informasjonsarbeid


Personlege eigenskapar

  • Engasjert og lærevillig
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team, og til å handtere fleire oppgåver samtidig.
  • Strukturert med god evne til å planlegge, prioritere og sikre fremdrift
  • Kreativ
  • Positiv og omgjengeleg


Vi tilbyr

Hos oss får du:

  • Ein unik sjanse til å lære om internasjonalt arbeid i offentleg sektor
  • Varierte oppgåver og høve til å bygge nettverk både nasjonalt og internasjonalt
  • Ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
  • Ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Løn i tråd med traineeordninga til Vestland fylkeskommune
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar

Som deltakar i traineeprogrammet til Trainee Vest får du

  • Utviklingsprogram gjennom Trainee Vest

Traineestilling hjå oss føreset deltaking i Trainee Vest/Bergen Næringsråd sitt traineeprogram og Vestland fylkeskommune sine eigne traineesamlingar. Oppstartsdato for traineestilling føljer Trainee Vest sitt årshjul. 



Adresse:
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen, Norge



Opne vegbeskriving

(i ny fane)



Kontaktinformasjon

Kathrin Jakobsen

seksjonssjef

Telefon:

Om arbeidsgivaren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.



  • Trainee - Berekraft

    4 hours ago


    Bergen, Vestland, Norway Vestland fylkeskommune Full time

    Om stillinga Vestland fylkeskommune skal ha eit effektivt, trygt og framtidsretta transportsystem som legg til rette for klima- og miljøvenleg mobilitet og berekraftig samfunnsutvikling. Dette inneber at fylkeskommunen skal vere ein pådrivar for å skape gode og framtidsretta løysingar der ein tilpassar infrastruktur til eit klima i endring, reduserer...

  • Trainee - Økonomi

    4 hours ago


    Bergen, Vestland, Norway Vestland fylkeskommune Full time

    Om stillingaNøkkelinformasjonSøknadsfrist: Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneStad:BergenStillingstittel:TraineeStillingar:1Heiltid / Deltid:HeiltidTilsetjingsform:TraineeStillingsprosent:100Webcruiter-ID: Startdato: Sluttdato: Sosial deling :Del på XDel på LinkedInDel på FacebookDel på e-post Arbeidsoppgåver Er du engasjert i berekraft og det...


  • Bergen, Vestland, Norway Vestland fylkeskommune Full time

    Om stillinga Er du interessert i digitalisering og innovasjon?Vestland står midt i ei spennande omstilling for å styrkje konkurransekrafta til næringslivet i fylket. Digitalisering og innovasjon er sentralt i denne omstillinga. No har du sjansen til å bli med og drive denne utviklinga framover I seksjonen for grøn næringsutvikling deltar du i to...


  • Bergen, Vestland, Norway The Directorate for Higher Education and Skills Full time 450,000 - 600,000 per year

    november 2025språk1" class="language-switch-container ng-hide">Norsk NynorskNorsk NynorskEr du engasjert i internasjonalt utdanningssamarbeid – og vil bidra til å utvikle kvaliteten i norsk utdanning?Ledig stilling som rådgivar/seniorrådgivar innan internasjonalt utdanningssamarbeidsøk stillingenOm stillinga og avdelingaVi søkjer ein strukturert og...


  • Bergen, Vestland, Norway The Directorate for Higher Education and Skills Full time 500,000 - 700,000 per year

    november 2025språk1" class="language-switch-container ng-hide">Norsk NynorskNorsk NynorskHar du lyst å jobbe med profilering i HK-dir?Ledig stilling innan profilering av Noreg som samarbeids- og studielandsøk stillingenOm stillinga og avdelingaDirektoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har ledig ei fast stilling som rådgjevar i avdeling...


  • Bergen, Vestland, Norway Dovre Full time 900,000 - 1,200,000 per year

    Arbeidssted: BergenOppstart: Senest Varighet: med opsjon på 1+1 årStillingsprosent: 60-80%FunctionBistå kontraktsoppfølgingsteamet i møter, med endringsavtaler og kontraktsoppfølgingDelta på reiser og møter (også utenfor vanlig arbeidstid)Håndtere faglige utfordringer i krysningen mellom sikkerhet, internasjonalt samarbeid, økonomi og...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time

    Om stillingaDette er stillinga for deg som ønsker ein kick-start på karrieren din som vernepleiar. Her får du ein spennande og utfordrande jobb og god fagleg utvikling.Haukeland universitetssjukehus har gleda av å lyse ut nye stillingar til traineeprogrammet for nyutdanna vernepleiarar med oppstart 15. juni Du får 100% fast jobb frå første arbeidsdag...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 400,000 - 600,000 per year

    Om stillingaHaukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Avdeling for rusmedisin Avdeling for rusmedisin (AFR) tilbyr tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) til pasientar med rus- og avhengigheitslidingar, inkludert speleavhengnad. AFR tilbyr ulike behandlingsformer;...


  • Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 400,000 - 600,000 per year

    Om stillingaPsykiatrisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe på natt/ til nattstillingar ved ulike einingar.Det er ledig 80% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk. Kandidatar vil bli tilsett i Psykiatrisk klinikk, pt ved ein av desse avdelingane:Avdeling for...


  • Bergen, Vestland, Norway BECKHOFF New Automation Technology Full time 600,000 - 800,000 per year

    Vi søker nå en salgsingeniør for å styrke vår tilstedeværelse på Vestlandet.Om stillingenSom salgsingeniør får du en sentral rolle i å utvikle og ivareta kunderelasjoner i regionen. Du blir en teknisk rådgiver og kommersiell partner for kundene våre – og får stor frihet til å bygge opp ditt eget kundeområde i samarbeid med erfarne kolleger i...