Sjukepleiar/vernepleiar

2 weeks ago


Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal Full time 450,000 - 550,000 per year

(i ny fane)

Om stillinga

Har du lyst å bli med og bygge opp eit nytt behandlingstilbod innan psykisk helsevern?

Psykose sengepost Sunnmøre søker ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar til 26% stilling på helg. Stillinga er for tida på natt, med arbeid kvar 4. helg.

Oppstart er 1. januar 2026.

Om Psykose sengepost Sunnmøre

Seksjonen tilbyr utredning og behandling til personar med psykoselidingar som har behov for døgnopphald. Vi arbeidar tverrfagleg i team som består av psykiater, psykologspesialist, LIS 3, vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar. Du blir ein del av eit fagmiljø med høgt fokus på kvalitet, samarbeid og utvikling. Vi har tett samarbeid med andre seksjonar i helseforetaket og med førstelinetenesta.

Seksjonen er ein del av Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre, som også omfattar:

Akutt psykisk helse Sunnmøre

Sikkerhetspsykiatri Sunnmøre

Allmennpsykiatri Sunnmøre

Spesialisert habilitering Sunnmøre

Alderspsykiatri Sunnmøre

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

Arbeidsgivar:

Helse Møre og Romsdal HF

Stillingstittel:

Sykepleiar/vernepleiar

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Deltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

26

Webcruiter-ID:

Startdato:

Arbeidsoppgåver

Som ansatt ved vår psykosepost vil du ha ei sentral rolle i å sikre heilheitleg og fagleg forsvarleg behandling for pasientane.

Du vil blant annet:

  • Arbeide målretta og lojalt etter oppsette behandlingsmål og individuelle tiltaksplanar
  • Halde deg fagleg oppdatert og følge gjeldande rutinar, prosedyrer og retningsliner
  • Delta i obligatorisk opplæring og trening i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk) for trygg handtering av utfordrande situasjonar
  • Inneha ansvarsvakt (gjeld primært sjukepleiarar og vernepleiarar), med ansvar for koordinering og beslutningsstøtte i det daglege arbeidet
  • Bidra aktivt til fagleg og organisatorisk utvikling gjennom forbetringsarbeid og fagmøter
  • Rettleie studentar, nyansatte og samarbeidspartnarar, og bidra til eit godt lærings- og arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar

Personlege eigenskapar

  • Erfaring fra psykisk helsevern er ein fordel
  • Interesse for arbeid med mennesker med psykoselidingar
  • Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe tverrfagleg
  • Sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Å vere personleg egna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attester og vitnemål skannes og lastes opp som vedlegg til din CV i søknadsportalen.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Adresse:

Ålesund sjukehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge

(i ny fane)

Kontaktinformasjon

Erik Sletten Helgesen

Seksjonsleiar

E-post:

erik.sletten.-

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal



  • Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal Full time 450,000 - 550,000 per year

    (i ny fane)Om stillingaVil du vere med å vidareutvikle seksjonen vår ved Akutt psykisk helse Sunnmøre?Akutt psykisk helse Sunnmøre har ledig to vikariat som sjukepleiar/vernepleiar. Eit vikariat på 100% og eit på 70%. For tida er stillinga i to-delt turnus (dag/ kveld) og arbeid kvar tredje helg. Oppstart frå Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre...

  • Miljøterapeut

    4 days ago


    Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal Full time

    (i ny fane)Om stillingaVi har no ledig 2 stk 30,65 % aktiv/passiv stillingar f.t. natt (arbeid kvar 4. helg) ved Avrusing rusbehandling TSB Ålesund. Oppstart etter avtale.Det er i stillinga totalt 8 vaker per måned. Ved ferieavvikling og høgtider vil ein ha aktive, men færre nattevakter. Stillingane har arbeidstid frå kl til Kviletid er frå kl og ein...

  • Helgestillingar

    1 week ago


    Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal Full time 450,000 - 550,000 per year

    (i ny fane)Om stillingaVil du vere med å vidareutvikle seksjonen vår ved Akutt psykisk helse Sunnmøre?Akutt psykisk helse Sunnmøre har ledige faste helgestilllingar frå 14% til 28 % med arbeid kvar tredje helg. For stillingar på 14-22 % er det arbeid dag og kveld medan i 28% er det arbeid på natt. Oppstart snarast/kan avtalast.Avdeling for...