Sjukepleiar/Vernepleiar
2 weeks ago
(i ny fane)
Om stillinga
Vil du vere med å vidareutvikle seksjonen vår ved Akutt psykisk helse Sunnmøre?
Akutt psykisk helse Sunnmøre har ledig to vikariat som sjukepleiar/vernepleiar. Eit vikariat på 100% og eit på 70%. For tida er stillinga i to-delt turnus (dag/ kveld) og arbeid kvar tredje helg. Oppstart frå
Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre inneheld 5 seksjonar: Sikkerhetspsykiatri, Almennpsykiatrisk , Akutt psykisk helse, Spesialisert habilitering Sunnmøre og Alderpsykiatri Sunnmøre.
Akutt psykisk helse Sunnmøre har 10 sengeplassar og 4 intensivplasser/skjermingsrom. Seksjonen tek imot pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp. Seksjonen tilbyr óg utgreiing og behandling av pasientar med psykiske lidingar som treng døgnopphald. Seksjonen har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med fyrstelinetenesta. Ved Akutt psykisk helse Sunnmøre arbeidar vi tverrfagleg i team som består av psykiater, psykolog, LIS 1 og LIS 3, vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
Arbeidsgivar:
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel:
Sykepleier/Vernepleier
Stillingar:
2
Heiltid / Deltid:
Heiltid, Deltid
Tilsetjingsform:
Vikariat
Stillingsprosent:
100, 70
Webcruiter-ID:
Startdato:
Sluttdato:
Arbeidsoppgåver
- Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer
- Obligatorisk kursing og trening i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk)
- Ansvarsvakt med dei oppgåver og ansvar det inneber
- Delta aktivt i seksjonen si utvikling
- Rettleiing (studentar og samarbeidspartar m.m)
- Medisinansvar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Ønskeleg med vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller anna form for vidareutdanning
- Erfaring frå akuttpsykiatri er ein fordel
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er god på samarbeid og kommunikasjon
- Du er god på å skape allianse med pasientane
- Du arbeidar sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med andre
- Du må vere fysisk og mentalt rusta til å handtere utagerande pasientar
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Adresse:
Ålesund sjukehus, Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Andreas Trædal
Seksjonsleiar
E-post:
andreas.-
Om arbeidsgivaren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
-
Sjukepleiar/vernepleiar
2 weeks ago
Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal Full time 450,000 - 550,000 per year(i ny fane)Om stillingaHar du lyst å bli med og bygge opp eit nytt behandlingstilbod innan psykisk helsevern?Psykose sengepost Sunnmøre søker ein engasjert og fagleg sterk medarbeidar til 26% stilling på helg. Stillinga er for tida på natt, med arbeid kvar 4. helg.Oppstart er 1. januar 2026.Om Psykose sengepost SunnmøreSeksjonen tilbyr utredning og...
-
Miljøterapeut
4 days ago
Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal Full time(i ny fane)Om stillingaVi har no ledig 2 stk 30,65 % aktiv/passiv stillingar f.t. natt (arbeid kvar 4. helg) ved Avrusing rusbehandling TSB Ålesund. Oppstart etter avtale.Det er i stillinga totalt 8 vaker per måned. Ved ferieavvikling og høgtider vil ein ha aktive, men færre nattevakter. Stillingane har arbeidstid frå kl til Kviletid er frå kl og ein...
-
Helgestillingar
1 week ago
Møre og Romsdal, Norway Helse Møre og Romsdal Full time 450,000 - 550,000 per year(i ny fane)Om stillingaVil du vere med å vidareutvikle seksjonen vår ved Akutt psykisk helse Sunnmøre?Akutt psykisk helse Sunnmøre har ledige faste helgestilllingar frå 14% til 28 % med arbeid kvar tredje helg. For stillingar på 14-22 % er det arbeid dag og kveld medan i 28% er det arbeid på natt. Oppstart snarast/kan avtalast.Avdeling for...