Overlege/spesialist i psykiatri ved Kronstad DPS, allmennpoliklinikk
6 days ago
Om stillinga
Bli ein del av det engasjerte teamet vårt – vi søker spesialist i psykiatri/overlege til den allmennpsykiatriske delen av verksemda ved Kronstad DPS.
Kronstad DPS er eit stort og veldrevet DPS sentralt plassert på Danmarksplass. Vi har eit godt legemiljø med faste legemøte kvar veke. Den allmennpsykiatriske verksemda ved Kronstad DPS er delt inn i ulike seksjonar, med behandling anten på døgnpost eller poliklinisk – i gruppe og individuelt. Den polikliniske verksemda går føre seg hovudsakleg ved to store allmennpoliklinikkar, ved gruppeeininga og i akutteamet vårt (seksjon for akutte tenester). I tillegg har vi fleire spennande prosjekt, som FACT allmennteam og ulike spesialiserte team innanfor allmennpoliklinikkane – mellom anna team for spiseproblem og affektivt team. Vi jobbar også med å etablere eit tilbod om ketaminbehandling til pasientar som ikkje har hatt nytte av anna behandling for depresjon.
Vi har behov for overlege i fleire av desse tilboda, og lyser no ut ei stilling der vi inviterer interesserte til å gå i dialog med oss for å forme ei rolle som passar både søkar sine interesser og våre behov. Det kan vere ei stilling knytt til ein bestemt seksjon (til dømes allmennpoliklinikk), eller ei kombinasjonsstilling der fleire delar inngår.
Vi har valt å gå for ei litt open og fleksibel utlysing, og håpar du vil gi oss anledning til å fortelje meir om kva vi driv med ved Kronstad DPS Alt etter kva du er mest interessert i, kan ulike leiarar og fagfolk bli med i dialogen.
Om du ikkje er heilt klar for å søke på bakgrunn av denne teksten, men kjenner på ein viss interesse, håpar vi du tar kontakt. Vi tilbyr gjerne ein uforpliktande samtale der du kan få vite meir.
Nøkkelinformasjon
Søknadsfrist:
Arbeidsgivar:
Helse Bergen HF
Stillingstittel:
Overlege ved Kronstad DPS
Stillingar:
1
Tilsetjingsform:
Fast
Stillingsprosent:
100
Webcruiter-ID:
Del på X
Del på Facebook
Arbeidsoppgåver
- Arbeid i seksjon og team etter nærare avtale
- Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar som har rett til prioritert helsehjelp
- Mogleg deltaking i spissa fagteam, prosjekt eller fagtilbud vil avklarast i dialog med den enkelte søkar
- Rettleiing av LIS-legar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjend spesialist i vaksenpsykiatri eller snart godkjend spesialist
- Erfaring frå poliklinikk og allmennpsykiatrisk verksemd er ein klar fordel
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid
- Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Må ha gode samarbeidsevner og kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Ha evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Vere fleksibel og personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø: Vi er stolte av det vennlege og støttande teamet vårt, der alle bidrar til eit miljø prega av entusiasme og respekt
- Fagleg utvikling: Vi søker å legge til rette for fagleg utvikling og kompetanseheving. Vi arrangerer jamnleg eigne fagdagar. Vi har internundervisning innan relevante og aktuelle tema
- Innovasjon i behandling: Vi er opptatt av å vere i front når det gjeld å utforske og implementere nye behandlingsmetodar, og oppmuntrar medarbeidarane våre til å bidra med idear og kunnskap
- Tverrfagleg samarbeid: Vi trur på styrken av teamarbeid og tilbyr ei tverrfagleg tilnærming der psykiatrar, psykologar, sjukepleiarar, og andre fagpersonar arbeider side om side for å sikre den beste behandlinga for pasientane våre
- Ved Kronstad DPS har vi eige nevroteam, spiseteam, FACT allmennteam, og vi søker å bygge opp eit forløp for affektive pasientar
- Det er søkt om midlar til eit behandlingsprosjekt med ketamin for deprimerte pasientar som ikkje har hatt nytte av annan behandling. Søknaden er innvilga, og prosjektet er no i ein oppstartsfase
- Gjennom prosjektet "Ny Poliklinisk Hverdag" har vi sett igang ein prosess for å sikre ein betre og tydelegare struktur i kvardagen for den einskilde medarbeidar, samtidig som det skal legge til rette for godt samarbeid mellom spesialistar og ikkje-spesialistar. Dette prosjektet legg og vekt på konkret undervisning i utvalde emne som vi har erfart er av stor betydning, spesielt for nye medarbeidarar. Det vil og innebere hospitering ved avdelingar internt og eksternt som vi har erfart det er viktig å ha kunnskap om og gode relasjonar med
- Lønn og oppstart etter avtale
Slik søker du:
Er du den engasjerte og fagleg dedikerte psykiatrispesialisten vi ser etter? Send oss søknaden din og CV via Webcruiter. Vi ser fram til å høyre frå deg og kanskje ønske deg velkommen til teamet vårt
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Adresse:
Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen, Norge
(i ny fane)
Kontaktinformasjon
Hallgeir Haaland
Overlege
Telefon:
E-post:
hallgeir.-
Per Birkhaug
Konst. seksjonsleiar
Telefon:
Om arbeidsgivaren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 900,000 - 1,200,000 per yearOm stillingaBli ein del av det engasjerte teamet vårt – vi søkjer spesialist i psykiatri/overlege til den allmennpsykiatriske delen av verksemda ved Kronstad DPSKronstad DPS er et stort og veldrevet DPS sentralt plassert på Danmarksplass. Vi har et godt legemiljø med faste legemøte kvar veke.Den allmennpsykiatriske verksemda ved Kronstad DPS er delt...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 600,000 per yearOm stillingaHaukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe innan Psykisk helsevern. Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta...
-
Overlege
5 days ago
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen HF Full time 650,000 - 1,750,000 per yearOm stillinga Vi søkjer no ein ny kollega som vil vere med å vidareutvikle eit heilskapleg og framtidsretta behandlingstilbod for ei kompleks pasientgruppe ved vår Lokale sikkerheitsavdeling. Klinikken er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen og består i dag av fem seksjonar: Regional sikkerheitsavdeling (RSA), Lokal sikkerheitsavdeling...
-
Assisterande Seksjonsleiar
5 days ago
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 450,000 - 600,000 per yearOm stillingaØnsker du nye utfordringar? Vi har ledig fast stilling som assisterande seksjonsleiar ved Kronstad allmenn døgn. Vi kan tilby deg ein spennande jobb i eit positivt, aktivt og målretta fagmiljø, der du kan få nytte den faglege og leiarmessige/administrative kompetansen du har tileigna deg. Kronstad Allmenn døgnbehandling tilbyr korte...
-
Overlegar i Fødselshjelp og Kvinnesjukdommar
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full timeOm stillingaKvinneklinikken søker overlegar Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er regionssjukehus for Helseregion Vest og sentralsjukehus for Vestland fylke. Vi har universitetsfunksjon og driv forsking innan fagområda gynekologi og fødselshjelp.Klinikken er delt inn i fødeavdelinga, gynekologisk avdeling (delt i seksjon for generell...
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 415,900 - 783,000 per yearUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Førsteamanuensis eller professor i helseøkonomiUniversitetet i...
-
Psykologspesialist
6 days ago
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 600,000 - 800,000 per yearOm stillingaBjørgvin distriktpsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Bjørgvin DPS er ein moderne og veldreven klinikk som gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy, samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har...
-
Plattformingeniør ved IT-avdelinga
12 hours ago
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full timeKunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.Om stillinga:Ver med å forme framtidas IT-teneste for forsking ved UiBVed...
-
Bergen, Vestland, Norway Universitetet i Bergen Full time 4,000,000 - 7,000,000 per yearUiB - Kunnskap som formar samfunnetUiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.UniversitetslektorVed Institutt for design, Fakultet for kunst,...
-
Bergen, Vestland, Norway Helse Bergen Full time 400,000 - 600,000 per yearOm stillingaHaukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Avdeling for rusmedisin Avdeling for rusmedisin (AFR) tilbyr tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) til pasientar med rus- og avhengigheitslidingar, inkludert speleavhengnad. AFR tilbyr ulike behandlingsformer;...